Retorikk som didaktikk

 Aslaug Nyrnes

Retorikk som didaktikk

Didaktikkens allmenne topologi i Moralske Tanker av Ludvig Holberg.

I denne artikkelen presenterer Aslaug Nyrnes hovudgrepet i eit dr.grads-prosjekt ho arbeider med: Didaktikkens allmenne topologi i Moralske Tanker av Ludvig Holberg. Prosjektet inngår i det tverrfaglege Danningsprosjektet (Skole-KULT, Norsk Forskningsråd), som involverer forskarar frå historie, pedagogikk og litteraturvitskap. Ambisjonen til Nyrnes er å problematisere didaktikk som fagområde gjennom eit retorisk perspektiv. Prosjektet rokkar både ved tradisjonell pedagogisk forståing av didaktikk som fagområde, og ved andre fagfolks daglege forståing av didaktikk som berre ein skoleorientert disiplin. Dessutan problematiserer prosjektet det lineære kommunikasjonsparadigmet i retorikken.

Om artikeln
Ingår i: Rhetorica Scandinavica 2, 1997.
Artikel s 54-63

Icon

3297 147.54 KB 8 downloads

...

Om skribenten [1997]

❦ Aslaug Nyrnes er førsteamanuensis ved Avdeling for kunstfag og kommunikasjon, Høgskolen i Bergen, for tida dr.art.-stipendiat ved Nordisk Institutt, Universitetet i Bergen. Har gitt ut Det (ny)norske mennesket (1985), og publisert artiklar m.a. i Norsklæraren og Norsk Pedagogisk Tidsskrift. Redaktør for Norsklæraren 1991-92.

Fulltext:

Didaktikk betyr undervisningslære. Didaktikk er tradisjonelt eit etterhengt fagområde i universitetets topologi; det er formidlingsleddet i fag pluss formidling, gøymt bort i den “overgangskompetansen” ein får når ein tar pedagogisk seminar. Det er pedagogikkfaget som  gir premiss for korleis undervisningslæra er konstituert som fagområde. Slik følgjer det naturleg at det didaktiske forskingsterritoriet inneheld læreplanteori, emneorientert didaktikk, psykologi og metodikk.1

Men denne plasseringa av didaktikken har to viktige konsekvensar. For det første skjuler det at retorikk er vestens eldste pedagogiske tradisjon. Pedagogar i dag har knapt høyrt om Quintilians store undervisningslære. Faglitteratur i pedagogikk og retorikk har heilt ulike referanselister, retorikkens kjølege forfall har vorte avløyst av pedagogikkfagets varme blomstring. Konsekvensen av det er at teksten er borte frå pedagogikken, teksten er ein ikkje-problematisert storleik. Sjølv om alle pedagogar brukar språket, er det grunnlag for å hevde at dei er tekstnaive.

For det andre har det som konsekvens at didaktikk blir pedagogane sitt fagområde, og slik uvedkomande for alle som ikkje er interesserte i skolespørsmål. Slik gløymer også tekstvitarar og retorisk kunnige didaktikk som retorisk verkefelt, eller dei gøymer det bort under pedagogikk2. Men både forelesingar, artiklar for tidsskrift og vitskaplege arbeid kan, som vi erfarer, vere didaktiske katastrofer. Rett nok er pedagogen og didaktikaren ofte tekstnaiv, men den retorisk kunnige er også ofte didaktisk naiv. Ein ser ikkje at didaktikkens grunnlagstenking gjeld all slags formidling, ikkje berre den som er institusjonalisert og plassert innanfor skolens veggar.

Eit forskingsprosjekt som plasserer seg mellom etablerte faggrenser, stiller spesielle krav til konstruksjonen av forskingsobjektet. I forskingsarbeidet formulerte eg lenge opp­gåva til å vere å rykke teksten inn i sentrum av didaktikken. Det er ei oppgåve som ikkje er ukjent i litteraturpedagogikken.3 Radikalt blir det først når ein ser at for å utvikle den tanken må ein undersøke den didaktikken som er innskriven i teksten. Da blir ­teksten ikkje eit middel i didaktikken, men sjølve måtens vilkår. Først da får vi henta didaktikken “heim” til humaniora, etter at den lenge, også for morsmålspedagogane, har vore (over)styrt av ein forenkla samfunns­vitskapleg diskurs.

Val av Moralske Tanker som forskingsobjekt

I utgangspunktet kan det kanskje verke underleg å velje eit kairos, eit tekstpunkt frå 1744, Moralske Tanker av Ludvig Holberg, til eit slikt studium. Kvifor ha Moralske Tanker som utsiktspunkt for didaktikken? Mot­argumenta er lette å få auga på. Ein skulle ikkje tru det var noko å lære av Holberg når det gjeld didaktikk, han som visstnok sjølv skal ha vore ein elendig lærar.4 Men det er berre eit tilsynelatande paradoks. Både tekstteoretikaren, skribenten og pedagogen kan vere didaktisk naive, teksten er det ikkje. Gjennom Moralske Tanker brukar vi retorikken til å belyse retorikken i bruk, og slik får vi fram topologien ein didaktikar jobbar i. Da klarer vi oss utan lærarar og elevar for ei stund, da har vi meir enn nok med korleis dei som figurar er skrivne inn i teksten, inn i språkmaterialet sjølv. Det blir eit studium av didaktikkens retorikk ved hjelp av retorikkens didaktikk.

