Ottar Grepstad: Georg Johannesens retoriske tanke
Essay.
Bibliografiskt
Författare: Ottar Grepstad
Rhetorica Scandinavica nr 39 (2006), s 52-62.
Essäet
”Du vant, men dere tapte.”
Det skreiv Georg Johannesen i ein av dei siste tekstane sine. Sitatet er henta frå ein dedikasjon i den siste boka hans, Eksil, utgitt seint på hausten 2005. Dedikasjonen skreiv han få dagar før jul til Lars Sponheim, leiaren i det norske liberale partiet Venstre. Kommunisten og liberalaren hadde treft kvarandre på Finse oppe på Hardangervidda, mellom aust og vest i Noreg, i fjor sommar.
Sponheim hadde reist til fjells for å trekkje pusten før innspurten i den norske valkampen fram mot stortingsvalet i september. Dei tre partia Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre sat då på fjerde året i regjeringa Bondevik, og Sponheim var ein av statsrådane. Venstre er det eldste partiet i Noreg, skipa i 1884, men i 1990-åra var partiet på veg ut av norsk politikk. Sponheim kunne trygt ta mykje av æra for at Venstre kom tilbake og sidan 1997 hadde vore i regjering i sju år av åtte år. I perioden 2001–2005 hadde partiet berre to stortingsrepresentantar, men tre statsrådar.
Sponheims velinformerte politiske analysar og jakt etter skarpe replikkar må ha passa Johannesen godt. På Finse 1222 m.o.h. blei Johannesen og Sponheim sitjande og resonnere og diskutere utover natta, og dagen etter tok dei fjellturen i lag. Med var også sambuaren til Georg Johannesen, Laila Aase, ei av dei fremste på det pedagogiske feltet i Noreg.
Ved stortingsvalet nokre månader seinare gjorde Venstre det beste valet sitt sidan 1969 og gjekk frå to til ti representantar i Stortinget. Partiet hadde vunne mange røyster på å vere det partiet som kunne vippe valet. Regjeringspartia mista likevel makta, og ein fleirtalskoalisjon tok over.
I dei fem orda i dedikasjonen hadde Georg Johannesen presist oppsummert situasjonen i norsk politikk hausten 2005: ”Du vant, men dere tapte”. Både i form og innhald er denne bokstavrimande antitesen ei typisk Georg-setning. Han samla gjerne fleire motsetnader mellom to punktum enn dei fleste maktar gjere i eit heilt liv.
Bøkene hans kan godt lesast som ein mosaikk av sitat. Det har då også mange gjort.1 Det merkelege er at han som sjølv brukte så mange sitat, gjorde seg sjølv vanskeleg å sitere. I skriftene hans er sitata så tett vovne inn i konteksten at dei rett og slett går i eitt med konteksten og blir kontekst.2 Utan denne konteksten bryt sitata ofte i hop og blir berre ein ytre staffasje. Dei fem orda i dedikasjonen måtte forklarast grundig for at dei skulle bli forståelege.
Same kor sakprosaisk forma tekstane hans er, og same kor fulle dei er av postulat og oppsummerande påstandar, så er dei likevel opne for tolking og treng nesten alltid utlegningar. Eg har altså ei anna oppfatning enn dei som meiner at Georg Johannesen knapt skreiv ei uklar setning.3 I hans tekstlandskap er det krevjande å vere turist.
Undervegs har eg fått auga på noko som kan vere eit signalement av forfattarskapen, ein tanke om ei linje av endring i denne sterke forfattarskapen, eit spørsmål om resepsjonen av tekstane hans, før det heile i beste fall endar i ein av dei retoriske posisjonane hans.4
Eit signalement av forfattarskapen
Georg Johannesen prenta dei første sakprosatekstane sine i 1954 og dei siste i 2005.5 Han publiserte altså sakprosa i vel femti år. Det tok lang tid før begrep og forståingsmåtar frå retorikken blei dominerande i skriftene hans. Det var i innleiingsessayet ”Om den norske skrivemåten” i boka med same tittelen frå 1981 at han for første gong tydeleg og uttrykt følgde retorikkens tankegangar. Tidlegare hadde dette tankegodset vore der meir som ein del av hans allmenne, dvs. sofistikerte klassiske danning.
