Leidulf Melve
Krosstogstalen til Urban II
Om bruken av literacy-teori i analysa av mellomalderretorikk
Artikkelen har tre siktemål. For det fyrste å gjere greie for nyare forsking innanfor literacy-teori. Dernest vil merksemda bli retta mot somme metodiske problem som lett oppstår når storstilte teoretiske råmer (som literacy-teori) skal tilpassast ein gjeven historisk røyndom. Det tredje målet er meir konstruktivt og freistar å konkretisere nokre av dei teoretiske poenga. Konkretiseringa har på den eine sida eit utgangspunkt i Christian N. Eversbusch si analyse av pave Urban II sin krosstogsretorikk. Den andre sida av konkretiseringa vil ta form som ein stutt gjennomgang av sentrale krosstogskjelder, så vel som nyare forsking kring kommunikasjonsnettverk i høgmellomalderen.
Om artikeln
Ingår i: Rhetorica Scandinavica 19, 2001.
Artikel s 52-66.
Om skribenten
❦ Leidulf Melve er stipendiat i historie ved Universitetet i Bergen, med ein avhandling om mellomalderen sitt offentlege rom. Har nyleg publisert Med ordet som våpen. Tale og skrift i vestleg historie (Samlaget 2001).
Fulltext:
Forsking kring tilhøvet mellom muntleg og skriftleg kommunikasjon (literacy-teori) har i det siste tiåret ført til ei rekkje nye innsikter i kommunikasjonsmønster. Ein forskingstradisjon som allereie i opphavet for over førti år sidan – representert ved Marshall McLuhan, Ernst Havelock, Jack Goody – var tverrfagleg, har helde fram med å innlemme nye fagdisiplinar. Denne heterogene samansetninga gjer sitt til at tilnærminga kan framstå som fruktbar, så vel som noko forvirrande og uklår; fruktbar grunna verdien av det tverrfaglege. Det forvirrande aspektet har paradoksalt nok òg å gjere med det tverrfaglege innslaget: med eit mylder av ulike omgrep og metodiske grep – med rot i særskilde faglege tradisjonar – er det lett å gå seg vill, og faren for omgrepsforvirring er særleg til stades. Målsetjinga i det følgjande er difor å gjere reie for somme metodiske problem i ljos av nyare literacy-teori. Som utgangspunkt for den empiriske konkretiseringa av den teoretiske råma, vil Christian Nicholas Eversbusch si analyse av pave Urban II sin krosstogstale i Clermont i 1095 stå i fokus. Artikkelen, som var prenta i Rhetorica Scandinavica nr. 11/1999, er interessant av fleire grunnar. Fyrst av di Urban sin tale, som var startskotet for krosstogsrørsla, er analysert i høve til literacy-teori. Eversbusch syner såleis korleis bruken av literacy-teori, knytt til eit skilje mellom eit muntleg og eit skriftleg verdsbilete kan gje nye perspektiv på historiske hendingar;1 eit grep om kommunikasjonsmønster er særleg verdifullt i høve til ei hending som Urban II sin tale i Clermont, då dynamikken i kommunikasjonen var ei viktig side ved denne hendinga. For det andre knyter Eversbusch talen til retoriske kategoriar, og indikerer at literacy-teori òg kan nyttast i samband med retoriske analysar. Når eg understrekar kan, er det av di Eversbusch si handsaming syner fleire av problema som ein lett støyter på i bruken av slik teori. Med dette som historisk (og polemisk) utgangspunkt, vil eg freiste å illustrere teoretiske poeng gjennom ei stutt framstilling av kommunikasjonsmønster på andre halvdel av 1000-talet. Denne illustrasjonen vil kaste somme blikk på artikkelen til Eversbusch, så vel som samtidige kjelder om hendinga i Clermont i 1095. Ei siste målsetjing er meir metateoretisk; eit underliggjande poeng i heile denne framstillinga er korleis ein gjeven metode pregar handsaminga av det empiriske materialet. Vonleg vil det heile munna ut i eitt metodisk poeng: å vere medviten om følgjene av ei gjeven metodisk tilnærming; eller meir konkret, at val av metode bør vurderast i ljos av kva sider av ei historisk hending ein er ute etter å granske.
Somme metodiske problem med literacy-teori
Eit fyrste problem som lett oppstår i bruken av muntleg og skriftleg som skilde teoretiske kategoriar, har å gjere med abstraksjonsnivå. Det skriftlege og det muntlege er idealtypar som tek til seg dei mest særmerka trekka ved dei to kommunikasjonsmåtane. Hjå Eversbusch kjem dette klårt til syne då skriftkulturen er føresetnad for ein kritisk sans, medan den muntlege verda er “logosfremmed; fornuften har intet at sige her.”2 Dette er eit trekk med den teoriskulen som ofte har fått namnet great divide.3 Sjølv om eg ikkje beinvegs vil plassere Eversbusch i denne teoretiske båsen, er det likevel klårt at handsaminga syner såpass mange likskaper med denne skulen at det er i denne retninga blikket må rettast. Som namnet tilseier, forfektar denne skulen eit klårt skilje mellom eit muntleg og eit skriftleg verdsbilete; det muntlege er knytt til det daglege verket med ein kommunikasjon som fungerer i andlet-til-andlet tilhøve. Grunna at kommunikasjonsmønster er forbunde med konkrete stoder som til dømes krinsar kring hushaldet eller landsbyen, er abstraksjon fråværande. Eit ekstraminne i form av skrift, som kunne gjort det mogeleg å jamføre ei stode i fortida med samtida, vantar òg. Det muntlege er forgjengeleg, og då eit skriftleg ekstraminne er sett på som ein føresetnad for kritisk jamføring, seier det seg sjølv at muntlege samfunn ikkje kjenner til kritisk bruk av fornufta. Eit skriftleg samkvem, derimot, får med skrifta tilgang til ei kommunikasjonsform som omkalfatrar tankeprosessar og i siste instans heile verdsbiletet; i staden for den konkrete forankringa til kommunikasjonen, opnar skrift for ei heil rekkje prosessar som ofte er sett på som typisk moderne. Stutt sagt, med eit skriftleg ekstraminne tek ein til å jamføre fortida med samtida, og frå denne jamføringa er vegen kort til å byrje å stille kritiske spørsmål ved kvifor fortida skil seg frå samtida. Kritisk refleksjon kjem såleis på banen. I neste omgang leier denne kritiske bruken av fornufta til ein abstraksjon av innhaldet i ei fortid. Abstrakte eller objektive kategoriar vert grunnlaget for jamføring, ikkje den konkrete historiske stoda. I den teoretiske handsaminga av kommunikasjonsmønster, er det nettopp dei trekka som skil det muntlege frå det skriftlege som vert abstrahert til idealtypar.4
Det er med andre ord dei ekstreme trekka til kvar kommunikasjonsform som vert nytta som eit kjenneteikn, medan trekk som er sams for båe kommunikasjonsformene lett vert gløymde. Generelt er idealtypar difor aprioriske; ein har på førehand eit bilete av korleis den muntlege som skild frå den skriftlege kommunikasjonen vil ta form, uavhengig av den historiske hendinga eller prosessen. Frå det som er sagt, er det òg openbart at me har å gjere med strukturkategoriar; målsetjinga er å koma opp med ein formel som grip kommunikasjonsmønster uavhengig av tid og stad. Det muntlege og det skriftlege hjå great divide skulen har difor ålmenn gylde. Kva skjer då når ei gjeve historisk hending vert analysert i ljos av desse kategoriane?