Eit anna motargument kunne vere at ­teksten ikkje er del av den pedagogiske kanon, slik som til dømes Rousseaus Émile, Hegels Åndenes fenomenologi eller Goethes Wilhelm Meister. Teksten er òg frå tida før danningsbegrepet festa seg som merkelapp, det var først mot slutten av 1700-talet at det tyske ordet Bildung vart brukt om menneskets utvikling i den sekulariserte verda.5 Til dette er å seie at prosjektet ikkje skal vere eit studium av danningas idéhistorie, men av danningas retoriske vilkår, slik desse nedfeller seg i skrift. Og da er vi ikkje berre interesserte i dei språklege formene som pedagogane kjenner: den saklege kunnskapsprosaen eller danningsromanen, konkretisert i den strenge Lille-Marius-logikkens6 og den varme fortel­lingas. Og eit dikt eller to i høve høgtidene i kyrkjeåret. Vi er interesserte i mangfaldet i det verbalspråklege registeret. Moralske Tanker representerer formmønster frå tida før sak vart stilunnvikande sakprosa, altså ordentleg sakleg, og fiksjon ikkje hadde vorte dikting. Teksten viser situasjonens språk, forholdet mellom det saklege, det narrative, det poe­tiske, teksten blir eit døme på slik praksis. Arbeidshypotesen er den at alle tekstar er ­prega av tekstars felles retoriske vilkår. Formmønstera frå retorikken ligg i tekstens rygg­rad. Moralske Tanker blir kalla ei essay­samling, og essayet reflekterer over forholdet mellom formene, og er slik ei etterlikna didaktisk handling. Didaktikk kan nemleg sjåast som klassisk retorikks tre taleformer i ei form. Og desse essay-tekstane til Holberg har også både fortids-, nåtids- og framtidsperspektiv.

Med vår tids vokabular kan vi seie at Holberg surfa på den tids nett, den tids WWW. Moralske Tanker frå 1744 er Holbergs heimeside, hans home page7. Og mange har vore innom dei heimesidene. Ved sida av sjangerhistoriske grunnar til å velje Moralske Tanker som studieobjekt, finn vi ymse slags relevante argument i tekstens resepsjonshistorie. Les­inga av Moralske Tanker er dokumentert gjennom alt frå avhandlingar til anekdoter.

I den kuriøse enden finn vi det vi kan kalle Fjell-Noreg-resepsjonen: soga om den Holberg-kunnige Jo Gjende. Jo Tjøstolvson Heringstad, som vart kalla Jo frå Gjende8, var fødd i 1794, 50 år etter at Moralske Tanker kom ut. Han var ein streifar både i topografi og tekst, og vart sjølv ein topos i norsk folkeminne, – namgjeten og legendarisk både som reinsgjetar, reinsskyttar og fritenkjar: Presteskap er fanteskap. Inni ei bu ved Gjendeosen låg han og las skrifter han hadde fått av Theodore Rathbone, Eardly John Blackwell, studentar frå Cambridge som vart gode vener med the old hunter. I bua ved Gjende dreiv dei ein “Jotunheimens salong- og samtalekunst”. Gjennom skriftene vart Jo Gjende vidt orientert: dæ va som om døm me eitt sku fløtt grende hondrede mil neregare den store verde9 Jo Gjende las Moralske Tanker. Han oppsummerer slik: Holberg, Voltaire og Volney er di tri støste hugue som jorde ha bore10. Han modifiserer det seinare: e trur ikje de ha vore større hugu te i di siste tri hondrede årom.11 Jo Gjende-lesinga konkretiserer bokstaveleg talt streifing som topos i Moralske Tanker.

I den akademiske enden av resepsjons­historien finn vi Billeskov Jansens Holberg som epigrammatiker og essayist frå 1938. Han argumenterer for ei tekstorientert lesing av Holberg, og skriv at for Holberg, Klassicisten, er den litterære Sammenhæng af primær, den personlige af sekundær Betydning. Holbergs litterære metode var gjentakinga, og Billeskov Jansen tar oss med vegane tilbake til antikken, han syner oss Holbergs arkitekto­niske konstruksjon, og særleg peikar han på kvar bygningsmateriala er henta frå. Arbeidet til Reidar Myhre frå 1969, Holbergs peda­gogiske ideer, er av ei anna støyping. Det er essensialistisk, pedagog-typisk, han vil finne ut kva Holberg eigentleg meinte om undervisningsspørsmål. Eg går altså ikkje i spora til Myhres subjektorienterte lesing. Sjølv har eg undervist i lærarutdanninga i 13 år, og lese Georg Johannesens studie “Holberg og essayet” årleg.

Jo Gjende karakteriserte Holberg med ein metonymi. Like viktig som huguet (hovudet) var for Holberg, er teksten for didaktikken. Teksten er didaktikkens brede segl. I dette prosjektet er Moralske Tanker ein metonymi i det pedagogiske tekstlandskapet.

Libr. II. Epigramm 89. som historisk dømesoge

Samlinga Moralske Tanker er ein tekst som tar til på nytt og på nytt som ein serie refleksjonar over utsnitt av epigramm. Som didak­tiske situasjonar innordnar seg i større heilskapar, peikar anslaget i kvar tekst til større samlingar av epigramm og tekstar. Vi går inn i ein “skoletime”, eitt eksemplum: Libr. II. Epigramm 89, Om hvorledes man lettest bliver ansett som lærd. Det er eit hendig essay med mange gode triks, den både tematiserer og praktiserer didaktikkens grunnproblem: kva er det å vere lærd. Merk at Holberg set eit skille mellom å vere lærd, og å bli sett på som lærd. Teksten blir etter kvart ei ironisk tilråding om korleis ein skal skaffe seg lærdomsry. Med snert gir Holberg lesaren råd om korleis det er lurt å tenke i spørsmål om kunn­skap og korleis denne blir vurdert, fordi, som han skriv: mange ikke vide den Konst at faae Anseelse af Lærdom med liden Bekostning (II.89:205). Skal ein vurderast som lærd, må ein alleene studere paa visse Materier, som ere en vogue, for Exempel, at læse flittig Aviserne (II.89:206). Dersom det til dømes er meldt om at det kjem ein komet, da må ein springe heim og lese om kometar, så kan ein ta del i diskusjonen på lunchrommet neste dag. Slikt må til dersom ein vil klive Gradus ad Parnassum (II.89:206), – trappetrinna til parnasset. Med moderne termar kan vi seie at Holberg slår eit slag for handlingsberedskap: thi hvad nytter det at være lærd, naar man ikke holdes derfor, og hvad skader det intet at vide, naar man ved intet kand erhverve sig Reputation af Videnskab (II.89:205).