Manglande uttrykt refleksjon over forholdet mellom form og innhald innebar likevel ikkje at dei tidlege tekstane var formlause, dvs. ordinære tekstar. Hausten 1954 samla Georg Johannesen sju underskrifter på sitt eige opprop mot å gå i fakkeltog for Albert Schweitzer, som var blitt tildelt Nobels fredspris det året. Det er ikkje mogleg å hylle Schweitzer utan å hylle vår eigen feigskap, meinte Johannesen, og alt der ser vi den skrivemåten som blei til eit vassmerke i prosaen hans.
Georg Johannesen var student då han laga dette oppropet. Etter kvart studerte han historie, engelsk og norsk ved Universitetet i Oslo. I 1960 tok han magistergraden i litteratur med ei avhandling om den norske poeten Olaf Bull. Om den stod det strid, og Johannesen bar nok den konflikten med seg vidare. Før dette hadde han i 1957 debutert som forfattar med romanen Høst i mars, og i 1959 følgt opp med samlinga Dikt 1959, som langt på veg blei eit paradigmeskifte i norsk poesi. Inn i arbeidet med retorikk og sakprosa tok Georg Johannesen difor med seg ein overveldande respekt som poet.
Mellom 1960 og 1969 var han lærar og forfattar, i perioden 1967–71 også folkevald i Oslo bystyre. I 1969 kom han til Nordisk institutt ved Universitetet i Bergen, og i Bergen blei han verande til sin døyande dag, frå 1996 som professor II i retorikk. I nordmannens tradisjon hadde Johannesen ikkje berre ei, men to hytter – ei på Majorstua i Oslo, og ei i Søndeled på Sørlandet, i landskapet til Aksel Sandemose.
Det er eit viktig trekk ved denne biografien at han gjorde sine mest spennande faglege arbeid i eit tidsrom då studenttala ved studiet i nordisk jamt over var svært høge. Ringverknadene blei deretter. Johannesen nådde langt ut ikkje berre av di han var fagleg rettleiar for mange, men også fordi så mange tok til seg dei forståingsmåtane han formidla.
Johannesen gav ut eitt skodespel, to romanar, tre kongebøker som var pastisjar over kongebøkene i Bibelen, og fire diktsamlingar. Han gjendikta også mykje poesi, særleg Bertolt Brecht frå tysk, og Tu Fu, men då ikkje frå kinesisk. Etter kvart utvikla han jamvel i målarkunsten eit like særmerkt modernistisk uttrykk som han gjorde i skrivekunsten sin, og han debuterte på Statens kunstutstilling i 1978.6 Sakprosaen hans er i hovudsak samla i ti bøker over tretti år, frå boka Om den norske tenkemåten i 1975 til Eksil i 2005. Desse ti bøkene inneheld bort imot 250 innlegg, artiklar og essay.
Frå innhald til form
Tekstane kom i bokform hulter-i-bulter. Å lese bøkene ei for ei gir difor ei anna innsikt i utviklinga i denne forfattarskapen enn å lese tekstane etter skrivetidspunkt. Den sistnemnde lesinga får meg til å spørje om det i denne forfattarskapen er mogleg å spore ei ganske eintydig rørsle frå innhald via innhald vs. form til form.
Det vil ikkje seie at innhald er utan form eller at form er utan innhald, men eg trur dominanten i dei ulike delane av forfattarskapen hans kan bestemmast slik. I innhaldsfasen er han argumenterande, i midtfasen opnande, i formfasen lukkande. Den tredelinga kan høyrast ut som ein konvensjonell og forenklande retorisk figur, som den sjølvsagt også er, men det er også eit forsøk på lese denne forfattarskapen på retorikkens premissar.
I den argumenterande innhaldsfasen frå 1954 til tidleg 1970-tal var han ein saksforfattar. Georg Johannesen meinte når som helst noko om kva som helst. I desse tekstane er dikotomien ein dominerande retorisk figur. Forfattaren søkjer tilslutning til sin eigen protest, politikk er eit anten-eller, og retorikk er ikkje noko tema.