For det fyrste leier det idealtypiske i kategoriane til at ein lett leiter etter dei ekstreme trekka som skil det muntlege frå det skriftlege. Eit deduktivt element er difor dominerande, og i verste fall leier det aprioriske til at forskaren på førehand har avgjort kva han leiter etter. Denne innsikta kring bruken av idealtypar er ikkje ny, og allereie opphavsmannen til typane, Max Weber, innsåg problema kring bruk av idealtypar.5 For det andre leier det sterke strukturelle elementet i teorien til at dei historiske aktørane anten vert mist av syne, eller at dei framstår med eit handlingsmønster bestemt ut i frå om dei tilhøyrer eit muntleg eller eit skriftleg verdsbilete.6 Hjå Eversbusch er denne tendensen lett synleg. Fyrst nyttar Eversbusch idealtypane til å klårt skilje mellom Urban som representant for eit skriftleg verdsbilete, og dei store massane ved Clermont som tilhøyrande ein muntleg kultur. I denne lesinga dreier det seg om eit anten-eller; anten muntleg eller skriftleg. Ein idealtypisk definisjon av desse kategoriane gjer at ekstreme trekk ved kvar kommunikasjonsform vert nytta som teoretisk råme i analysa. Urban II er fanga av det skriftlege verdsbiletet, og er ute av stand til å kommunisere på same premissar med folkemassane som er definerte i høve til eit muntleg verdsbilete. Eversbusch talar såleis om at “misforståelsens retorik ved Clermont synes at være udsprunget af de mentalitetsbetingelser, som den orale, hedensk prægede verdensopfattelse implementerede hos de mange lægfolk…mange af de uoplyste må således have tolket pavens budskab som en krigserklæring mod alle onde mennesker.”7 Går me til det avgrensa kjeldematerialet – det finst fleire skildringar av Urban sin tale, men i beste høve tre av skribentane var til stades i Clermont8 – er det fullt mogeleg å tolke kjeldene i ljos av eit muntleg/skriftleg skilje. Ein finn vanlegvis kva ein leitar etter, og særleg gjeld dette for ein så kjeldefattig periode som høgmellomalderen. Poenget her er då heller ikkje Eversbusch si tolking av kjeldene isolert sett, men den noko uheldige tilnærminga til dette kjeldematerialet. Nettopp av di det finst så få kjelder i denne perioden, er det særs viktig å ikkje nærme seg dette materialet med ei på førehand fastsett oppfatning av kva ein ser etter. I dette høvet vil idealtypane i stor mon avgjere kva trekk ein skal leite etter, nemleg dei som best illustrerer eit klårt skilje mellom eit muntleg og eit skriftleg verdsbilete. Dei teoretiske kategoriane opnar såleis ikkje for å gripe dei delane av kommunikasjonsmønstra som ikkje vert omfamna av idealtypane; meir moderate element i dei to typane, eller sider sams for det muntlege og det skriftlege, er uråd å få grep om då dei to idealtypar berre inneheld eit gjeve tal med gjensidig utelukkande definitoriske trekk (kritisk bruk av fornufta versus logosframand). Dette inneber ikkje at literacy-teori er ein blindveg; tvert om, ei slik tilnærming kan heilt klårt gje nye perspektiv på ei rekkje historiske hendingar og prosessar. Dette fordrar derimot eit medvit om avgrensingane i bruken av den teoretiske råma, og ein freistnad på å kompensere for desse avgrensingane ved å lyfte blikket mot kommunikasjonsmønster som går utover dei idealtypiske. Heilt konkret inneber dette å snu forteikna; i staden for å tilnærma seg ei historisk hending i ljos av ei idealtypisk teoretisk råme, må ein granske den faktiske bruken av ei gjeven kommunikasjonsform på eigne premiss. Kjeldene må få tale, utan at ein på førehand har avgjort kva røyster som skal fangast opp og nyttast i ei vidare analyse. Røyndommen er vanlegvis langt meir komplisert enn det ein teoretisk dikotomi er i stand til å fange opp, og særleg gjer dette seg utslag i ein vekselverknad mellom det muntlege og det skriftlege.
Kommunikasjonsmønster på andre halvdel av 1000-talet
I nyare forsking som granskar tilhøvet mellom muntleg og skriftleg kommunikasjon, har vekselverknaden mellom dei to kommunikasjonsformene fått stadig meir merksemd.9 Somme har jamvel byrja å tale om ei tredje kommunikasjonsform i tillegg til den muntlege og den skriftlege, nemleg den aurale.10 Særleg forsking i mellomalderperioden har vorte merksam på at skriftkulturen ikkje berre var kjend for det avgrensa talet som kunne lese- og skrive.11 Sosiale grupper som vanta denne kunnskapen, kunne ta del i skriftkulturen gjennom å få ein skriven tekst formidla offentleg gjennom til dømes høgtlesing og song.12 Auralitet inneber såleis ein mellomkategori mellom det muntleg og det skriftlege, og skiplar på mange måtar den enkle todelinga til great divide skulen. Men å gå frå ei teoretisk råme med to kategoriar, til ei med tre kategoriar, hjelper oss berre eit stykke på veg. Endå viktigare er det at kategoriane ikkje vert tekne for meir enn dei er; nemleg tentative og heuristiske reiskap for betre å få grep om den sosiale røyndommen. I kva grad det gjer meining å operere med slike kategoriar, må bli handsama i kvart einskilde historiske høve. I vår samanheng er det av interesse å vite noko om lese- og skrivekunna til dei sosiale gruppene som var involverte i Clermont, samstundes som meir generelle kommunikasjonsmønster- og kanalar må bli sett under lupa. I det heile teke må eit omtrentleg bilete av den sosiale omgjevnaden vere på plass før det gjev meining å analysere talen til Urban ut frå dei samtidige skildringane frå Clermont.
Eit nøkkelord i freistnaden på å få grep om kommunikasjonsmønstra på andre halvdel av 1000-talet er investiturstriden. Tilhøvet mellom kommunikasjon og sosiale hendingar er særleg klår på 1000-talet då mykje av den intellektuelle energien var knytt til den store striden mellom kyrkja og den verdslege makta. Den tidlege mellomalderen hadde knapt vitna strid mellom dei to samfunnsmaktene, og det må ha vore eit sjokk for folk flest at framståande kyrkjemenn krangla med kvarandre. Striden handla mykje om usemje om grensene mellom den geistlege og det sekulære området, og då det ikkje fanst ein endeleg instans som kunne ta avgjersler kring desse spørsmåla, vart det viktig for båe sider å spreie si tolking av stridsspørsmål.13 Det utvikla seg såleis nye kommunikasjonskanalar, samt at eldre kanalar vart rusta opp og tekne i bruk att: polemiske traktatar, stridsdikt, brevskriving, krønikeskriving og bruk av legatar og utsendingar som til saman omkalfatra dei tradisjonelle kommunikasjonsmønstra.
I sentrum for all denne aktiviteten stod det skrivne ordet. I motsetnad til i karolingartida, då skriftkulturen var avgrensa til ein intellektuell elite kring hoffet til Karl den store, og berre i liten grad vart spreia utover denne krinsen gjennom utsendingar og skrivne lover, er andre delen av 1000-talet litterær i ein heilt annan grad. Nyare forsking har i stor mon revidert eldre vurderingar av perioden som peika på at det utelukkande var geistlege som hadde lese- og skrivekunnskap.14 No er det openbart å gå for langt å tileigne folk flest lesekunnskap, verken på latin eller på morsmålet. Likevel er det heilt klårt at stendig fleire sosiale grupper måtte forhalde seg til skriftleg samkvæme. Berre frå investiturstriden er det overlevert over tre hundre brev frå keisar og pave, og fleire av desse er adresserte til typiske lekmiljø som kongar, fyrstar og hoff. For sosiale grupper lengre nede på den sosiale rangstigen, gjeld det at denne folkekulturen i aukande grad kom i kontakt med skriftkulturen gjennom den aurale kommunikasjonsforma. Brevlitteraturen frå investiturstriden inneheld fleire brev adresserte til store kongregasjonar, og jamvel nokre til folk i større landområde som Frankrike og Tyskland.15 Sjølv om me ikkje veit sikkert i kva grad innhaldet i desse breva vart gjort kjende for lågare sosiale lag, talar både krønikeskrivarar og polemiske skribentar om at brev frå Gregor VII vart lest opp frå talarstolen og såleis gjort kjende for tilhøyrarane. Utsegner frå eit breitt utval av historikarar og polemiske skribentar, tyder på at skriftkulturen langt frå var reservert for den geistlege eliten. Sigebert av Gembloux, Alberic av Monte Cassino og Manegold av Lautenbach peiker alle på korleis den litterære kulturen vart spreia til eit større publikum gjennom aural kommunikasjon.16 Rett nok var det framståande geistlege som utan tvil meistra skriftkulturen best. Men å vurdere kommunikasjonsmønstra på andre halvdel av 1000-talet som eit svartkvitt bilete, der ein anten var geistleg og litterær eller lekmann og dermed vanta denne kunna, gjer vald mot kjeldematerialet. Andre halvdel av 1000-talet var såleis prega av langt meir offentlege kommunikasjonsmønster jamført med karolingarperioden, og krosstogsbodskapen passar fint i eit slikt mønster.17 Poenget i høve til Eversbusch si handsaming av talen til Urban, er at nettopp ei slik svartkvitt framstilling vert lagt til grunn for analysen: “Urbans inventio har med andre ord været konciperet inden for rammerne af en litteral, begrebsligt præget bevidsthedssfære, der stod i kras kontrast til de mange analfabetiske tilhøreres sanseligt dominerede og oralt opbyggede tankeverden… den analfabetiske menigmand har ikke behersket de lærde teologers abstraktionsniveau.”18
Spreiinga av
krosstogsbodskapen
Analysen til Eversbusch er problematisk, og det av fleire grunnar. Ein grunn stammar, som me har sett, frå ein noko ukritisk bruk av idealtypar som vert trett nedover ei historisk hending utan omsyn til grunnleggjande og meir omfattande kommunikasjonsmønster. Idealtypane – skriftleg og muntleg – er knytt til klårt avgrensa sosiale grupper der Urban står som representant for eit skriftleg verdsbilete som utelukkar ei forståing av samfunnslag som i større eller mindre grad vanta lese- og skrivekunne. Den teoretiske råma tillet heller ikkje å differensiere mellom grader av litterære evner; anten er ein litterær, eller så vantar ein denne evna. I denne historiske hendinga gjev ei slik teoretisk råme seg alvorlege utslag, noko som lett vert synleg om me spør kven som var publikumet? Frå kjeldene er det vanskeleg å seie noko sikkert både om talet på tilhøyrarar, så vel som kva sosiale grupper som høyrde på talen til Urban.19 Tala varierer frå åtti til over fire hundre,20 men me kan nytte Fulcher sitt tal på 310 som eit utgangspunkt.21 Utover eit sterkt geistleg innslag av biskopar, representantar for pavekanselliet og lågare geistlege, var det eit monaleg innslag av framståande lekfolk og riddarar. Både Fulcher, Robert, Guibert og Balder,22 samt to av fire brev som Urban sendte ut rett etter Clermont adresserer meir eller mindre eksplisitt riddarar.23 Balder fortel i tillegg om adelege.24 Truleg var det òg vanlege folk til stades då talen måtte haldast utanfor kyrkja grunna plassmangel.25 Framfor alt ønska Urban å meddele bodskapen til riddarane.