Holberg skriv med sjølvironi. Vi sit att med kjensla av at dette er tull, – og så er det på same tid sant. Det er ei paradoksal innsikt. Holberg praktiserer paradokset. II.89 er bygd på ein antitese mellom to forestillingar om det å skaffe seg kunnskap, der Holberg argumenterer for det eine, mot det andre. Eller er det omvendt. Der har vi ironiens grep, eit grep som ikkje har nokon plass i didaktisk faglit­teratur. Men så er ærendet her ikkje å finne ut kva Holberg eigentleg meiner, men å lese ut epistemologiske posisjonar i teksten. Moralske Tanker har ofte ei spenning mellom påstandar og skrift. Ein kan lese Holberg mot Holberg. Teksten er klokare enn mannen. Eller som Georg Johannesen skriv: Språket er et større subjekt enn oss selv, som i tid og rom styrer oss og vår språkbruk.12

Didaktikkens grunnmetaforar

Didaktikk som fagområde finst i kraft av metaforar. Ein slik påstand kan ikkje verifiserast på det generelle nivået den er sett fram. Men dei epistemologiske posisjonane i Moralske Tanker syner seg gjennom metaforane i teksten. Vi kan ordne metaforane i to hovudgrupper, organiske og geometriske metaforar, der kunn­skapens tre og linja er hovudfigurar. I denne analysen ut frå Libr.II. Epigramm.89 er det særleg to variantar av geometriske kunn­skapsmetaforar vi får problematisert. Den eine er den rette linja, og variantar av denne: trappa og pyramiden, og så er det contai­neren. Det er metaforar som vi kjenner att frå Lakoff og Johnson sitt arbeid innanfor kognitiv semantikk. Kunnskap er noko ein fyller i folk, det er læraren som held mugga, og tømer frå sin beholdar og over i elevens. Tilsaman dannar linja og containeren forestil­linga om trappetrinna til kunnskapspyra­midens topp. Å skaffe seg kunnskap er å gå Stien eller Gradus ad Parnassum (II.89:206). Det gjer ein når ein driv med de saa kaldne solide Studia (II.89:207). Den stien er lang og vanskelig (II.89:206), og Holberg meiner ironisk at han kan vise adskillige andre compendieuse Veye til Lærdom (II.89:207).

avsendar    ➜    sak/tekst    ➜     mottakar

Kommunikasjonsmodellen byggjer på linja som didaktisk grunnmetafor. Kommunikasjonsmodellen er ein røyr-modell, og den viser til ein bestemt fase i den språktekno­logiske utviklinga, når kommunikasjon blir til tele-kommunikasjon.13 Eg skal ikkje her drøfte nyare kommunikasjonsteoretiske posi­sjonar, utgangspunktet mitt er eit anna, eit retorisk. Men denne geometriske metaforen er sterk. Den beine linja er rett nok. Men som modell for kunnskapsutvikling er den direkte skrinn. Ein treng berre to definerte punkt for å dra ei rett linje, fag/tekst i modellen over kan altså settast i parantes, og blir ofte sett i parantes. Dette prosjektet lysset nettopp dette mellomleddet, – teksten.

Mot linja presenterer Holberg ei alternativ tenking allereie i utdraget av epigrammet: Blandt folk ved samme bord er almindeligvis den lærdest, på hvis bekostning det anrettede måltid gives (Holberg 1992: 413). Holberg set lærdomsry i samanheng med bordplassering. Det stemmer at den rike også er den vise, lærde, veltalande, ærlege, den som har alt. Slike eigenskapar er ikkje knytta til individet, men til staden, plassen, stolen du sit på.

Det er verten ved bordenden som er det store Hiul i Talen hvorefter alting drejes. Han taler mest, efterdi han haver Frihed til at tale alleene. Han taler lærdest, efterdi han haver Evne til at udvælge de Materier, hvorpaa han haver præpareret sig; og han taler fyndigst og deciderer med Succes, efterdi man lader ham have det sidste Ord. En Fremmed, der anhører saadant, kand deraf let blive bedragen, og uforskyldt tildømme en Mand Forstand og grundig Lærdom, ej i agttagende, at det er alleene Tiden og Stedet, som tilvejebringer saadan Lærdom og Veltalenhed (II.89:204). Mangen Mand er derfore ikke lærd og fornuftig uden ved sin egen Bord-ende, ligesom visse Folk kand ikke figte uden paa deres Grund, og Børn ingen Courage have uden paa deres egen Boldgade (II.89:204). Sidan lærdomsry, veltalenheit og makt heng saman, i følgje Holberg, har dette også konsekvensar for korleis vi forstår autoritet: det er Sædet og Bord-enden, som giør hans [= ein president, AN] Tale fyndig, og giver hans Stemme en tredobbelt Vægt (II.89:204). Det gjeld altså om å kunne orientere seg om kvar ein er, lærdomsry må lesast romleg, om ein nå lyttar frå Prædikestoel og Cathedra (II.89:205), i Landsbye Kroer (II.89:207), paa Postdagene (II.89:207) eller i Stats-Forsamlinger (II.89:207).
(D)en, som tracterer Giesterne, er den lærdeste Mand i Lauget. Thi, saalænge det varer, er han Mester af Discoursen (II.89:203). Det er saaledes Stolen, som er fornuftig og ikke Præsidenten (II.89:204). Dette er ei situasjonell forståing av lærdom, lærdom i bestemte kairoi, situasjonar, i forhold til bestemte stolar, topoi. Prøva som viser at det er slik gjer ein ved å flytte deg til ein annan stol for å sjå kva som da skjer: Tael med ham paa et andet Sted, saa skal du finde, at det er ikke i Henseende til hans Hoved, men i Henseende til den Bænk han sidder paa, hans Votum er saa fyndigt (II.89:204). Og motsett og: Den er ikke lærd, som taler hvad han vil: men den er lærd, som taler lærd, naar han bliver adspurt (II.89:205).

