Intro: Retorik, sanser, følelser
Fred, konflikt og kommunikasjon , temanummer av Rhetorica Scandinavica, nr 81 (2020)
Bibliografiskt
Hans Marius Hansteen er førstelektor ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudier, Bergens universitet. Eirik Vatnøy er førsteamanuensis i retorikk ved Institutt for lingvistiske og nordiske studier, Universitetet i Oslo.
Dette temanummer er en udløber af den 7. Nordiske Retorikkonference i Bergen september 2019.
Rhetorica Scandinavica 81 (vol 24, 2020), s 10-13
Introduktionen
I september 2019 fann den 7. nordiske konferansen for retorisk forsking (NKRF7) stad i Bergen. Ifølgje fordommar som er allment utbreidde i Noreg, er bergensarane uvanleg kranglevorne, høgrøysta, storskrytande og umåteleg taletrengte. Det er iallfall slik at den som viser nokre av desse trekka i ein tale på den umiskjennelege bergensdialekten, utan vidare vert identifisert som typisk bergensar. Vi skal ikkje gå nærare inn på dette, det er sjølvsagt i utkanten av emnet for konferansen og den føreliggjande temautgåva av Rhetorica Scandinavica. Men likevel: I det bergenske talespråket finst det eit karakteristisk uttrykk som gjev inntak til sentrale problemstillingar. Det vert gjerne nytta for å stogga kjeften på folk, om dei er bergensarar eller utlendingar. Og vel å merka: Det er retorisk effektivt ved å peika på retoriske grunnvilkår.
Når nokon seier at «vi veit…», «vi meiner…», «burde vi ikkje…» eller «vi må jo innsjå/skjøna/verdsetja/avsky/gjera/unngå…», så kan ein svara dei med spørsmålet: kem e det du viar deg med no? Altså: Kven er dette «vi» som du gjev deg ut for å tala på vegne av? Reknar du meg med? Kvifor/kvifor ikkje? Er eg – eller andre du talar til (eller om) – del av dette «vi»? – Meir teknisk uttrykt: kven eller kva er det kollektivsubjektet som vert påkalla i den augneblinken ein tek i bruk første person fleirtal? Kva er grunnlaget for å bli rekna som del av det? Og motsett: Kva skjer når nokon vert stilt til veggs med den nærliggjande oppmodinga: snakk for deg sjøl! Då vert mange svar skuldig, som det heiter.
Når dette vert nemnt her og no, er det ikkje berre eller først og fremst av di den som skriv ein redaksjonell innleiing kan koma i tankar om kva som ligg i den konvensjonelle bruken av første person fleirtal i slike tekstar. Det skader vel ingen om det er uklårt om «vi» her står for Eirik Vatnøy og Hans Marius Hansteen, for institusjonen Rhetorica Scandinavica, for ei større eller mindre gruppe skribentar eller for ein førestilt fellesskap av skandinaviske retorikarar. Men vi (sic) har godt av å minna oss sjølv (sic) om visse grunnvilkår som mutatis mutandi gjeld både for kvardagsleg krangel og djup usemje, både for den vesle og den store politikken. Ein bodskap kjem aldri åleine, men vert boren fram av uttalte og uuttalte bodskapar om talaren og publikum, om verda, om tid og stad, stutt sagt: Om saka og situasjonen. Og situasjonen er ofte slik at det som samlar og det som splittar er to sider av same sak.
Den retoriske tradisjonen har alltid tematisert kommunikasjon i konflikt, og «retorikk» er sjølv eit omstridt emne og omgrep. Den allmenne interessa for retorikk ser ut til å vera særleg stor i ufredstider, og rolla retorikk spelar i sosiale, politiske og militære konfliktar er opphav til ulike vurderingar av retorikken. Retorikk er både eit stridsmiddel og eit middel til konfliktløysing. I slike samanhengar vert det tydeleg at også “fred” er eit omstridt omgrep. “Fred” kan stå for konfliktlaus idyll eller hardt tilkjempa konfliktløysing; å tala om fred kan handla om å tildekkja konfliktar, men også om siktemålet for artikulering og gjennomarbeiding av konfliktar. Om og på kva måtar konsensus eller konflikt er det mest grunnleggjande i kommunikasjon, er sentrale spørsmål både empirisk og teoretisk, og peikar på viktige samanhengar mellom retorikk, etikk og politisk teori.
«Fred, konflikt og kommunikasjon» var altså det overordna temaet for den 7. nordiske konferansen for retorisk forsking (NKRF7), som samla over åtti deltakarar. Dei seks artiklane som vert publisert her og no, utgjer sjølvsagt eit lite utval av alle innlegga som vart presenterte og diskuterte, men dei speglar likevel noko av breidda i konferansen – og dermed i den retoriske forskinga i Norden: Her er det historiske og aktuelle perspektiv, både empirisk og teoretisk; på kvar sine måtar syner dei òg korleis retorikk er eit fleir- og tverrfagleg forskingsfelt.
To av artiklane handlar eksplisitt om den retoriske tradisjonen: «Retorisk konstituering av en sag. Den græske tradition» og «Hovets sofister: Diplomati, retorik och representationens problem». Titlane peikar på sentrale teoretiske problemstillingar som òg er til stades i andre artiklar i dette temanummeret.