Frå det som er sagt framfor om kommunikasjonskanalar, er det ikkje gjeve at desse mangla lesekunnskap. Dei fleste må ha hatt tilhald i ulike hoffmiljø som i aukande grad måtte forhalde seg til skriftkulturen. Frå ei annan side er det òg feil å framstille Urban II som fanga i eit skriftleg verdsbilete utan høve for å forstå den muntlege kommunikasjonsforma. Kommunikasjon fungerer aldri i isolasjon, og ei aukande verkselverknad mellom det muntlege og det skriftlege i perioden fekk naturleg nok følgjer òg for skriftleg kommunikasjon. Urban (eller Odo frå Châtillon som han heitte før han vart utnemnd til pave) var openbart lærd. Han verka som erkediakon ved skulen i Rheims frå andre halvdel av 1050-talet, før han kring 1074 vart prior ved Cluny-klosteret. Fem år seinare fekk han stillinga som kardinalbiskop, før han vart innsett som pave Urban i 1088.26 Ei slik intellektuell danning inneber derimot ikkje dette at han var avsondra frå den muntlege kulturen. Ei slik isolering er i beste høve mogeleg å gjennomføre på eit teoretisk nivå, og ligg som ein premiss i skiljet mellom ei idealtypisk syn på det muntlege og det skriftlege. Men med ein gong eit slikt teoretisk syn må forhalde seg til den historisk røyndommen, syner tilnærminga sine avgrensingar seg.
Urban II skilde seg frå forgjengaren, Gregor VII, ved å ha eit betre utvikla instinkt for kommunikasjon. Som kardinalbiskop verka han i periodar som legat i Tyskland, og fekk dermed andlet-til-andlet kontakt med den mangfaldige kristne kulturen. I høve til Clermont-talen, gjev den umiddelbare forhistoria til hendinga eit bilete av ein geistleg som på ingen måte var avsondra frå den muntlege og aurale kommunikasjonsforma. I dei ni månadene som gjekk frå eit fyrste krosstogskonsil i Piacenza tidleg på året til Clermont, reiste paven kring og spreidde krosstogsbodskapen.27 Sjølv om kjeldene seier lite konkret om kva publikum som møtte paven utover det geistlege innslaget, er det vanskeleg å tenkja seg at paven var heilt avsondra frå folkeleg samkvem. Det er slett ikkje umogeleg at talen i Clermont tende gløden hjå større grupper enn det Urban på førehand hadde rekna med. Balder fortel i samband med dette at talen rørte fleire til tårer.28 Frå andre kjelder går det fram at paven ikkje ønska kvinner og born med på krosstoget.29 Men å hevde at grunnen til masseoppslutninga var ein misforstått retorikk botna i eit skilje mellom ei muntleg og ei skriftleg verd, gjev knapt meining i ljos av dei meir omfattande kommunikasjonsmønstra i perioden.
Desse kommunikasjonsmønstra gjekk som sagt langt utover det som kan forventast om me held fast på ei skarp todeling av sosiale grupper i høve til eit skilje mellom muntleg og skriftleg. Den til no einaste skildringa som tek føre seg kommunikasjonsnettverk i høve til krosstoga, taler om ei rekkje formelle og uformelle kommunikasjonskanalar som til saman spreidde krosstogsbodskapen.30 Blant dei formelle kanalane talde institusjonelle ordningar som kyrkjeråd, legatar og utsending av korrespondanse til geistlege og lekfolk. Denne bodskapen vart så formidla vidare gjennom opplesing av paveleg korrespondanse for kyrkjelyden. Eit brev frå Urban sendt ut nett etter Clermont, seier mykje om kommunikasjonskanalar i høgmellomalderen. Eit brev til kongregasjonen i Vallombrosa skrive 7 oktober 1096 om krosstoget, avsluttar med ei oppfordring: “me vil at dykk skal lese dette brevet til munkane og lekbrørne som er samla, og la andre kloster få kjennskap til innhaldet.”31 Oppfordringa er ein klår indikasjon på korleis skriftkulturen vart formidla gjennom aural kommunikasjon. Brevet er skrive på latin, og me høyrer ikkje noko om omsetjing til morsmålet. Frå innhaldet i brevet, som blant anna oppfordrar riddarar til krosstogsverksemd, kan me gå ut i frå at dei omtala lekbrørne må vere riddarar. I så høve må denne gruppa ha forstått litt latin. Passasjen stadfestar såleis inntrykket frå nyare forsking som legg vekt på at riddarstanden endrar seg i perioden, og tek til å nærme seg statsadministrasjonen og denne institusjonen si tilhøyrande bruk av skrift.32
Dei uformelle kanalane dreidde seg hovudsakleg om preike, og det var truleg gjennom slik kommunikasjon at krosstogsbodskapen vart gjort kjend for folk flest. Baldric rapporterer om at Urban beinvegs oppfordra til å preike krosstogsbodskapen,33 og Fulcher er heller ikkje til å mistyde: “I denne saka, oppfordrar eg dykk, gjetarane til Kristus, med ei ærleg bøn – ikkje eg, men Herren – slik at dykk gjennom preike kan overtyde alle, uavhengig av klasse, riddar eller fotsoldat, rik eller fattig, om å hjelpe dei kristne innbyggjarane i tide ved å drive dette folkeslaget frå våre landområder”. Fulcher fortel òg om korleis dei uformelle kanalane fungerte, då bodskapen frå rådet og talen vart muntleg spreia av deltakarane.34 Utover dette, er soga om korleis Peter einebuaren si preike rekrutterte fleire tusen ivrige krosstogsfararar velkjend. I forskinga har det vorte gjort eit poeng utav at av dei kanskje 140000 deltakarane på det fyrste krosstoget,35 var særs mange rekruttert gjennom slike såkalla uformelle kanalar.
Dei metodiske poenga her er fleire: for det fyrste synast det umogeleg å få grep om mangfaldet av kommunikasjonsmønster om ei skarp todeling mellom det skriftlege og det muntlege, med det aurale utelukka, vert gjort gjeldande. Bruk av idealtypar fører dernest til at vekselverknadene mellom dei ulike kommunikasjonsformene vert tapt av syne, då det er dei ekstreme trekka ved kvar form som er abstrahert til idealtypar. Endeleg syner denne stutte gjennomgangen kor viktig det er å fokusere på den sosiale bruken av kommunikasjon: kven nyttar skrift og kvifor? Dette fordrar eit kjennskap til publikum, og korleis publikumet reagerer på bodskapen, anten forma er muntleg, aural eller skriftleg.