Her får vi altså stilt opp mot kvarandre to grunnmetaforar for kunnskap, som også er to grunnmetaforar for kommunikasjon: ein veg å gå, eller eit rom å vere i, den lineære, instrumentelle kommunikasjonsmodellen for kunn­skapsoverføring, og den topologiske, rom­lege. Og her ligg også begrave grunnar til at det er så vanskeleg å finne berøringspunkt mellom nyare pedagogisk og retorisk faglit­teratur. Tradisjonell didaktikk er hengt opp på den første metaforen, den lineære: avsendar ➜ fag ➜ mottakar, eller fag pluss formidling, innhald pluss form. I Holbergs tekst finst den topologiske forståinga tematisert og praktisert. Det er denne didaktikkens allmenne topologi eg les ut av Moralske Tanker.

Avhandlingas grunnmetafor

Eit hovudproblem i arbeidet mitt har vore: Korleis kan ein argumentere mot ein metafor av typen lineær kommunikasjonsmodell, den instrumentelle tenkingas hovudmetafor? Kan ein gjendrive ein metafor ved argumentasjon? Det har vore gjort adskillige forsøk på å modifisere det lineære ved å lage feedback-sløyfer og mellomstasjonar på linja, og også ved å putte heile linja inn i kontekstboksar av ulik storleik. Problemet er at ved populariserte framstillingar blir modifikasjonane, argumenta borte, og ein står att med forestillinga om linja mellom tre boksar, – avsendar – fag – mottakar. Metaforen har forlengst fått modell­status, modellen er “sanninga”.

Holberg får fram ein topologisk tankegang ved konkretisering; stolar rundt eit bord. Moralske Tanker er topologisk både som tenke­måte og språkleg praksis. Som Georg Johannesen skriv, var moraliseringa for Holberg ikke en forkynnelse av absolutte krav, men et Studium morale (av lat.: mores, dvs. skikker, seder, vaner)14. Studium morale er altså eit studium av gjengse vegar å gå, måtar å vere på, eit studium av kulturens tenkemåtar eller topoi. Desse topoi får han fram ved å vende seg i eit språkleg landskap.

Eg har leita etter ein metafor å vise denne Holbergske didaktikkens topologi gjennom, ein metafor som er like sterk som linja, og som kan stillast opp som det grepet som kan bere ei topologisk didaktisk framstilling. Det er ikkje framandt å leite etter ein alternativ metafor i geometrien. Tormod Eide har synt i artikkelen “Aristotelian topos and Greek ­Geometry” at topos-begrepet nettopp kjem frå geometrien. Men det var den gongen ­geometri og språk ikkje høyrde til ulike fakultet, og geometrien ikkje var splitta i euklidsk og topologisk geometri. Til dette ærendet her, å gi grep til ei vitskapleg avhandling om ein romleg didaktikk, vel eg den vitskaplege forma i euklidsk geometri som blir brukt til å definere rommet: det tredimensjonale koordinatsystemet. Men eg brukar det metaforisk: Geometry is a human construct.15

Mange vil kanskje meine at den topo­logiske tenkemåten er ivaretatt godt nok om ein brukar begrepa “kategori”, “synsvinkel”, “kasse”, “dimensjon”. Men slike begrep er mykje brukt, og dei slår ikkje ut den beine linja som rein og sterk form. Ein alternativ metafor må fungere også i i kortform, på det vanskelege grunnfagsnivået, og den må vere eit visuelt alternativ til linja.

Koordinatsystemet som metafor gir fleire fordelar. For det første er den tydeleg som alternativ geometrisk form, den blir eit framande­lement i framstillinga, og det er ønskeleg. Begrepet “dimensjon”, til dømes, er ingen metafor, det er eit fast uttrykk vi ikkje stussar over. Aristoteles var opptatt av denne sida ved metaforbruk, han meinte det galdt om å finne former som uroa passe mykje. Dessutan peikar koordinatsystemet på ei side ved det vitskaplege språket vi sjeldan problematiserer, nemleg den sterke funksjonen geometrien har i måten vi strukturerer tenkinga vår på. I tillegg er koordinatsystemet ei åpen form, koordinatane peikar ut i eit uendeleg rom, det viser altså ikkje til avslutta, ferdig­definerte kategoriar, slik som “kasser”, “bok­sar”, “firkantar” lett gjer. Og origo kan leggast der det er mest tenleg for det vi undersøker, i dette tilfellet midt i Moralske Tanker, 1744.

Men det viktigaste argumentet for å bruke det tredimensjonale koordinatsystemet som metafor for språkets topografi, er som før nemt at det visualiserer ein klassisk, retorisk tankegang, slik denne er praktisert i Moralske Tanker. I følgje Eide er topos ikkje berre stad, det er geometrisk stad. Alle tekstens topoi, skriftstader (jamf. topografi, av gr. topos = stad, graphein = skrive) kan studerast ved å relatere dei til tre vektorar, eller koordinatar. Og fordi dette er ein metafor, er vektorane problemområde, ikkje ferdigdefinerte. Koordinatsystemet visualiserer det eg kallar det didaktiske rommet i språket.