Midtfasen femner om tidsrommet frå tidleg 1970-tal til slutten av 1980-åra. Når eg kallar denne fasen opnande, ligg det nok eit snev av sjølvbiografi i dette. På seminara og førelesingsrekkjene med oss som utgjorde den første generasjonen av retorikk- og essayistikkstudentar høyrde formidlingsverk av Jørgen Fafner, Gerhard Haas og Jan Lindhardt til grunntekstane – ikkje berre for studentane, men også for læraren. I det faglege oppbrotet frå det rådande litteraturstudiet frå 1960-åra opna dette dører ein knapt hadde visst om.7
Å skrive om retorikk hadde mange gjort før også i Noreg, men det særmerkte ved Johannesen var at han kombinerte si påminning om retorikken med ei ny litteraturforståing og samstundes oppgraderte sakprosaen.8 Særleg kunstprosaen viste han fram i eit nytt lys. Dikotomiane lever vidare, men tenkinga blir fleirdimensjonal og prega av kontrastar som ikkje går opp. Pamfletten Om Norges litteraturhistorie frå 1975, innleiingsessayet ”Holberg og essayet” i eit utval Holberg-essay i 1978 og kommentarsamlinga Rhetorica Norvegica frå 1987 ser iallfall eg på som høgdepunkt i Johannesens sakprosa.9
I desse og andre tekstar frå denne fasen finst det mange element, brokkar, utsegner og forståingsmåtar som den gongen var originale og som i dag er blitt nær sagt faste vendingar. Det har dei altså ikkje blitt i kraft av at dei jamleg er blitt siterte, men i kraft av sitt innhald. Mykje av det vi i dag kan ta for gitt iallfall i norsk litteratur- og tekstvitskap var det Georg Johannesen som gav oss.
Han skreiv slik dei færraste gjer han etter, sjølv om dei tekniske grepa ligg opp i dagen slik ein stein med ei helleristning kan liggje og lyse i ei vegskjering inntil einkvan ein dag brått ser det innlysande. Heller ikkje han kunne fornye seg gong på gong. Den retoriske skrivemåten han særleg utvikla mellom 1975 og 1987, blei seinare mest repetisjonar. For dei som hadde lese mykje av han, blei det lengre mellom overraskingane. Vi visste etter kvart kvar vi hadde han, kven han ville ta tak i, og korleis han ville gjere det. I så fall blei han langt på veg fanga av si eiga form.
På sett og vis er Rhetorica Norvegica frå 1987 eit sluttpunkt og dermed eit vendepunkt. I den boka reindyrka Johannesen den korte kommentaren. Stensilerte versjonar hadde vandra i korridorane på Universitetet i Bergen i fire år før dette blei bok.10 Denne samlinga av fragmentariske lesefrukter bugnar av kritiske sentensar inn imellom relevante og kuriøst utplukk. På kvar side møter lesaren ei ny bok saman med Johannessens kommentarar til og digresjonar omkring denne boka. I komposisjonen er boka lett tilgjengeleg og demokratisk ved at lesaren kan gå inn på kva side som helst. I teksturen er den like kompakt som tenåringens første sjølvstrikka gryteklutar. Sjølv dei kortaste av dei fortetta tekstane fører lesaren langt av stad.
Han dreiv langt frå noko importagentur av eldre eller nyare teoriar. Heller ikkje var han sjølv produsent av store teoriar. Han var først og fremst tolkaren, hermeneutikaren, som insisterte på verdien av å tenkje sjølv. Det var nok også det studentane hans tok med seg ut i livet.
At formfasen var der, kom symbolsk til uttrykk ved at Johannesen blei invitert til å vere med i fleire fjernsynsprogram av det lettare og underhaldande slaget. Dei kveldane er eg sikker på at sjåarane fekk med seg noko dei knapt ante dei kom til å tenkje på, men eg er like sikker på at denne kontakten var utvendig og at han for mange verka som ein klovn på linje med dei klovnane han mislikte så sterkt at det kunne minne om forakt.
Trass i at det aldri har vore lett å hente ut dei enkelte setningane og la dei tale for seg, blei Georg Johannesen med åra i større grad enn ein skulle tru var akseptabelt til dels forenkla til eit argument. Han blei meir eit fagleg argument enn eit politisk. Kan det kome av at han i tekstane sine går ganske tydeleg frå samfunn i retning av samfunn og tekst, og til sist tekst?11 Utover i 1990-åra ser det ut til at Johannesen gjekk over i lengre format, til både lange eller forlengde foredrag og uførlege, men framleis springande utgreiingar.12 I lengda røynde det på: Georg Johannesens retorikk kjem mest til sin rett i den skarpe, fyndige, korte kommentaren, der han set punktum lenge før lesaren er komen like langt.