Urban II sin retorikk
Eit andre problem med Eversbusch si analyse er ein manglande klårleik i gangen i argumentasjonen. Eversbusch hevdar på ei side at Urban sin intensjon var å nå ut til eit breitt publikum, noko som forklarar både at paven valde ein stor plass av di han ønska å nå fram til eit stort publikum og somme retoriske verkemiddel.36 Av desse verkemidla rettar Eversbusch merksemda mot pathos-elementet, vekt på kjensler og eit aspekt av amplificatio som til saman “hvis man skal tro Robert Munk, formåede Urban også på en mere spontan og umiddelbart effektfuld måde at lade tilhørerskarens hæftige bevægelse tjene sit retoriske formål.”37 På den andre sida talar Eversbusch om “misforståelsens retorik”,38 og korleis “Urbans dilemma bestod i, at hvor han som afsender frakendte lavstændernes folk i sit publikum enhver status af ‘formidlere af forandring’, der har den samme skare i høj grad opfattet sig selv som sådan.”39 Kva er eigentleg meint her? Om Urban frå ein kant medvite nytta seg av retoriske verkemiddel med det føremål å riva publikum med, vert det på den andre sida vanskeleg å tale om ein “misforståelsens retorik” i tydinga at han appellerte til ‘feil’ grupper. Når Eversbusch i tillegg nyttar retoriske kategoriar for å analysere Urban sitt skriftlege verdsbilete, oppstår eit uklårt tilhøve mellom form og innhald og korleis dette er knytt saman med det skriftlege og det muntlege. Retorikken er frå gamalt av talekunst, og såleis nær forbunde med den muntlege kommunikasjonsforma.40 Det er såleis ei muntleg form som formidlar eit innhald til eit gjeve publikum. Om Urban ikkje hadde til føremål å appellere til eit breitt publikum, verkar det noko merkeleg at han skulle ha nytta slike kraftige retoriske verkemiddel. Når Eversbusch hevdar at paven nytta slike typiske muntlege kategoriar, er dette indirekte eit uttrykk for at Eversbusch sjølv går utover dei idealtypiske kategoriane og rettar merksemda nettopp mot vekselverknaden mellom det muntlege og det skriftlege. Det er forresten eit poeng at Eversbusch nesten utelukkande nyttar skildringa til Robert av Rheims; i motsetnad til dei andre skildringane, særleg til Fulcher si langt meir nøkterne avbilding av Urban sitt pathos-element, er historieskrivaren frå Rheims så oppglødd at det er grunn til å mistenkje skildringa for å vere farga av personlegdommen til skribenten sjølv. Dette gjev seg utslag i kraftfulle hyllingar av det som nesten kan kallast ein fransk nasjonal identitet, så vel som det kjende biletet av folkemengda som roper ‘gud vil det, gud vil det’ etter at Urban har tala.41
Eit siste problem med handsaminga, har å gjere med dei retoriske trekka og eit skilje mellom form og innhald. Som sagt var kanskje tre av historieskrivarane til stades i Clermont under talen. Sjølv for dei som visst nok var til stades, kunne det knapt late seg gjere å formidle nøyaktig kva som vart sagt. Nedskrivinga gjekk jo føre seg mellom fem og tretten år etter at hendinga fann stad. Når me i tillegg veit at historieskrivarar i mellomalderen var særs glade i å nytte retoriske verkemiddel i sine eigne framstillingar,42 er det ikkje sikkert at forma som historieskrivarane tilkjenner talen til Urban faktisk vart nytta av Urban sjølv. Nyare forsking kring sogeskriving i mellomalderen, har gjentekne gonger peika på eit særs komplekst tilhøve mellom sjølve det historiske innhaldet og den retoriske forma. Ikkje berre vantar perioden i stor mon ei kritisk oppfatning av historiske fakta. Retoriske modellar tok jamvel ofte overhanda slik at framstillinga vart organiserte kring faste tema, topoi, og tankar om korleis dei historiske fakta kunne manipulerast inn i ei slik råme.43
I tillegg var bruken av retoriske modellar verken eintydige eller rettlina. Det er umogeleg å tale om ein retorisk modell med hegemoni i mellomalderen. I staden var sjølve presentasjonen mangfaldig ved at den inkluderte fleire ståstader prega av segmentering og ikkje-linearitet; forteljinga var integrert i ein større heilskap som kunne vurderast frå fleire ståstader, og dei kognitive strukturane krinsa aldri kring ein einskild narrativ.44 Soge, både antikk og mellomaldersk, var eksemplarisk i tydinga og ikkje sjeldan vart den faktiske historiske framstillinga forstyrra og omforma for å klårare presentere ein leksjon, ofte gjennom døme, exempla.45 John O. Ward talar om korleis verdien og røyndommen i soga låg i attforteljinga. Nettopp denne attforteljinga framstod som den kreative litterære utfordringa som opna for at historieskrivaren kunne syne evnene i latin, samt kjennskap til retoriske modellar i antikken.46 I samband med Urban sin tale, hevdar Jean Richard at når alle skreiv etter hendinga, så seier det seg sjølv at kvar rekonstruerte talen i samsvar med ein tradisjon av ‘fiktiv tale’ arva frå antikken.47
Det er sjølvsagt ikkje utenkjeleg at Urban faktisk nytta ei sterk retorisk råme kring innhaldet i talen. Men om det no er historieskrivarane som har ikledd innhaldet ein slik retorikk, bryt analysen til Eversbusch saman før den i det heile teke har starta. På dette punktet kunne det nok ha vore lurt å skilje klårt mellom form og innhald, og teke viss reservasjonar kring det som har med forma å gjere. Eversbusch tek for gjeve at den retoriske forma formidla av kjeldene er ei nøyaktig avbilding av den retoriske situasjonen, og problematiserer overhovudet ikkje formidlinga av talen gjennom historieskrivarane. Dette vert for enkelt; frå det som er sagt, er det umogeleg å finne ut nøyaktig kva Urban sa, og i kva form. Når Eversbusch i tillegg nyttar den same retoriske analysen til å koma med forklaringar på entusiasmen hjå folket, vert det nytta vel mange snarvegar. Fundamentale metodiske poeng kring overlevering er oversett, og grunnen er kanskje den motseiinga Eversbusch hadde støytt på om han hadde teke føre seg slike metodiske punkt; om Eversbusch på den eine sida hadde argumentert for at retorikken var ornament hengt på av historieskrivarane, ville resten av argumentasjonen ha henge betre saman, då dei typiske muntlege trekka som retorikk inneber ikkje ville ha skipla Eversbusch si hevding om Urban sitt reint skriftlege verdsbilete. Ein slik reservasjon ville på den andre sida ha skipla Eversbusch sitt sentrale poeng, nemleg at det var Urban sin bruk av retoriske element som årsaka entusiasmen.
Eit siste punkt som òg har samband med den retoriske situasjonen må stutt handsamast. Stikkord her er tilhøvet mellom morsmål og latin. Eversbusch hevdar at det er godt mogeleg at talen vart formidla på morsmålet. Morsmålsoverlevering er i det heile teke ein føresetnad for Eversbusch sin argumentasjon, og det er slettes ikkje umogeleg at Urban tala på morsmålet sitt. Problema oppstår igjen når blikket vert retta mot sogeskrivarane si handsaming av dette materialet. Spørsmålet om publikum dukkar her opp att. Urban kommuniserte med eit breitt samansett publikum, og det gjev såleis meining om formidlinga var på morsmålet. Sogeskrivarane nytta derimot latin, og berre valet av språk seier noko om kva publikum historikarane såg føre seg. Latin var – trass større utbreiing i perioden – eit elitespråk, og med latin kjem òg retoriske modellar. I tillegg til at den latinske forma avgrensa publikumet, fortel fleire sogeskrivarar at riddarar, folk lågare på den sosiale rangstigen og yrkesarbeidarar ikkje var rekna som publikum.48 Nettopp dei sosiale gruppene, særleg riddarstanden, som var eit mål for Urban sin propaganda, vart truleg ikkje sett på som publikum for historieverka. Er det på bakgrunn av dette rimeleg å rekne med at det er eit ein-til-ein samsvar mellom Urban sin tale og formidlinga av denne hjå sogeskrivarane?
Eit muntleg og
eit skriftleg verdsbilete?