Det didaktiske rommet

Kva er det så som er dette didaktiske rommets vilkår, som utgjer så og seie språkets vilkår, dets x-, y-, og z-akse? Prosjektet skal ikkje drøfte språkets vilkår som sådan, det er filosofiens domene, men språklege vilkår for Moralske Tanker, altså korleis dei filosofiske spørsmåla syner seg i konkret tekst. Koordinatsystemet spenner opp det språkfilosofiske rommet som den konkrete teksten gir oss å sjå. Med koordinatsystemet som metafor får ein fram at det didaktiske rommet er større enn språk­brukarane, det inneheld grunnvilkår som einkvar didaktisk situasjon er utsett for. Dette er eit steg utover klassisk retorikks tru på at ein kan planlegge språk. Holbergs tekstar ber på innsikter om språk som vi i dag kan kalle nyretoriske, og dei er nettopp vortne til i spennet mellom trua på språkplanlegging, og innsikta i at det ikkje er mogleg. Eg meiner at forholdet mellom koordinatsystemet og dei ulike språklege topoi viser forholdet mellom språkfilosofi og retorikk; – forholdet mellom filosofiske spørsmål om språk, og konkret språkleg praksis.

Kva koordinatar er det så tale om? I fram­stillingar av språkfilosofiske problem finn vi ofte to og to problemområde drøfta: til dømes drøftar Ricoeur forholdet mellom mimesis og temporalitet i Time and narrative, Foucault drøftar forholdet mellom mimesis og forråd i Tingenes orden, og den meir tradisjonelle kanondebatten kan lesast som ei drøfting av forholdet mellom temporalitet og forråd. Eg har funne at koordinatane i denne framstil­linga om Moralske Tanker, dei problem­områda som tekstens didaktikk er sleppt ut i forhold til, er nettopp alle desse tre problem­områda på ein gong, – mimesis, temporalitet og forråd.

Mimesis, temporalitet og forråd er problem­område som korkje Holberg, vi eller didaktikaren kan velje vekk eller få full oversikt over. Det didaktiske rommet i språket er eit usikkert rom, det er nemleg vanskeleg å vere strateg i alle retningar på ein gong. Didaktikk er å trene seg i å tole dette usikre. I dette prosjektet studerer eg korleis desse grunnvilkåra viser seg i Moralske Tanker, og vi tar difor for oss dei tre koordinatane her, ein for ein.

Mimesis

Mimesis er eit framandord i tradisjonell didaktikk. Medan didaktikkens honnørord i dag er det autentiske, det nære, det personlege, det verkelege, det ekte, det direkte, går vi i dette prosjektet med Holberg eitt steg tilbake, til verbalspråket. Med begrepet mimesis innfører vi ein avstand i didaktikken. Mimesis er ein merkelapp på den overgangen som produ­serer literariteten i dette virkeområdet. Didaktikk er gjennom Moralske Tanker distanse, språk, eit som: Dette er erkjent, og både tematisert og praktisert: ..hvorledes man lettest ­bliver ansett som Lærd /…/ de saa kaldne solide Studia (II.89: 207)/…/ det er ikke ved stor Læsning, men ved Konst at bringe en liden an, man erhverver Anseelse af Lærdom (II.89:207). Lærdom har å gjere med etter­likningsproblematikk, det gjeld om å vere Mester af Discoursen (II.89:204). I didaktikk er mimesis-problemet noko ein aldri kan stille seg utanfor, det ligg der som eit vilkår i rommet.

Klassisk retorikk hadde med seg mimesis-problematikken. Den pedagogiske tenkinga til Quintilian handla nettopp om å lage ei tekstbasert undervisning, ei undervisning som fullt og heilt var bygd på miming av eit hierarki av formmønster, frå enkle språkøvingar til deklamasjonsøvingar. Øvst stod konserttalen, ein parodisk sjanger. Undervisning var å mime tekst, etterlikning er altså ikkje berre kunstens grep, det er ein pedagogisk metode. Om hvorledes man lettest bliver ansett som lærd var nettopp eit mimesis-problem.
Det utarta. I retorikkens forfallshistorie finst mange gode historier. Ein kan parodiere deklamasjonsøvingane. Men ein blir ikkje kvitt mimesis-problematikken. Vi prøver å fatte naivt mimetisk, vår trong til å lese referensielt er innarbeidd. I pedagogisk tenking er dette ein ikkje-problematisert premiss. Difor har tekstarbeid, både som poesi og matematikk, dårlege vilkår. Det blir sett som ei hinne mot den klare verkelegheita, og må ryddast inn i krokar for kos eller spesialistar.

Med nyretorikk blir den enkle etter­likningsformelen problematisert ved begrepet forskjell. I spennet likskap – forskjell arbeider didaktikaren. I Moralske Tanker ser vi dette praktisert, Holberg tar ikkje utgangspunkt i den såkalla verkelegheita, men i påstanden. Hans Hagedorn Thomsen skriv at hjå Holberg set (f)ornuften som synsvinkel og kunstnerisk form /…/ en række begrensninger for virke­lighetsoppfattelsen./../ Virkeligheden be­skriv­es på genrens og stilens betingelser.16 Tekstane til Holberg er tropologiske, dei ­vender seg i språket, ikkje i verkelegheita. Det kan undersøkast kva ulike mimetiske “strategiar” som er brukte i ulike “skoletimar”, ulike epigrammkommentarar. I Moralske Tanker er det særleg interessant å studere forholdet mellom logiske resonnement og eksempelbruk.

Temporalitet

Så til den andre vektoren i avhandlingas metaforiske koordinatsystem, temporalitet.
I første avsnitt i II. 89. finn vi ein variert tempusbruk:

De gamle Stoici foregave, at en viis Mand var en riig Mand. Men, hvis dette Foregivende var rigtigt, kunde dermed heller betydes, hvad en viis Mand burte være, end hvad han virkelig er og agtes for: thi man seer Viisdom og foragtelig Fattigdom ofte at boe sammen. (II.89:203).