Den aristokratiske resepsjonen
Når eg synest eg finn meir form, kan grunnen vere at eg sjølv følgde han mest som skrift dei siste femten åra. Å høyre Georg Johannesen var noko anna enn å lese han. Det var i den munnlege kulturens former hans eigen metode kom mest til sin rett. Georg Johannesen tenkte gjennom påstandar, prøvde ut kor langt dei bar og kva veg han no kunne gå, men slapp dei nesten alltid før han hadde følgt dei heilt fram. Han talte i tida, det var som om innsikta oppstod der då medan han bladde fram og tilbake i dei papirbunkane som til saman romma ei mogleg førelesing, og slik kunne tilhøyrarane sjå tenkinga ta form. Pausane undervegs skapte holrom i tekstane hans, og han prøvde aldri å få det heile til å gå opp. Der var alltid ein rest, noko som stod att. Denne restfaktoren rommar truleg nøkkelen til ei djupare forståing av Georg Johannesens sakprosa og retorikk.13
Å lytte til dette kunne vere ein svir. Å lese liknande tekstar kunne vere ei bør. Svært få, om nokon, av dei mange talane og foredraga hans er prenta slik han framførte dei. For meg var dei bearbeidde versjonane aldri like gode som dei munnlege. Som talar var Georg Johannesen ein autentisk retorikar: Han overtydde meir i tale enn i skrift.
Kanskje kan denne skilnaden mellom skrift og tale også forklare noko av det som har prega resepsjonen av denne forfattarskapen frå 1990-åra. Det er som om resepsjonen nærmast går motsett veg av utviklinga i forfattarskapen. Di meir tekstane nærma seg ei ytre form, di meir beundrande blei omtalane, iallfall blant dei som meinte seg å vere innanfor. Det skal godt gjerast å finne eit menneske som ikkje set pris på å bli hylla, men når den nyare resepsjonen av Johannesen har fått eit aukande preg av slik hylling, blir denne resepsjonen ei paradoksal stadfesting av eit grunntrekk i forfattarskapen. Substansen i hans sterke motvilje mot og basale kritikk av ytre form blei bekrefta gjennom resepsjonen av hans eiga form.
For meg er det vanskeleg å lese denne utviklingslinja utan å notere at det må ha vore stor skilnad på å vere den politiske forfattaren Georg Johannesen i 1960-åra og å vere den retoriske forfattaren Georg Johannesen i 1990-åra. Det som hadde skjedd i mellomtida, var at steinane i muren var blitt tekne laus, Muren var blitt overskriden, og den kommunistiske systemkritikken var hamna i miskreditt. Denne nye politiske konteksten gjorde det nok vanskelegare å lese heile innhaldet i hans analysar og skarpt retoriske argumentasjonar. Framleis var det likevel mogleg å la seg fascinere og irritere av forma.
Viss det då er noko i at Georg Johannesens sakprosaskrifter jamt over høver dårleg for sitat, og skriftene hans vegeterte på hans munnlege, fysiske og sterke nærvær, går nok delar av denne forfattarskapen ei tung tid i møte.
Den retoriske posisjonen
Den retoriske posisjonen til Georg Johannesen var den aristoteliske klokskapen og med det ei tenking om retorikk som eit humanistisk perspektiv på mennesket, slik vi kjenner dette både hos Cicero og frå renessansehumanistane og frametter.
I Nord-Europa kan dette sporast hos mange av nøkkelpersonane i faget i andre halvdel av 1900-talet. Walter Jens bygde opp ei tysk retorikkforsking der retorikk var retorikk og agitasjon var agitasjon, og aldri skulle dei to kunne møtast. For Jens følgde det av Joseph Goebbels’ dødsverk å etablere eit kategorisk skilje mellom den kloke retorikken og den effektsøkjande propagandaen.14 I dette låg eit livslangt forsøk på å realisere det han kalla dei radikaldemokratiske ideala.15 Den same humanistiske posisjonen finn vi hos danske Jørgen Fafner, som utan tvil var ein viktig premissleverandør for Johannesen særleg i 1970-åra.16 Eg finn den også tydeleg uttrykt hos den svenske retorikkforskaren José Luis Ramírez, som så sterkt har streka under dialogens verdi og retorikk som ein humanvitskapleg kunnskapsteori.17
Gong på gong streka også Georg Johannesen under det gode menneskets lærebod: Å snakke eller skrive godt er å tenkje klokt. Retorikk kan altså ikkje reduserast til kunsten å tale.