Eit neste problematisk aspekt ved bruken av muntleg og skriftleg som idealtypar har å gjere med dei ulike verdsbileta som er knytt til dei to idealtypane. Great divide skulen opererer som sagt med ein klår todeling mellom muntleg og skriftleg, der dei to kommunikasjonsformene er knytt til gjensidig utelukkande trekk eller verdsbilete. Skrift er sett lik med kritisk tenking og abstraksjon, medan muntleg samkvem er definert negativt som fråværet av desse trekka. Sett at Eversbusch har eit poeng i å tileigne Urban II eit reint skriftleg verdsbilete, og tilhøyrarane ved Clermont eit muntleg verdsbilete, treng ikkje dette å tyde at det faktiske innhaldet i desse kategoriane er gjensidig utelukkande. Nyare forsking har synt at muntleg kommunikasjon ikkje vantar reiskapar for å etablere eit ekstraminne. Debatten kring det muntleg-formulariske i den homeriske diktinga og om korleis poetane makta å halde opp til 15000 liner i minnet, seier noko om korleis muntleg kommunikasjon inkluderer metodar for å etablere eit ekstraminne.49 Antropologen Ruth Finnegan har gått vidare, og hevda at ei rekkje muntlege sjangrar som lyrikk, poesi, song, soger i prosa og drama kan tilføre kommunikasjon ein distanserande funksjon til liks med eit skriftleg ekstraminne.50 Det er heller ikkje så sikkert at muntleg samkvem vantar kritisk refleksjon og evne til abstrakte resonnement, noko Rosalind Thomas har minna oss på med den greske antikken som utgangspunkt.51 Jamt over har merksemda i seinare forsking vorte flytta frå å tale om skrift sine autonome trekk, til i staden å leggje vekt på potensialet i skriftkulturen – til dømes kritisk refleksjon og abstrakt tenking.52 Med andre ord, skrift må fyrst nyttast, og det er ein slik sosial bruk av kommunikasjon som eventuelt kan leie til sosiale og kognitive endringar.
Det skriftlege og det muntlege verdsbiletet er kanskje ikkje så ulike likevel. Spørsmålet dreier seg meir om den konkrete bruken av kommunikasjon, enn om fast definerte trekk knytt til den skriftlege og den muntlege idealtypen. Eversbusch si analyse tek for gjeve at det muntlege og det skriftlege er knytt til kvar sine verdsbilete, og stiller såleis ikkje spørsmål med sjølve innhaldet i idealtypane. Det muntlege verdsbiletet til storparten av tilhøyrarane forma tolkinga av Urban sin tale slik at det var dei konkrete, emosjonelle sidene som nådde fram. Framfor såg me kor vanskeleg det var å seie noko konkret om intensjonen til sogeskrivarane som formidla hendinga. Det er ikkje det spor lettare å få grep om korleis det breitt samansette publikumet tolka bodskapen. Truleg var tolkinga prega av eit mangfald som i all høve ikkje kan pressast inn i den muntlege idealtypen si vekt på det konkrete og emosjonelle. Eversbusch har eit poeng i at langt i frå alle forstod Urban sitt sofistikerte syn på krosstoga. Å skilje mellom dei framståande geistlege som forstod kva Urban eigentleg meinte gjennom å vere knytt til eit skriftleg verdsbilete, og lekfolk der eit muntlege verdsbilete tvang fram ei sams emosjonell tolking, er i beste høve ei forenkling. Synet minner om Jacob Burchardt si vidfemnande, og for lengst attendeprova, tese om mellomalderen sin kollektive mentalitet, jamført med den nye vekta på individet særprega for renessanseperioden.53 Det er ikkje vanskeleg å finne eit utal ulike tolkingar av Urban sin bodskap blant lekfolk. Nokre tolka bodskapen i ljos av riddarmentaliteten formidla gjennom dei samtidige chansons de geste; andre forstod talen som ei oppfordring til ei apokalyptisk pilegrimsferd; ei tredje tolking innførte sekulære føydale idear til krosstogsretorikken: oppgåva var difor ein kamp for landområda til Kristus som deira herre, på same måte som dei var vane med å kjempa for sekulære styrarar; endeleg tolka ei siste gruppe bodskapen som ei plikt til å kjempe for sine kristne brør mot tyrkarane.54
Til saman gjev dette ei ytterlegare stadfesting av kor problematisk det er å operere med for vide teoretiske kategoriar som tvingar eit sams verdsbilete på eit mangfald av sosiale grupper. No er det ikkje umogeleg at det finst historiske hendingar der desse typane passar som ei teoretisk råme. Dette må i alle høve granskast i kvart einskilde historiske høve. Igjen fordrar ei slik tilnærming å lyfte blikket i ein freistnad på setje ei gjeve hending inn i større kommunikasjonsmønster. Framfor peika me på at kommunikasjonsmønstra i samtida var prega av ein vekselverknad mellom det muntlege, det aurale og det skriftlege, og at denne vekselverknaden såleis skipla den enkle todelinga mellom den skriftlege og den muntlege idealtypen. Eversbusch si eiga analyse av talen, der han rettar blikket både mot muntlege og skriftlege idealtrekk i talen, syner indirekte avgrensingane til ei teoretisk råme som opererer med ein dikotomi mellom det muntlege og det skriftlege.
Det er med andre ord både vanskeleg og farleg å generalisere om verdsbilete i høve til ei gjeven kommunikasjonsform. Sjølv om det skulle vere mogeleg å generalisere på ein slik måte, treng dette heller ikkje innebere at det er skiljet mellom eit muntleg og eit skriftleg verdsbilete som borgar for dei ulike tolkingane som Eversbusch tillegg paven, jamført med tilhøyrarane. Frå ei side er det mogeleg å hevde at tolking er ei ålmenn eigenskap som ikkje har noko med skrift eller muntleg samkvem å gjere.55 Frå ei anna side rettar Eversbusch sin bruk av idealtypar merksemda mot i kva grad slike typar kan tene som forklaringar på historiske hendingar og prosessar. På dette punktet er det tenleg å hugse på skiljet mellom naudsynte og tilstrekkelege forklaringar på den eine sida, og skiljet mellom avhengige og uavhengige variablar på den andre. I nyare forsking kring tilhøvet mellom muntleg og skriftleg kommunikasjon, har det vorte peika på korleis det klåre forklaringspotensialet i idealtypane lett vert gjort uttømmande i freistnader på å forklare ei historisk hending.56 Dette er slett ikkje overraskande. Idealtypane, med sine gjensidig utelukkande trekk, gjer det lett å få auge på endringar. I tillegg forfektar somme representantar for great divide-skulen ei form for automatikk i måten det skriftlege invaderer det muntlege; når skriftkulturen fyrst får innpass i eit muntleg samfunn, vil skriftteknologien i seg sjølv pressa fram endringar i retning av dei trekka som apriorisk er definert som særskilde for det skriftlege verdsbiletet.
På papiret er dette skjemaet klårt nok. Men, som me har sett, med ein gong desse tilsynelatande greie kategoriane må forhalde seg til ein sosial røyndom, syner det seg at røyndommen er langt meir kompleks enn kategoriane er i stand til å fange inn. Mykje slepp med andre ord unna, og dei elementa som ikkje vert fanga inn av idealtypane er nettopp dei som i stor grad styrer bruken av ein gjeven kommunikasjonsform. Då idealtypane er strukturkategoriar, er dei naturleg nok lite opptekne med kva som går føre seg på aktør-nivået; påverknadsretninga går frå strukturen til det sosiale feltet, med berre avgrensa høve for attendemelding eller ‘feedback’. I samfunnsvitskapleg terminologi vert den skriftlege teknologien ein uavhengig variabel som påverkar hendingar og prosessar i det sosiale feltet. I ljos av dette har fleire representantar for great divide-skulen gjort den skriftlege teknologien til både ei naudsynt og ei tilstrekkeleg forklaring for ei rekkje sosiale prosessar. Marshall McLuhan si skildring av verknaden av prentepressa og korleis denne vert gjeve eineansvaret for framveksten av det moderne mennesket, er eit ekstremt døme.57 Det finst òg andre.58 Om me i staden snur ting på hovudet og spør kvifor og kven som nyttar ei gjeve kommunikasjonsform, rettar merksemda seg i staden mot aktøren og den sosiale omgjevnaden. Tilhøvet mellom muntleg og skriftleg kommunikasjon vert med ein gong langt meir komplisert, og syner seg i dei fleste høva å vere særs vanskeleg å forutseie. I tillegg til å handsame ei konkret hending (talen til Urban), må vekta leggjast på det sosiale miljøet generelt og kommunikasjonsmønstra som gjorde seg gjeldande i perioden særskild. Framfor har det vorte gjort ein freistnad på å plassere talen i Clermont inn i ein sosial samanheng, samt peike på somme teoretiske problem ved bruk av idealtypar som teoretisk råme. Somme av desse poenga skal i det følgjande bli nytta i eit stutt blikk på forklaringspotensialet til literacy-teori.