Carsten Madsen utviklar konstitusjonsproblematikken frå samanhengar mellom filosofien til Heraklit – «striden er alle tings far» – og den retoriske språktenkinga: ei «sak» er ikkje ein gjenstand utanfor språket, men eit emne for splid og usemje, eit «mellomverande», noko partane har saman i og med at dei strir om det. Gjennomgangen avdekkjer ei spenning mellom den konstituerande og den konstituerte striden, og mellom den retorikken som syner fram og den som skjuler den retoriske konstitusjonen – til dømes av eit «folk».
Saka kan òg vera gjenstand for forhandlingar. Kva skjer når dei som er part i saka, ikkje er til stades, men kommuniserer gjennom sendebod? Alexander Stagnell gjev eit riss av diplomatiets retorikkhistorie som byrjar allereie med sofistane. Den tilgjorte og ueigentlege talen som er eit kjenneteikn ved diplomatiet (ettersom diplomaten nettopp ikkje taler for seg sjølv) vert ein leietråd i utviklinga av ein allmenn representasjonsproblematikk. Også den som taler for seg sjølv kan gje seg ut for ein annan; kanskje er det ikkje til å unngå.
To av bidraga tek føre seg spørsmål og krig og fred gjennom punktnedslag i dansk politisk-retorisk historie. Ifølgje Marie Lund var fødselen til det danske demokratiet slett ikkje så fredeleg og harmonisk som den nasjonale forteljinga vil ha det til. Artikkelen «Orla Lehmanns Casinotale 1848» handlar om talen den liberale politikaren heldt ved eit avgjerande tidspunkt den 20. mars 1848; ein tale som i Lunds nærlesing framstår som eit skuleeksempel på retorisk manipulasjon. Artikkelen er ei påminning om at den agitasjonskrafta som er i stand til å samla og oppelda eit folk, ikkje naudsynlegvis er reieleg, og samstundes om at dei forteljingane som er med på å konstituera nasjonale identitetar nettopp er retoriske konstruksjonar.
I artikkelen «Antimilitaristisk retorik og metaforisk transcendens» tek Hanne Roer føre seg antimilitarismen til Viggo Hørup og Carsten Jensen antimilitarisme som uttrykk for politisk dissens. I kvar si samtid har desse markante røystene i dansk offentlegheit målbore kritikk av grunntrekk i den danske sjølvforståinga. Ut frå Rober L. Ivies handsaming av amerikansk krigsretorikk spør Roer om Hørup og Jensen òg har fungert som retoriske tricksters, med ein stil som kan overskrida dikotomiar og sprengja rammene for ideologiske fastlåste debattar. Det er likskapar mellom dei to retorikarane, men òg store skilnader i kven dei polemiserer mot og «viar» seg med. Analysen til Roer kastar dermed også lys over korleis krig – som realitet og retorisk omdreiningspunkt – endrar seg over tid.
I artikkelen «Att göra många til en – om populismens logik» presenterer Theodor Lalér og Martin Sundby Ernesto Laclaus retoriske forståing av populisme og drøfter relevansen den har for skandinavisk retorikkforskning. Laclau er mellom dei retorikarane i samtida som tek opp konstitusjons- og representasjonsproblematikken: At ei sak kan representera ei rekkje ulike krav og grupper, som dermed vert ei (folke)rørsle, er sjølve kjerna i populismens logikk. Vidare analyserer artikkelen kampanjen mot löntagarfonderna i Sverige på 1980-talet (og Sture Eskildsons retoikk) som døme på populistisk mobilisering. Det nyliberale oppbrotet frå det sosialdemokratiske hegemoniet framstår i lys av dette som eit døme på «sentrumspopulisme» – som lukkast med å flytta forståinga av kvar «sentrum» er å finna.
Først i temanummeret står ein lett omarbeidd versjon av Anders Johansen sitt plenumsføredrag «Kamp og konflikt», som byggjer på det monumentale arbeidet Komme til orde – politisk kommunikasjon 1814-1913, der politisk kultur vert sett som fordeling av retorisk makt og avmakt. Kva eigenskapar er det som gjer menneske i stand til å nytta dei politiske rettane sine – og kva spenningar har prega utviklinga av eit moderne retorisk medborgarskap som kan romme alle? Første delen av føredraget handlar om korleis politiske viljesuttrykk frå dei lågare klassane gjennom 1800-talet utviklar seg frå «talende handlinger» og fysisk konfrontasjon til erobring av språket og dei retoriske arenaene. Andre delen handlar om korleis «de beste i landet» sikra eit meiningsmonopol gjennom eit konsensusorientert og fornuftssentrert deliberasjonsideal som utelukka allmugen frå politikken. Tredje delen syner korleis denne modellen gradvis måtte vika for ein partipolitisk agitasjonskultur som har opinionen og ikkje meiningsmotstandarane som sitt retoriske publikum. Til sist framfører Johansen kva denne historiske erfaringa av «siviliseringen av den politiske striden» byr oss: at einskapen til ei gruppe føreset indre spenningar og kontrovers.
Dei avsluttande innsiktene til Johansen teiknar ein raud tråd gjennom dette temanummeret, og kling som eit ekko av dei mange faglege innlegga og samtalene som prega konferansedagane i Bergen: «Fred» er ikkje fråvere av konflikt, og «vi» er ikkje fråvere av spenningar, men eit rom der desse kan finna retorisk form.