Her er både presens, preteritum, og fu­turum, i tillegg til adjektivale og adverbiale tempusmarkørar, som de gamle Stoici og ofte. Det er freistande å slutte frå dette til at teksten ber ei mangefassettert tidsforståing. Holberg har spent ut tida, og rører seg i den både bakover og framover.

Eller er bakover og framover moderne forestillingar? Dette er nok likevel ikkje ei krono­logisk orientering i vår forstand, den forstanden som har det digitale uret som grunnlag. Hadde Ludvig Holberg klokke? Holbergs samtidige hadde i alle fall ikkje klokker på vår nåtidige måte. Tida var klokkelaus. Det gir difor meining å seie at Holberg meir er samtidig med den klassiske retorikkens kairos-forståing. Kairos er ei situasjonell, romleg tidsforståing, begrepet kan, meiner Øivind Andersen, best omsettast med høve.17 Høvet kan vere ei gunstig anledning, eller ei krise, ein retorisk situasjon som påkallar tale. Fleire av tekstane i Moralske Tanker startar nettopp med eit dette Epigramm giver Anledning til… Hendinga gir tida. Både fortids- og framtidsdelane i teksten er underordna kairos, det er eksempelmateriale henta inn i resonnementet i det høvet som teksten er. Dette syner seg også tematisk i II. 89., den epistemologiske forståinga er knytta til kairos og topos: (D)et er alleene Tiden og Stedet, som tilvejebringer saadan Lærdom og Veltalenhed (II.89:204).

Holberg latterleggjer ironisk de saa kaldne solide Studia (II.89:207) over den lange tida, (d)en korteste Vey er den beste (II.89:206). (S)aalænge som Cometen er Materie til Discours (II.89:206), gjeld det om raskt å kunne skaffe seg kometkompetanse. Men vi ser og korleis Moralske Tanker stig ut av kairos, ut av her-og-nå-situasjonen, og etablerer ein logikk på sida av tida. I Moralske Tanker kan vi lese spennet mellom kairos og chronos, eller altså kanskje heller mellom kairos og ein tidshybris boren av den logisk-rasjonelle sakprosadiskursen. Den diskursen hevdar seg å kunne stille seg utanfor tida, vere gyldig, som det blir kalla.
I Moralske Tanker er kairos overordna temporær struktur. Fortida er henta inn for
å underordne seg kairos. Temporalitets­problemet i topikken peikar på kva ein i nåtid gjer med det fortidige. Og kairos er ei romleg tidsforståing, presens er nærverande (av lat. praesens), preteritum er det som er gått forbi (av lat. praeter: forbi, itum: gått). Nåtid / fortid teiknar ein framgrunn og ein bakgrunn i den didaktiske situasjonen. Dagens målstyring og planlegging er produkt av etter-tidas chronos-logikk.

Temporalitetsdimensjonen i didaktikken inneheld denne vesentlege chronos-­kairos-spenninga, den horisontale og den vertikale tid, det kritiska ögonblicket18 og den lange tida. Så blir spørsmålet i dette arbeidet mitt korleis andre språklege figurar i Moralske Tanker, til dømes metafor, eksempel, fortejlling, enthymem lagrar ulike tidsforståingar. Det fortidige i teksten er all-tid (al-ways) også nå­tidig.

Forråd

Det er forrådsdimensjonen som er proble­matisert i tradisjonell didaktisk tenking. Kanondebatten er ein topos. Men forråd er oftast tenkt frå innhaldssida, kva ein skal kunne i eit fag, kva ein skal ha av haldningar og meiningar. I denne samanhengen er eg opptatt av at forråd også på same tid er forråd av former på alle nivå, frå spørsmål om ordforråd (daglegtale, enkelt språk, framandord, utanlandske ord, høgstil, lågstil, rein, urein), kvar eksempla er henta frå (andre tekstar av ulike slag, eigenproduserte eksempel, eksempel frå eiga fortejlling), til forråd av tekstformer; frå detaljar til store strukturar.

Det er fleire forskarar som har lese Moralske Tanker ut frå slike spørsmål. Hauberg Mortensen skriv at Holberg podede den dansksprogede essayistik på den latinske gren.19 Poding kan lesast og diskuterast langs heile skalaen originalitet – plagiat, men mest i retning det siste. I all fall har vi her inn i den didaktiske topologien spørsmålet om intertekstualitet og til tidlegare tekstars resepsjonshistorie. Stikkordregisteret i Billeskov Jansens avhandling gir eit visuelt bilde av denne frekvente bruken av tidlegare tekstar, åpent og skjult. Inkludert det å sitere seg sjølv. Som Holberg-forskar Gunnar Sivertsen seier, – det er ikkje sant at Holberg hadde Seneca, Cicero, Montaigne og You name ‘em i bokhylla. Han hadde dei oppslått på skrivebordet. Vi ser – med eit Billeskov Jansen-uttrykk – “deres materielle Tilstedeværelse” overalt i Moralske Tanker.

Vi skal ikkje gå opp dei spora på nytt. Men vi kan bruke dei til å aktivisere nye spørsmål for didaktikken.
Det eine handlar om måtar å samle tekst på. Hermetiseringsmåtar. The Art of memory. Memoriakunsten er i dag redusert til eitt ord: pugg. I Moralske Tanker finst det tekstbitar som meir er knytta til talespråkets memoria-teknikkar, enn til skriftspråkets. Minneteknikkar i munnleg språk er interessant i didaktikkens topologi. Dei er romlege, visuelle, knytta til arkitektoniske former.20 Det er verd å hugse på memoria, også i skriftspråkalderen, nettopp fordi didaktikkens temporalitet er kairos-dominert. I tillegg aktiviserer Moralske Tanker eit skriftspråkforråd, ein grad av presi­sjon, som kan problematiserast i forhold til popularisering og framveksten av eit vitskapleg språk.