Likevel er der ein skilnad mellom Johannesen og fleire av dei sentrale nordeuropeiske retorikk-tenkjarane. I det meste av forfattarskapen sin er det den skriftlege retorikken Georg Johannesen drøftar. Der Jørgen Fafner såg på retorikk som intensjonell munnlegheit, søkte Georg Johannesen mot retorikk som funksjonell skriftlegheit. Det spesifikke ved talesjangeren og talesituasjonen blei sjeldan til noko meir enn generelle observasjonar i det han skreiv.
Parallelt med at Georg Johannesen og hans mange læresveinar – for ikkje å seie disiplar – bygde opp ei forståing av retorikk i si klassiske, dana form, dreiv det moderne mediesamfunnet fram den motsette posisjonen.18 Særleg frå 1990-åra blei dette synleg i norske media. Då tok aviskommentatorane til å lage oppslag om politiske talar der dei målte utvendige effektar av typen kor mange gonger talaren blei avbroten av applaus. Denne typen kommentarar blei etter kvart meir sofistikerte, og i dei siste norske valkampane har det vore vanleg å kåre vinnarar av kvar einaste tv-debatt. Den varige, djuptverkande overtydinga var blitt forveksla, eller erstatta, med den kortsiktige og ofte overflatiske overtalinga. Den utvendige retorikk-forståinga tok tilbake hegemoniet i det offentlege rommet frå den klassiske eller totale retorikk-tenkinga som fylte det akademiske rommet.
Det kan ikkje vere tvil om at Georg Johannesen i større grad påverka den norske tenkjemåten enn det ville vere rimeleg å vente at eit enkeltmenneske skulle kunne klare i andre halvdel av 1900-talet. Er det likevel slik at retorikaren vann, men retorikken tapte?
Som alle fortetta retoriske figurar løyser også denne bokstavrimande antitesen seg opp straks nokon får orden på bokstavane og innhaldet i ordet ”nyansar”. Mengda av retoriske spørsmål i dagens politikk og medieproduksjon må ikkje få oss til å gløyme at retorikk også er ein spørjekunst. Difor håpar eg at det er plass også til dette vesle spørsmålet, i form og innhald lånt frå Georg Johannesen, i den velfylte bagasjen frå nyare nordisk retorikkforsking.
Noter
1 Til dømes Bjørn Kvalsvik Nicolaysen: ”Skrivemåten”, i Georg Johannesen, forfattaravis til Dag og Tid 8.4.2006. Sjølv skreiv Johannesen at han ”tilsiktet en gammelhumanistisk sitatteknikk, der det ikke gjelder å gå til kildene, men til nærmeste spring” (Georg Johannesens Ekserpter. Retorikk og vitenskapslære for norskstudenter. Preliminær utgave. Eigenproduksjon, nr. 17, Bergen 1983, s. 4).
2 Noko anna er det med det som kan finnast i dei mange større og mindre intervjua med Georg Johannesen. Øyvind Rimbereid og Arnfinn Åsland redigerer i 2006 ei samling Johannesen-sitat nettopp med desse som kjelde, jf. Øyvind Rimbereid og Arnfinn Åslund: ”Einetale og dialog”, i Georg Johannesen, forfattaravis til Dag og Tid 8.4.2006.
3 Då Håkon Paulsberg gav ut cd-plata kong j med eigne melodiar til eit utval dikt av Georg Johannesen, skreiv Kjartan Fløgstad på plateomslaget: ”Som lesarane hans veit, har Georg Johannesen aldri skrive ein uklår setning. Språket er klårt, skarpt, motsetningsfylt, forståeleg. Det hentar retoriske grep frå store moralistar, og moralske tankar frå språklege strukturar. Han tar og lånar, brukar og kastar, og held fast.”
4 Georg Johannesens retorikk er særleg drøfta i Øivind Andersen, Jørgen Fafner og Kurt Johannesson: ”Georg Johannesens retorikkforskning”, i Arnfinn Åslund (red.): Johannesens bok, Oslo 1996, s. 310–331; Per Arne Michelsen: ”En apologi for fandens advokat”, same staden, s. 155–211.