Literacy-teori
som forklaringsmodell
Sistnemnde poeng står i samband med kor viktig det er å få grep om vekselverknaden mellom historiske aktørar som fungerer i ein sosial omgjevnad på den eine sida, og kommunikasjonsmønster og kanalar på den andre. Dette har igjen å gjere med høvet for å forklare krosstogshendinga gjennom å syne til andre faktorar enn den entusiasmen som utan tvil vart årsaka av Urban sin tale. Nyare forsking kring krosstoga har lagt mykje vekt på den såkalla forhistoria til krosstoga. Særleg tilhøvet mellom den reint intellektuelle rettferdiggjeringa og propagandaen av denne heilage krigen,59 og i kva grad jordsmonnet var førebudd for desse ideane har stått sentralt. Fyrst har det vorte peika på at pilegrimsreiser langt frå var eit nytt fenomen, og at det til og med fanst døme i den nære fortida i form av pilegrimsreiser frå Tyskland på 1030 og 1060-talet.60 Dernest står fredsrørsla som viktig i mange analysar; frå seint på 900-talet til fyrste halvdel av 1000-talet bidrog denne nesten pasifistiske folkerørsla til at fleire grupper, og særskild riddarar, fekk større kjennskap til siviliserande tankar.61 Merksemda har òg vorte retta mot korleis kyrkja i seg sjølv var ei viktig inspirasjonskjelde for mange lekmenn.62 Eit siste punkt som skal nemnast, er at Urban sine planar på mange måtar hadde ei nær forhistorie i ein plan om ei krosstog sett fram av Gregor VII i 1074.63 Jamt over verkar omkvedet å vere at krosstogsrørsla generelt og den oppslutnaden som vart årsaka av talen til Urban i Clermont, hadde eit mottakeleg jordsmonn. Det var såleis samsvar mellom geistlege sine kanskje meir intellektuelle oppfatningar av krosstog og heilag krig, og lekfolk sine aspirasjonar i høve til kristendommen.64
Denne stutte skissa over nyare forsking som peiker på dei mangfaldige kjeldene til krosstogstanken, og korleis desse vart spreia gjennom ei rekkje kanalar, gjev oss høvet til å setje fram nokre avsluttande metodiske poeng kring muntleg/skriftleg komplekset. Det kan verka som om forklaringspotensialet i dei idealtypiske strukturkategoriane er til lite hjelp om målsetjinga er å forstå kommunikasjonsmønster; kategoriane støyter på problem med ein gong den sosiale røyndommen framstår noko annleis enn det aprioriske biletet som opphavleg ligg i typane. Kva gjer ein så? Ei løysing er å gjere typane meir fleksible, men då går mykje av forklaringspotensialet tapt ved at dei klåre påverknadslinene frå strukturen til den sosiale røyndommen vert skipla. Den teoretiske merkelappen gjeve til slike teoriar er middle range theories;65 desse teoriane freistar å halde fast på ei makrohistorisk råme, utan at dette leier til ein for sterk reduksjon av det empiriske mangfaldet. Ei anna løysing er å presse den sosiale røyndommen inn i dei opphavlege typane, anten umedvite ved at typane rettleier kva ein skal sjå etter, eller medvite ved at ein klipper ut eit lite stykke av den sosiale omgjevnaden og isolerer dette for vidare analyse. Båe tilnærmingane har føremoner, så vel som bakdelar, og val av metode er som alltid avhengig av kva som er målet for undersøkinga. Om målsetjinga er å forstå kommunikasjon i samband med krosstogsrørsla generelt, og pave Urban II sin tale i Clermont særskild, er valet relativt enkelt: utgangspunktet for analysen må vere dei historiske aktørane og det historisk særskilde kommunikasjonsmønsteret som desse aktørane må forhalde seg til, meir enn abstrakte teoretiske typar. Det metateoretiske poenget dreier seg såleis om kor viktig det er å vere medviten om val av tilnærming og metode på den eine sida, og gjennom ei slik medviten haldning vere merksam på sterke, så vel som svake sider ved ei gjeve tilnærming på den andre.
Oppsummering
Denne skissa har freista å illustrere to ulike metodiske tilnærmingar til mellomaldersoga ved å nytte pave Urban II sin krosstogstale i Clermont som historisk utgangspunkt. Båe tek utgangspunkt i literacy-teori, men i to ulike skular innan denne forskinga. Den såkalla great divide-skulen si tilnærming har vorte illustrert gjennom Christian Eversbusch si analyse av Urban sin tale i ljos av ei dikotomisk forståing av tilhøvet mellom muntleg og skriftleg kommunikasjon. Følgja er ei analyse som på mange måtar er interessant og perspektivrik i freistnaden på å nytte literacy-teori på ei historisk hending, men som syner klåre avgrensingar om kommunikasjonsmønster skal forståast på eigne premiss. Bruk av idealtypar med ein tilhøyrande apriorisk definisjon av innhaldet i det muntlege kontra det skriftlege, gjer at den historiske røyndommen må pressast inn i denne på førehand definerte råma. Eversbusch si skildring får difor problem med å gjere reie for det som ikkje passar inn i desse typane: eit mangfald av kommunikasjonsmønster samanfatta i stikkordet auralitet. Utover dette, er analysen til Eversbusch eit døme på ei tilnærming som i forskinga gjerne har vorte kalla ‘ein idé i seg sjølv’;66 idear og tankar vert i større eller mindre grad handsama uavhengig av den sosiale omgjevnaden. Dette er ei tilnærming som i aller høgaste grad kan gje interessante perspektiv på somme historiske hendingar. Om målsetjinga derimot er å få grep om kommunikasjonsmønster kring hendinga i Clermont, er ei slik tilnærming problematisk. Reint metodisk støyter metoden på problem i samband overleveringa av empiriske data frå hendinga, samt at det er vanskeleg å tileigne tilnærminga eit særleg forklaringspotensiale. I det heile teke har nyare forsking vorte stendig meir merksame på problema ved å lese tekstar lausrive frå den sosiale omgjevnaden, eit poeng Valerie J. Flint oppsummerer på ein fin måte. Ho understrekar at ingen ide kan forståast om den ikkje vert plassert innan den umiddelbare historiske konteksten; årsakene til at skribentar tok pennen fatt, publikumet og føremålet bak skriveriet må granskast omhyggeleg.67
Noter
1 Omgrepet verdsbilete er, på same måte som liknande omgrep som mentalitet og diskurs, vanskeleg å definere nøyaktig. Trass i at forskinga i stendig større grad har vorte merksame på definisjonsmessige problem kring bruken av slike omgrep, vert dei framleis nytta relativt ukritisk. Omgrepet verdsbilete vil nedanfor bli knytt opp mot ei idealtypisk oppfatning av tilhøvet mellom muntleg og skriftleg kommunikasjon.
2 Eversbusch (1999), 62.
3 Å tale om skular er sjølvsagt ei forenkling, og slike greie merkelappar kan lett føre til at det store mangfaldet i forskinga kring det muntlege og det skriftlege vert mist av syne. Likevel har me truleg å gjere med eit såpass polemisk landskap, med tilhøyrande klåre frontar mellom to skular, at det kan forsvare å tale om great divide og ein ideologiskule. Det er òg eit poeng at deltakarar i debatten sameleis nyttar slike merkelappar, sjå til dømes Olson & Torrance (ed.) (1991), 149. Somme opererer òg med tre skular, great divide, continuing og ideologiskulen, sjå Olson (1985), 1-19; Street (ed.) (1991), 1-23.
4 Dette oversynet er plukka frå ei rekkje representantar for den såkalla great divide skulen. Viktige innspel i den teoretiske utviklinga inkluderer McLuhan (1962); Havelock (1963); Goody (1968, 1977), Ong (1982).
5 “Idealtypen er ingen ‘hypotese’, men vil angi retningen for hypotesedannelse. Idealtypen er ingen fremstilling av virkeligheten, men vil skaffe fremstillingen entydige uttrykksmidler”, Weber (1971), 199. Av interesse her er debatten kring tilhøvet mellom idealtypar og Norbert Elias sitt omgrep om realtypar der realtypar er sett på som ein teoretisk kategori nærare den sosiale røyndommen, sjå Elias (1983), 3; Mennell 1989: 88. Ei grei oppsummering av den sosiologiske litteraturen kring abstraksjonsnivå og forklaring er gjeven av Alexander (1980). Eit kritisk blikk på tilhøvet mellom idealtypar og historisk forklaring finst hjå Watkins (1973).
6 Litteraturen som har vore kritisk til great divide-skulen sine tankar, har hevda at denne retninga ser på samfunnet som analogt med maskiner og organismar; dei fungerer i høve til eit klårt definert skjema, og kan difor relativt lett bli gjort reie for, sjå Pattison (1982), 41; Vansina (1985), 122.
7 Eversbusch (1999), 65.
8 Dei mest kjende er skildringane til Fulcher av Chartres (skriven mellom 1100 og 1106), Robert av Rheims (før 1107), Guibert av Nogent (før 1108) og Balderic av Bourgueil (kring 1108). I tillegg omtalar Willam av Malmesbury, Ordervic Vitalis og ein anonym forfattar av skriftet Historia de via Hierosolymis og hendinga. Fulcher, Robert og Baldric var høgst truleg til stades i Clermont, sjå Riley-Smith (1981), 40-53.