Det andre spørsmålet gjeld språkets eigen måte å samle innsikter på. Samlaren Benjamin arbeidde i kortformer. Ein kan vel sjå kort­former som måtar å hermetisere lange former på; ordtakets forråd er fortellingane, enthymemens forråd er syllogismen, den spiss­formulerte påstanden kan ha avhandlinga eller myten som forråd, og paradokset kan ha motseiinga mellom to vitenstradisjonar som forråd. Moralske Tanker er full av kortformer, denne hermetiseringsmåten er ein interessant didaktisk topos.

Spørsmålet om forråd peikar også på is­fjellet av gløymsle. Når vi diskuterer om vi er dekonstruksjonistar eller ikkje, gløymer vi at det er hybris å tru at vi kan hoppe av tradi­sjonens isfjell. Språket er tradisjonens lagerrom. Der er det mange ikon, mykje skrot, – og mykje interessant skrot.

Så langt dei tre dimensjonane i det didak­tiske rommet. Og særleg lenger skal vi heller ikkje i denne prosjektpresentasjonen. Berre kort om avhandlingas tredje del: punkta i landskapet.

Didaktiske topoi

Ludvig Holberg skriv at han er glad for at tekstane hans ikkje er kommet udi Urteboder, at dei står seg over tid, og ikkje blir brukt som innpakningspapir med det same. I det lange avhandlingsformatet eg jobbar i, fyller eg mugga med Moralske Tanker og heller dei over dette koordinatsystemet. Tekststraumen lagar topoi, geometriske stader i rommet, og arbeidet består i å vere antropolog i dette landskapet, hente fram locus communis, commonplaces, og meir sjeldne stader å vere i didaktikken. Slike topoi kan til dømes vere sitatet, metaforen, eksempeltypar, ordval, eller også tekststrukturar på makronivå. Poenget er ikkje å beskrive alle topoi, men snarare å få fram variasjonsbreidda i den allmenne didaktiske topologien, frå den strenge, store logiske diskursen og avgrensinga, til gnomiske vendingar og troper. Slik vil topologien i Moralske Tanker indirekte syne fram eit nå­tidig didaktisk register, spennet mellom vit­skapleg diskurs og danningsroman. Og den vil gje eit grep for studiar av ulike fags spesielle topologi.

Det mest omskrivne retoriske grepet i Moralske Tanker er paradokset. Paradokset er para-doxa, ein motsats til doxa, dei gjengse forestillingane. Didaktikkens topologi er ikkje forma eintydig mellom doxa og episteme, men heller i treklangen doxa – episteme – paradoxa. Den topologiske tenkemåten syner fram at den eintydige motseiinga sann – falsk ofte er for enkel. Didaktisk arbeid er eit paradoksalt arbeid, – som Sveinung Time ved hjelp av Georg Johannesen skriv det: Vi skal føre barn inn i dei norske tale-, skrive-, og tenkemåtane, samtidig som vi bør hindre dei i å bli eitt med “dei norske tale-, skrive-, og tenke­måtane”.21 Kampen mot Dumheten er ein retorisk kamp.

Den topologiske forstand

Didaktikk er meir enn verbalspråk. Og verbalspråk er meir enn skriftspråk. Men i dette prosjektet er det dei didaktiske vilkåra i verbalspråket som er i fokus. Konsekvensen av eit slikt fokus er at det enkle kommunikasjons­paradigmet blir forstyrra. Verbalspråkstudiet viser kvifor didaktikk må vere eit usikkert foretak. Men det viser òg korleis didaktikk kan vere eit spennande foretak, eit åpent rom å vere i. Den didaktiske topologien er ei romleg forståing. Dei tre problemområda som eg her har synt at eg arbeider ut frå, har også rom­lege aspekt. Mimesis har å gjere med av­standsforståing, avstand verkelegheit – tekst, eller tekst – tekst, temporalitet kan forståast i spennet framgrunn – bakgrunn, og med forråd hentar vi fram det av innhald og former vi har pre-sent, det som er synleg og ikkje gøymt, gløymt.

Jo Gjende likte seg også i topografien. Han fór i fjellet og i Holbergs tekstar. Det blir fortalt at han ikkje berre kjente reinens vegar og vanar, men at han òg tenkte som ein rein. Også på fjellet er det reglar å ferdast etter. Trakk. Loci. Kamp. Reinens retorikk. Dæ æ tri goe råd du ska hugsæ når du fær ette reine. /../ Du ska ikje gå mot himils-høgden, ikje syne deg mot vatn, og ikje mot sjogbræa.22 Det låg vørdnad i dette, i topografien var du sleppt ut i større rom enn du kunne rå med sjølv. Eg-et er lite på fjellet: De oss ha å halde oss ette her i verd`n, det er vette. Vi kunne presisere: vettet i topografien. Eg kallar det den topologiske forstand.

