Disposisjonsprinsipp i lærebøker i historie 1776-1877

Sissel Høisæter

Disposisjonsprinsipp i lærebøker i historie 1776-1877

Historiefaget har eksistert sidan oldtida og er blitt utvikla gjennom mange hundre år fram til dei store vitskapsteoretiske omveltingane på 1600-, 1700- og 1800-talet. Denne artikkelen handlar om den perioden då dei første lærebøkene i historie for latin- og almueskulen i Danmark-Norge blei skrivne, og drøftar korleis overgangen frå ein retorisk-munnleg kontekst til skriftkulturen kjem til uttrykk i diskusjonar om disposisjonsprinsipp i fororda til desse bøkene.

Om artikeln
Ingår i: Rhetorica Scandinavica 28, 2003.
Artikel s 22-33.

Icon

15028_2 399.93 KB 5 downloads

...

Om skribenten

❦ Sissel Høisæter er lektor i norsk ved Høgskulen Stord/Haugesund, Avdeling for lærarutdanning. Ho har skrive fleira artiklar om munnlegheit og har vore medlem av skriftstyret for Retorisk Årbok, utgitt av Retorisk Forum, Bergen.

Fulltext:

Denne artikkelen presenterer ei under­søking av elleve lærebøker i historie skrivne mellom 1776 og 1877.1 I den perioden tar historiefaget form i skulen i Danmark-Norge, først innafor ein munnleg-retorisk kontekst, men etter kvart blir faget meir og meir tilpassa skriftmediet. Eg finn tre ulike disposisjonsprinsipp omtalt og utprøvd i lærebøkene. Desse disposisjonsprinsippa er samstundes aspekt som er til stades i all historie­framstilling. Eg kallar dei tre prin­sippa det eksemplariske, det topografiske og det kronologiske.
Dei eldste lærebøkene er dei mest sentrale i presentasjonen av disposisjonsprinsippa, då fororda til desse bøkene byr på om­fattande diskusjonar om kva historie er og korleis faget skal framstillast. Eg skal særleg diskutera synspunkt som kjem fram i bøke­ne til Abraham Kall, K. E. Mangelsdorff, Gustav Ludvig Baden og Ove Malling.

Kall, Mangelsdorff,
Baden og Malling
Abraham Kall var “Professor i det greske Sprog og Bibliotecarius ved Københavns Universitet”2 då han i 1776 gav ut boka Den almindelige Verdens Historie kortelig forfattet og til Brug for Skolerne i Danmark og Norge. Boka er ei omsetjing og omarbeiding av den “be­rømte Wittenbergske Lærer” Johann Matt­hi­as Schrøkhs verdshistorie frå 1774.3 Kall si lærebok blei svært populær, i følgje Per Krarup er ho ei av dei mest brukte lære­bøkene i latinskulen i to menneskealdrar.4 Læreboka er skriven for latinskulen, men har ei lang og svært interessant innleiing om historie og historieformidling som gjeld faget på alle utdanningstrinn.
K. E. Mangelsdorff var “Professor i Historie, Veltalenhed og Digtekonst ved det Kongel. Universitet i Köningsberg”,5 og original­tittelen på hans verdshistorie er Abriss der Allgemeinen Weltgeschichte. Verket blei utgitt i 1808 i København. I dansk om­setjing heiter ho Den almindelige Verdens­historie til Brug for Skolerne i Dannemark og Norge og er skriven for almueskulen. Man­gels­dorff har skrive ei omfattande innleiing til boka.
Kall og Mangelsdorff skriv verdshistorier, bøkene til Ludvig Baden og Ove Malling dreier seg om nasjonalhistorie. Baden blir på tittelbladet til boka si Det danske Riges Historie frå 1797 presentert som “Doktor Juris, Vice­landsdommer i Lolland og Falster, Borger­mester og Byfoged i Nakskov, samt Herreds­foged i Lollands Sønderherred”.6 Badens Danmarkshistorie er ei av dei eldste historie­bøkene som er skriven for folkeskulen. Boka blei mykje brukt, og ho blei også anbefalt av Fredrik den Sjette for under­offisers­skulane.7
Ove Mallings Store og gode Handlinger af Danske, Norske og Holstenere frå 1777 er den fjerde, svært interessante boka frå tidleg i den hundreårsperioden eg undersøkjer her. Denne boka er eit bestillingsverk og ikkje i utgangspunktet skriven som ei lærebok i historie. Malling kallar henne eit “patriotisk Skrift”.8 Eit formål med boka er å fastsetja ei ortografisk norm i dansk, eit anna er å presentera eksemplariske danske, norske og holstenske menn og kvinner. Boka er ei eksempelsamling, og stoffet er delt i kapittel med kvar si borgarlege dygd som tittel. Boka er likevel samstundes ei slags historiebok: Malling skriv at han presenterer forteljingar frå dansk historie. Stoffet er ikkje ordna strengt kronologisk innan kvart kapittel, men den siste avdelinga i boka er ein krono­logisk gjennomgang av Danmarks historie med eit detaljert skjema som plasserer dei tidlegare fortalte hendingane på ei tidsline.9 Malling si bok var skriven for latinskulen, men ho blei i tillegg folkelesnad i over hun­dre år, og mange av forteljingane frå denne boka blei gjengangarar i seinare lesebøker og historiebøker.