5 Iallfall er den første teksten i Om den norske tenkemåten (1975) frå 1954.
6 Toril Brekke: ”Georg Johannesen”, Norsk Biografisk Leksikon, band 5, Oslo 2002, s. 114, og Per Meldahl: ”Ein uoppdaga og unik modernist i norsk målarkunst”, i Georg Johannesen, forfattaravis til Dag og Tid 8.4.20006.
7 Noko av det eg sjølv kom til då eg gjekk gjennom dei dørene, er å finne i essaysamlinga Retorikk på norsk (1988). Den same grunnforståinga prega også dei fem årgangane av det allmennkulturelle tidsskriftet Syn og Segn som eg redigerte 1984–88.
8 Ottar Grepstad: Det litterære skattkammer, Oslo 1997, s. 57f.
9 Då han kring 1995 søkte om å få godkjend professorkompetanse i retorikk, kalla han sjølv Rhetorica Norvegica ”mitt antatte hovudverk innenfor retorikk”, jf. Johannesens bok, Oslo 1996, s. 312.
10 Den første setninga er alltid viktig, også i Georg Johannesens Ekserpter (1983). Skriftet opnar med orda ”Arbeidsheftet består av ekserpter (utdrag, referrater, sitater, kommentarer) og forelesningsnotater”, og på side 4 skriv forfattaren at ”heftet er blitt til som ledd i egen etterutdanning, og dette momentet har jeg villet ta vare på i form og i innhold”.
11 Ottar Grepstad: ”Georg Johannesens dilemma”, i Norsk litteraturhistorie, band II, Oslo 1998, s. 466.
12 Tekstane hans har gjerne i munnleg form ved at dei er sette saman av meir eller mindre frittståande sekvensar, og sjeldan eller aldri følgjer eit tilnærma lineært, samanhengjande resonnement. I eit seminarinnlegg ”Om prædikenen” på Den 3. nordiske retorikk-konferansen streka Jan Lindhardt under dette nødvendige sekvenspreget ved foredrag og andre allmenne munnlege sjangrar.
13 I studiet av denne restfaktoren kan mange eldre og nyare sakprosateoriar og -analysar kome til nytte, til dømes Johan Tønnesson: Vitenskapens stemmer, Oslo 2001; fleire bidrag i Øivind Andersen og Kjell Lars Berge (red.): Retorikkens relevans, Oslo 2003; og eigne bidrag i blant anna Det litterære skattkammer, Oslo 1997.
14 Walter Jens: ”Rhetorik und Propaganda”, i Von deutscher Rede, München 1983, s. 23.
15 Barbara Gentikow: ”Walter Jens. Om retorikk, kunst og demokrati”, Rhetorica Scandinavica, nr. 17, 2001, s. 43.
16 Jørgen Fafner: Tanke og tale, København 1982, samanfatta og utdjupa i Jørgen Fafner: ”Retorikk og erkendelse”, Rhetorica Scandinavica, nr. 10, 1999, s. 32–39. Jf. også Charlotte Jørgensen: ”Mindeord” [om Jørgen Fafner], Rhetorica Scandinavica, nr. 33, 2005, s. 4–5.
17 José Luis Ramirez: ”Retorikk som humanvetenskaplig kunskapsteori”, Rhetorica Scandinavica, nr. 31, 2004, s. 42.
18 ”Læresvein” er nemninga som er brukt om Jesu apostlar i den nynorske omsetjingane av Bibelen frå 1921, 1938 og 1975. Då Det nye testamentet blei omsett på ny i 2005, var nemninga ”disippel” komen i staden, med den grunngivinga av dette er ei kjønnsnøytral nemning. For meg ligg det assosiasjonar til disiplin i det ordet som eg ikkje finn i ”læresvein”.
Liknande artiklar:
Affekts effekt
Mindeord, Jørgen Fafner
Kamp og konflikt
Retorik som förhandling
Bokmann og forfatter. Cand. philol. 1983 med hovedoppgave om kampsangene i den norske EF-striden 1970-72, publisert som Balladen om Europa (1985). Har i bokform gitt ut Retorikk på norsk (1988) og Det litterære skattkammer. Sakprosaens teori og retorikk (1997).