Noter

1     Kroksmark (1989).
2     Eit døme på dette er sjangerinndelinga i den store avhandlinga av Ottar Grepstad om sakprosaen, der han ordnar sakprosaen i fire hovudsjangrar: argumenterande og utgreiande tekstar, fortel­jande og skildrande tekstar, pedagogiske tekstar og rettleiande tekstar, ei kategorisering som delvis er sjangerteoretisk bestemt, delvis er institusjonelt bestemt, og som ikkje fremmar forståinga av korleis alle skrifter må operere i eit didaktisk felt. Grepstad (1997).
3     Sentrale døme er Smidt (1989) og Hetmar (1995).
4     Myhre (1969).
5    Thavenius (1995).
6    Lille-Marius er ein velbrukt topos i norsk pedagogisk debatt. Det refererer til romanen Gift av Alexander Kielland (1883), der forfattaren kritiserer den måten klassisk danning blir praktisert på i skolen.
7    Sveinung Time har flytta forestillinga om “home page” tilbake til Garborg og 1800-talet, der han brukar begrepet for å problematisere “identitet”. Time (1996).
8    Gjende, 984 meter over havet, 18 km langt  fjellvatn i Jotunheimen, Norge. Nasjonalt ikon, særleg etter at Henrik Ibsen la bukkerittet i Peer Gynt til Gjendineggen.
9    Steen (1959): det var som om dei brått flytta grenda hundre mil nærare den store verda.
10    dei tre største hovuda som jorda har bore
11    eg trur ikkje det har vore større hovud til i dei siste tre hundre åra
12    Johannesen (1994)
13    Utaker (1991)
14    Johannesen (1977):136
15    Albert Einstein, sitert etter Norberg-Schulz (1971)
16    Hagedorn Thomsen (1984).
17    Andersen (1989).
18    Fioretos (1991).
19    Hauberg Mortensen (1995).
20    Yates (1994(1966)).
21    Time (1989).

 

Referencer:

Andersen, Øivind: (1989): “Kairos og den retoriske situasjonen”, i Andersen Ø.(red.): Retorikk. Rapport fra Platonselskapets konferanse i Trondheim, 2.-5.juni
Andersen, Øivind (1995): I retorikkens hage. Oslo
Aristoteles (1991 (1983)): Retorik. Oversat med introduktion af Thure Hastrup. Platonselskabets skriftserie Museum Tusculanums Forlag, Københavns Universitet
Billeskov Jansen (1938): Holberg som epigrammatiker og essayist. Kbh.
Eide, Tormod (1995): “Aristotelian topos and Greek Geometry”, i Symbolae Osloenses, 70
Fioretos, Aris (1991): Det kritiska ögonblicket. Stockholm
Grepstad, Ottar (1997): Det litterære skattkammer. Sakprosaens teori og retorikk Oslo, Det Norske Samlaget
Hagedorn Thomsen, Hans (1984): Sprogets fornuft. Om sproget i Ludvig Holbergs Moralske Tanker. København
Hauberg Mortensen, Finn (1995): “Bestandighedens jubilæum. Ludvig Holberg: Libr.III. Epigramm. 97”, i Bredsdorff, Thomas og Hauberg Mortensen, Finn (red.): Hindsgavl Rapport. Litteraturteori i praksis. Odense
Hetmar, Vibeke (1995): Litteraturpædagogik og elevfaglighed phd.-avhandling, Danmarks Lærerhøjskole
Holberg, Ludvig (1992 (1744)): Moralske Tanker. Efterskrift ved F.J. Billeskov Jansen. Noter og tekstudgivelse i samarbejde med Jørgen Hunosøe. Danske Klassikere. Det danske Sprog- og Litteraturselskab. Borgen
Johannesen, Georg (1977): “Holberg og essayet”. Etterord i Ludvig Holberg: Essays. Utg. v/ Kjell Heggelund. Oslo
Johannesen, Georg (1994): Moralske tekster. Essays og innlegg 1978 – 1994. Oslo
Kroksmark, Tomas (1989): Didaktiska strövtåg. Didaktiska idéer från Comenius till fenomenografisk didaktik. Daidalos. Göteborg
Kvalsvik, Bjørn (1994): “Augustins tidsforståing og hermeneutikk”, i: Agora 2
Lakoff, G. & Johnson, M. (1980): Metaphors We Live By Chicago: University of Chicago Press
Myhre, Reidar(1969): Holbergs pedagogiske ideer. Oslo
Nielsen, Frede V.(1994): Almen Musikdidaktik. København. Christian Ejlers’ Forlag
Norberg-Schulz, Christian (1972): Existence, Space & Architecture. London
Quintilian (1989 (1920)): The Institutio Oratoria of Quintilian. With an English Translation by H.E. Butler. In Four Volumes. The Loeb Classical Library. Havard University Press, Cambridge, England
Steen, Tryggve B (1959): Jo Gjende og hans samtid. Oslo
Taylor, William (ed.)(1984): Metaphors of Education. Heinemann Educational Books, University of London
Time, Sveinung (1989): “Kunnskap og kommunikasjon, – eit forsøk på tekstfagleg tilnærming”, i Stieg Mellin-Olsen (red.): Om kunnskap. Fagdidaktiske perspektiver. Bergen lærerhøgskole. Bergen
Time, Sveinung (1996): “Frå ‘heimstaden’ min til ‘My Home-page’”. Manus om språk, tekst og identitet på Faglig Forums seminar om “Kulturell identitet i teori og praksis”, Høgskolen i Bergen, 6.-7.05. 1996
Ulmer, Gregory L. (1985): Applied Grammatology. Post(e)-Pedagogy from Jacques Derrida to Joseph Beuys. The John Hopkins University Press. Baltimore and London
Utaker, Arild (1989): “Metaforen som sammenligning”, Livstegn 7
Utaker, Arild (1991): “Hva er språk?”, Norsklæraren, 5/1991, Oslo
Yates, Frances A.(1994 (1966)): The Art of memory. Pimlico. London

Author profile

Aslaug Nyrnes er førsteamanuensis ved Avdeling for kunstfag og kommunikasjon, Høgskolen i Bergen, for tida dr.art.-stipendiat ved Nordisk Institutt, Universitetet i Bergen. Har gitt ut Det (ny)norske mennesket (1985), og publisert artiklar m.a. i Norsklæraren og Norsk Pedagogisk Tidsskrift. Redaktør for Norsklæraren 1991-92.

Lämna ett svar