9 Denne nyare forskinga inkluderer antikken, den tidlege mellomalderen, høgmellomalderen, seinmellomalderen og tidleg moderne tid. For eit representativt utval, sjå høvesvis Thomas (1992); McKitterick (1989); Gellrich (1995); Chartier (1992).
10 J. Coleman tek i ei analyse av Chaucer til orde for at auralitet må reknast som ei eiga kommunikasjonform, og set jamvel fram ein modell for å få grep om denne forma for kommunikasjon, Coleman (1996).
11 Innsikta om at kommunikasjon i mellomalderen i stor grad var ein blanding mellom det muntlege og skriftlege vart allereie sett fram tidleg, sjå Crosby (1936). Nyare granskingar av muntleg og skriftleg kommunikasjon i høgmellomalderen som særleg rettar merksemda mot auralitet inkluderer Stock (1983); Clanchy (1992).
12 M. Richter, som har jobba mest inngåande med muntleg kommunikasjon i den tidlege mellomalderen, hevdar at det fanst ein levande tradisjon av lov og song formidla muntleg, og som såleis hadde ein viktig formidlande rolle i å bitte saman høg- og lågkulturen, sjå Richter (1994).
13 Litteraturen kring investiturstriden er enorm. Ei oppsummering over forskinga er gjeve i Hartmann (1993).
14 No er det truleg eit poeng at òg den tidlege mellomalderen var meir litterær enn det som tidlegare har vorte rekna med, sjå McKitterick (1995), 3-18, 845-849. Likevel har 1000-talet stendig oftare vorte trekt fram som ein periode som la det litterære grunnlaget for den såkalla renessansen på 1100-talet, sjå Wendehorst (1986); Bischoff (1990); Green (1994); Jaeger (1994); Petrucci (1995).
15 Sjå Schneider (1972).
16 Sigeberti monachi Gemblacensis, 438; Albericus, 129; Manegoldi, 311.
17 Mackinney (1930), 181-206.
18 Eversbusch (1999), 60 og 62.
19 Det er litt misvisande å snakke om ein ‘tale’ i eintal, då det ikkje er semje om kor mange talar Urban heldt i Clermont. D. C. Munro hevdar at Urban tala tre gonger; ein retta mot dei geistlege som oppfordra til å støtte reformrørsla frå Cluny; ein andre tale appellerte til dei truande og bad dei reise på krosstog; medan ein tredje framstøyt sette fram praktiske retningsliner for krosstoga, sjå Munro (1906), 231-242.
20 Sommerville (1976), 325-337.
21 Fulcherii Carnotensis, 321.
22 Fulcherii Carnotensis, 326. Roberti Monachi, 728. Guibert, 138. Balderi, episcopi Dolensis, 15.
23 Wiederholt (1901), 313; Kehr (1926), 287.
24 Balderi episcopi Dolensis, 16.
25 Fulcherii Carnotensis, 323.
26 Becker (1964), 31.
27 Runciman (1965), 111.
28 Balderi, episcopi Dolensis, 15.
29 Roberti Monachi, 729.
30 Menache (1990), Ei god analyse av bruken av visuell krosstogspropaganda finst i Morris (1998), 195-217.
31 Wiederholt (1901), 314.
32 Keen (1984); Jaeger (1985).
33 Balderi, episcopi Dolensis, s. 15.
34 Fulcerhii Carnotensis, 324-325.
35 Talet er sjølvsagt omtrentleg, men gjev ein viss indikator på storleiken til rørsla, sjå Riley-Smith (1987), s.11.
36 Eversbusch (1999), 55.
37 Eversbusch (1999), 56.
38 Eversbusch (1999), 65.
39 Eversbusch (1999), 66.
40 Sjå til dømes Kennedy (1963); Cole (1991).
41 Roberti Monaci, 727-729.
42 Den beste skildringa av retorikk i mellomalderen er Murphy (1974). Sjå òg Curtius (1953).
43 Sjå Morse (1991).
44 Morrison (1990), 51-78.
45 Partner (1985), 19.
46 Ward (1985), 148.
47 Richard (1999), 21.
48 Morrison (1990), 216.
49 Litteraturen kring det muntleg-formulariske er omfattande. Eit greitt oversyn finst i Foley (1985).
50 Finnegan (1988), 61-65.
51 Thomas (1992), 38-40.
52 Den retninga som ovanfor vart kalla ideologiskulen står som forkjemparane for eit slikt syn. Viktige bidrag i utviklinga av denne teoriretninga er gjevne av Graff (1979); Pattison (1982); Street (1984); Finnegan (1988).
53 Burckhardt (1958a), 143-71; Burchardt (1958b): 279-351.
54 Armstrong (1991), 67.
55 Feldman (1991), 48-56.
56 Coleman sin kritikk av Brian Stock si bruk av forklaringspotensialet i idealtypar grip nettopp fatt i denne sida ved muntleg-skriftleg problematikken, sjå Coleman (1996), 21.
57 McLuhan (1963).
58 Delar av den samfunnsvitskaplege litteraturen som tek føre seg verknaden av skrift, har ein tendens til å sjå føre seg årsakspilene direkte frå skrift til sosiale og kognitive endringar, sjå Innis (1951); Lerner (1958).
59 Erdmann er nok den mest framståande representanten for ei retning som særleg la vekt på det intellektuelle grunnlaget for krosstogsrørsla, sjå Erdmann (1977).
60 Richard (1999), 19-21; Sjå òg Barlett (1993).
61 Cowdrey (1970), 42-67; Duby (1977a), 123-133; Duby (1977b), 158-170.
62 Bull (1993), 1-21, 250-289.
63 Cowdrey (1982), 27-40.
64 Somme utsegner frå nyare forsking er illustrerande: “medieval sources mirror the diversity of factors that brought about the massive participation in the crusade” Menache (1990), 109; “If the crusaders set out in large numbers, and if Urban II’s words gave rise to a collective enthusiasm, it was because these words responded to the aspirations of a society longing for a ‘conversion’ thanks to which it would escape the rigours of judgement” Richard (1999), 27.
65 Omgrepet stammar frå Robert Merton si metodiske tilnærming, men har etter kvart vorte nytta som ein samlekategori for liknande metodiske tilnærmingar, sjå Merton (1996).
66 Lovejoy si omhyggelege etterrøking av ein særskild idé over lange tidsperiodar, er eit velkjend døme på ei slik tilnærming, sjå Lovejoy (1957).
67 Flint (1988), ix.
Litteratur
Albericus (2000): “Albericus Adversus Berengarium Diaconum de Corpore Domini”, i: F. Newton F& Radding, C. M., Alberic of Monte Cassino, upublisert manuskript, side 76-87.
Armstrong, K. (1991): Holy War. The Crusaders and their impact on today’s world, New York.
Baldrici Episcopi Dolensis av Bourgueil (1879): “Historia Jerosolimitana”, i: Recueil des historiens des croisades. Historiens occidentaux, Paris, side 1-113.
Bartlett, Robert (1993): The Making of Europe. conquest, Colonization and Cultural Change 950-1350, New Jersey.
Bischoff, B. (1990): Latin Palaeography, Antiquity and the Middle Ages, Cambridge.
Bull, M. (1993): Knightly Piety and the Lay Response to the First Crusade. The Limousin and Gascony, c. 970-c.1130, Oxford.
Burckhardt, J. (1958a): The Civilization of the Renaissance in Italy. Volume I. The State as a Work of Ar, The Development of the Individual, The Revival of Antiquity, New York.
– (1958b): The Civilization of the Renaissance in Italy. Volume II. The Discovery of the World and of Man, Society and Festivals, Morality and Religion, New York.
Chartier, R. (1992): The Order of the Books. Readers, Authors, and Libraries in Europe between the Fourteenth and the Eigtheenth centuries, Cambridge.
Clancy, M. T. (1992): From Memory to Written Record – England 1066-1307, London.
Cole, Thomas (1991): The Origins of Rhetoric in Ancient Greece, Baltimore & London.
Coleman, J. (1996): Public Reading and the Reading Public in Late Medieval England and France, Cambridge.
Cowdrey, H. E. J. (1970): “The Peace and the Truce of God in the eleventh century”, i: Past and Present, nr. 46, side 42-67.
– (1982): “Pope Gregory VII’s ‘Crusading Plan’ of 1074”, i: Kedar, B. C., Mayer, H. E., & Smail, R. C. (red.): Outremer: Studies in the History of the Crusading Kingdom of Jerusalem Presented to Joshua Prawer, Jerusalem, side 27-40.
