Start » Rhetorica Scandinavica » Rhetorica Artikelråb / CFP » Nordisk konferanse for retorisk forskning (NKRF 7)

Nordisk konferanse for retorisk forskning (NKRF 7)

av Kristian Bjørkdahl

Nordisk konferanse for retorikforskning #7 – Bergen 18-20 september 2019

NKRF er den viktigste konferansen for retorikk i Skandinavia, og samler forskere fra retorikk, filosofi, filologi, kulturstudier, litteraturvitenskap, medievitenskap og en rekke andre fag med interesse for språk og kommunikasjon.

Tema for årets konferanse er «Fred, konflikt og kommunikasjon».

Invitasjon – Call for papers

Den retoriske tradisjonen har alltid tematisert kommunikasjon i konflikt, og “retorikk” er sjølv eit omstridt emne og omgrep. Den allmenne interessa for retorikk ser ut til å vera særleg stor i ufredstider, og rolla retorikk spelar i sosiale, politiske og militære konfliktar er opphav til ulike vurderingar av retorikken. Retorikk er både eit stridsmiddel og eit middel til konfliktløysing. I slike samanhengar vert det tydeleg at også “fred” er eit omstridt omgrep. “Fred” kan stå for konfliktlaus idyll eller hardt tilkjempa konfliktløysing; å tala om fred kan handla om å tildekkja konfliktar, men også om siktemålet for artikulering og gjennomarbeiding av konfliktar. Om og på kva måtar konsensus eller konflikt er det mest grunnleggjande i kommunikasjon, er sentrale spørsmål både empirisk og teoretisk, og peikar på viktige samanhengar mellom retorikk, etikk og politisk teori. 

Det overordna emnet for NKRF7 gjev rom for historiske og aktuelle perspektiv, både empirisk og teoretisk, og inviterer til fleir- og tverrfaglege tilnærmingar. Aktuelle tema er mellom anna (men ikkje avgrensa til) 

Annonce
  • Retorikk i sosiale og politiske konfliktar 
  • Konsensus- og/eller konfliktorientert retorikk; ytringskultur og offentlegheit 
  • Retorisk bruk og misbruk av “fred” 
  • Retorikken til fredsrørsler; ikkjevald og retorikk 
  • Språkleg vald 
  • Konfliktar i og om den retoriske tradisjonen; “antiretorisk retorikk”
Biletet er frå ein invitasjon til kappleik som retorikklauget «De Violieren» i Antwerpen sendte ut i 1561. Rhetorica troner mellom Prudentia og Inventio; dygdene Pax, Charitas og Ratio kjem frå lyset, medan lastane Ira, Invidia og Discordia er på veg mot mørkret. Laugets motto «Wt Jonsten Versaemt» tyder noko slikt som «Samla i venskap». Foto: Wikimedia Commons

Keynote speakers

Bekreftede internasjonale «key-note speakers»:

Claudia Barrachi, Universita degli studi di Milano-Bicocca, IT

Dilip P. Gaonkar, Northwestern University, US

Jonathan White, London School of Economics, UK

Praktisk informasjon

Språk: Konferansens hovedspråk er de skandinaviske. Papers på engelsk kan godtas.

Abstracts: Individuelle papers: inntil 300 ord. Forslag til panelsesjoner: inntil 600 ord.

Epost for abstracts: NKRF7@uib.no 

Deadline for abstracts: 25. april 2019

Påmelding etc: meir informasjon kjem

You may also like

Kommentera

This website uses cookies to improve your experience. We'll assume you're ok with this, but you can opt-out if you wish. OK Læs mere