Crosby, Ruth (1936): “Oral Delivery in the Middle Ages”, Speculum vol. XI., Number 1. January 1936, side 88-110.
Curtius, Ernst Robert (1953): European Literature and the Latin Middle Ages, London.
Duby, G. (1977): Laity and the Peace of God, in The Chivalrous Society, London.
Elias, Norbert (1983): The Court Society, Oxford.
Erdmann, Carl (1977): The Origin of the Idea of Crusade, New York.
Feldman, C. F. (1991): “Oral metalanguage”, i: D. R. Olson & N. Torrance (red.): Literacy and Orality, Cambridge, side 48-56.
Eversbusch, C. N (1999): “Det første korstogs retorik”, i: Rhetorica Scandinavica, nr. 11, side 53-69.
Finnegan, R. (1988): Orality and Literacy. Studies in the Technology of Communications, Oxford.
Flint, Valerie I. J. (1988): Ideas in the Medieval West: Texts and Their Contexts, London.
Foley, John Miles (1988): The Theory of Oral Composition. History and Methology, Bloomington and Indianapolis.
Fulcherio Carnotensi (1856): “Historia Iherosolymitana. Gesta Francorum Iherusalem peregrinantium, ab anno Domini MXCV usque ad annum MCXXVII”, i: Recueil des historiens des croisades. Historiens occidentaux, Paris, side 311-487.
Gellrich, J. M. (1995): Discourse and Dominion in the Fourteenth Century. Oral Contexts of Writing in Philosophy, Politics, and Poetry, New Jersey.
Goody J. & Watt, I. (1968): “The Consequences of Literacy”, i: J. Goody (red.): Literacy in Traditional Societies, Cambridge.
Goody, J. (1977), The Domestication of the Savage Mind, Cambridge.
Guiberto abbate monasterii Sanctæ Mariæ Novigenti (1889): “Historia quae dicitur Gesta Dei per Francos”, i Recueil des historiens des croisades. Historiens occidentaux, Paris, side 113-265.
Graff, Harvey J. (1979): The Literacy Myth. Literacy and Social Structure in the Nineteenth-Century City, New York.
Green, D. H. (1994): Medieval Listening and Reading. The primary reception of German literature 800-1300, Cambridge.
Hagenmeyer (1901): Die Kreuzzugsbriefe aus den Jahren 1088-1100, Innsbruck.
Hartman, W. (1993): Der Investiturstreit, München.
Havelock, E. A. (1963), Preface to Plato, Cambridge and London.
Innis, H. A. (1951): The Bias of Communication, Toronto.
Jaeger, C. Stephen (1985): The Origins of Courliness, Civilizing Trends and the Formation of Courtly Ideals 939-1210, Philadelphia.
– (1994): The Envy of Angels, Cathedral Schools and Social Ideals in Medieval Europe, 950-1200, Philadelphia.
Keen, Maurice (1984): Chivalry, New Haven and London.
Kehr, P. (1926): Papsturkunden in Spanien. I Katalonien, Berlin, 287-88.
Kennedy, George (1963): The Art of Persuasion in Greece, New Jersey.
Lerner, D. (1958): The Passing of Traditional Society. Modernizing the Middle East, Cambridge.
Lovejoy, Arthur O. (1957): The Great Chain of Being. A Study of the History of an Idea, Massachusetts.
Mackinney, Loren C. (1930): “The People and Public Opinion in the Eleventh-Century Peace Movement”, i: Speculum, vol. V., side 181-206.
Manegoldi (1891-1892): “Manegoldi ad Gebehardum liber”, i: K. Franke (red.): Libelli de Lite. Imperatorum et pontificum saeculis XI. et XII. conscripti, I, Hannover, side 300-430.
McLuhan, M (1962): The Gutenberg Galaxy. The Making of Typographic Man, Toronto.
Menache, Sophia (1990): The Vox Dei. Communication in the Middle Ages, New York & Oxford.
Mennell Stephen (1989): Norbert Elias, Oxford.
Merton, Robert K. (1996): On Social Structure and Science, Chicago & London.
McKitterick, Rosamond (1989): The Carolingians and the written word, Cambridge.
– (1995): The New Cambridge Medieval History, Volume II c. 700-c.900, Cambridge.
Morris, C. (1998): “Picturing the Crusades: The Uses of Visual Propaganda, c. 1095-1250”, i: J. France & W. G. Zajac (red.): The Crusaders and Their Sources. Essays Presented to Bernard Hamilton, Aldershot.
Morrison, Karl F. (1990): History as Visual Art in the Twelfth-Century Renaissance, Princeton & New Jersey.
Morse, Ruth (1991): Truth and Convention in the Middle Ages, Rhetoric, Representation, and Reality, Cambridge.
Munro, D. C. (1906): “The Speech of Pope Urban II at Clermont, 1095”, i: Ahr, XI, side 231-42.
Murphy, James J. (1974): Rhetoric in the Middle Ages, A History of Rhetorical Theory from Saint Augustine to the Renaissance, London.
Olson D. R. & Torrance, N. (1991): “Introduction”, i: D. R. Olson & N. Torrance (red.): Literacy and Orality, Cambridge.
Olson, D. R. (1985): “Introduction”, i: D. R. Olson, N. Torrance, & A. Hildyard (red.): Literacy, Language, and Learning. The nature and consequences of reading and writing, Cambridge.
Ong, W. (1982): Orality and Literacy: The Technologizing of the Word, London.
Partner, Nancy F. (1985): “The New Cornificius: Medieval History and the Artifice of Words”, i: Ernst Breisach (red.): Classical Rhetoric & Medieval Historiography, Michigan.
Pattison, R. (1982): On Literacy, New York.
Petrucci, A. (1995): Writers and Readers in Medieval Italy, Studies in the History of Written Culture, New Haven & London.
Richard, Jean (1999): The Crusades, c. 1071-c. 1291, Cambridge.
Richter, M (1994): The Formation of the Medieval West. Studies in the Oral Culture of the Barbarians, Dublin.
Riley-Smith, Jonathan (1987): The Crusades, London.
Riley-Smith, Louise & Jonathan (1981): The Crusades. Idea and Reality, 1095-1274, London.
Roberto Monachi (1866): “Historia Iherosolomitana”, i: Recueil des historiens des croisades. Historiens occidentaux, Paris, side 717-883.
Runciman, Steven (1965): A History of the Crusades, Volume I. the First Crusade and the Foundation of the Kingdom of Jerusalem, Harmondsworth.
Schneider, C. (1972): Prophetisches Sacerdotium und Heilgeschichtliches Regnum im Dialog 1073-1077, zur Geschichte Gregors VII und Heinrichs IV, München.
Sigeberti monachi Gemblacensis (1891-1892): “Apologia contra eos qui calumniantur missas coniugatorum sacerdotium”, i: E. Sackur (red.): Libelli de Lite. Imperatorum et pontificum saeculis XI. et XII. conscripti, II, Hannover, side 436-448.
Sommerville, Robert (1976): “The Council of Clermont and the First Crusade”, i: Studia Gratiana, bind XX., s. 325-37. Rom.
Stock, Brian (1983): The Implication of Literacy, Written Language and Models of Interpretation in the Eleventh and Twelfth Centuries, New Jersey.
Street, B. V. (1984): Literacy in Theory and Practice, Cambridge.
Street, B. V. (1993): “Introduction: the new literacy studies”, i: B. V. Street (red.): Cross-cultural approaches to literacy, Cambridge.
Thomas, Rosalind (1990): Oral Tradition and Written Records in Classical Athens, Cambridge.
– (1992): Literacy and Orality in Ancient Greece, Cambridge University Press, Cambridge.
Vansina, J. (1985): Oral Tradition as History, London.
Ward, John O. (1985): “Some Principles of Rhetorical Historiography in the Twelfth Century”, i: Ernst Breisach (red.): Classical Rhetoric & Medieval Historiography, side 103-167. Michigan.
Watkins, J. W. N. (1973): “Ideal Types and Historical Explanation”, i: Alan Ryan (red.): The Philosophy of Social Explanations, London.
Weber, Max (1971): Makt og Byråkrati, Oslo.
Wendehorst, A. (1986): “Wer konnte im Mittelalter lesen und schreiben?”, i: J. Fried (red.): Schulen und Studium im Sozialen Wandel des Hohen und Späten Mittelalters, Sigmaringen.
Wiederholt, W (1901): “Papsturkunden in Florenz”, i: Nachrichten von der Gesellschaft der Wissenschaften zu Göttingen, Göttingen, side 313-14.