Mærkværdige Begivenheder
“Historien er en troeværdig Fortælling om mærkværdige Begivenheder” skriv Abraham Kall i innleiinga til historieboka si.10 Denne hi­storiedefinisjonen er typisk for lære­bøkene i perioden, og eg skal kort kommen­tera dei tre komponentane “Fortælling”, “troe­verdig” og “mærkverdige Begiven­heder”.
Historia er ei forteljing, skriv Kall. Dette var i liten grad eit stridsspørsmål når det gjeld skulefaget historie. Framstillinga av historie hadde eksistert sidan oldtida, og faget sitt medium frå gammal tid var for­teljinga, den munnlege kulturen sin hovud­sjanger. Historiefaget er uløyseleg knytt til forteljesjangeren. Det er ein fenomenologisk slektskap mellom historia og forteljinga, dei handlar begge per definisjon om det for­tidige. Men å fortelja noko i tale eller skrift føreset eit autoritativt forteljande subjekt, og forteljinga sin plass i historie­faget blei først for alvor utfordra av det nye vitskap­lege idealet om vitskapleg objek­tivitet og kjeldekritikk som voks fram på 1800-talet. I dag vil mange historikarar på ny gi for­teljinga ein sentral plass i historiefaget.
Den historiske forteljinga er “troeværdig” skriv Abraham Kall. Ikkje alle merkverdige hendingar det kan forteljast om, kan kallast historie: “Vi maae for alting vide, om Be­given­hederne, som berettes, ogsaa saaledes har tildraget sig, og om altsaa disse Beret­ninger ere sande.” Dette kan vera vanskeleg skriv Kall, i slike tilfelle må ein “tvivle en Tid lang om Fortællinger, som synes besynder­lige”. Kall konstaterer at sidan ein “ei altid kan komme til en fuldkommen Vished i Historien; saa kan man ogsaa lade sig nøie med en stærk Sandsynlighed”. Kall stiller altså ikkje eit absolutt krav om at historia skal vera sann. Med dette atterhaldet om det sannsynlege plasserer Kall det å fortelja og skriva historie på den retoriske sida av den aristoteliske distinksjonen mellom dialek­tisk og retorisk kunnskap.
Den historiske forteljinga dreier seg i følgje Kall om “mærkværdige Begivenheder”. Ordet “mærkværdig” skal forståast bokstave­leg, som noko det er verdt å merka seg. Imid­lertid “udelukker [Historien] utallige jevnlig forekommende og ubetydelige Tildragelser, som det ei nytter Menneskene at vide, og hvoraf de ikke engang kan have nogen lærerig Fornøielse.”11 Det historia handlar om er:
(…) ikkun de mærkværdige Begivenheder, d.e. saadanne, som har forvoldet en stor forandring i Verden, i det mindste i en Deel af den; ligeledes de, i hvilke der frem­stilles for os Exempler paa en usædvanlig Duelighed og Viisdom, paa overordentlige Dyder eller Laster: overhovedet saadanne Begivenheder, som Menneskene stedse kunne bruge, for at blive forstandigere og bedre ved sammes Betragtning.12
Den enkeltståande episodiske hendinga er såleis i følgje Abraham Kall det funda­men­tale elementet som historia er bygd opp av. Tilhøvet mellom den enkelte hendinga og den meir allmenne historiske utviklinga, alt­så mellom det individuelle og det generelle nivået i historia, er framleis ei heilt sentral problemstilling i historiefaget.13
Historiedefinisjonen frå 1776 gir histo­ri­karen to nødvendige oppgåver. For det første å kanonisera dei hendingane som skal konstituera historia, og for det andre å bestemma kva måte desse hendingane skal koplast saman på for å utgjera historia. Spørs­målet om kanoniseringa av enkelt­historier er ikkje hovudtema i denne artik­kelen. Eg skal derimot undersøkja tre måtar å kombinera enkeltståande, episodiske for­teljingar om historiske hendingar på: den eksemplariske, den topografiske og den kronologiske. Desse tre disposisjons­prin­sippa blir diskuterte i innleiingane til dei omtalte lærebøkene i historie, og dei blir prøvde ut i bøkene.
Eg vil argumentera for at det eksem­plariske og det topografiske prinsippet i større grad enn det kronologiske høyrer til i ein munnleg orientert kontekst. Historie­faget i skulen gjennomgår ei forandring i hundreåret mellom 1776 til 1877. Den dominerande metodologiske praksisen i historieopplæringa i skulen, å læra utanåt, blir litt etter litt påverka av betre tilgang på lærebøker, og utanåtlæringa blir erstatta av lesing. Måten å hugsa historie på blir såleis forandra. Ein går frå å oppbevara historie i minnet, memoria, med dei minneteknikkane som det då var bruk for, til å oppbevara historie i skrift, med dei nye moglegheitene for utforminga av historia som det gav rom for. Denne utviklinga ser eg som den viktigaste variabelen i endringa i synet på kva historie er i dette hundreåret.

Det eksemplariske
prinsippet
Det eksemplariske er hovudprinsipp i disposisjonen av Ove Mallings Store og gode Handlinger af Danske, Norske og Holstenere. Enkeltforteljingane i denne eksempel­sam­linga illustrerer borgarlege dygder. Dygdene er samla i atten kapittel med titlar som “Kierlighed til Fedrelandet”, “Tapperhed”, “Ædelmodighed” og “Flid i Studeringer”. Det er ikkje alltid like enkelt å kategorisera forteljingane, skriv Malling: “Handlingernes Inddeling under visse Classer har havt sine Vanskeligheder. Mange Handlinger kan be­tragtes fra forskiellige Sider, og mange Dyder grændser saa tæt sammen, at det undertiden bliver tvetydigt at bestemme en dydig Handling sit sted.”14
Portrettering av dydsmønster er eit av dei viktigaste pedagogiske grepa i opplysnings­tida. Dei første skjønnlitterære barnebøkene er for eksempel samlingar av svært morali­serande eksempelforteljingar. Desse bøkene var først importerte frå utlandet, særleg Tyskland, men frå opplysningstida av får ein eit stort tilfang av danske og norske bøker med eksemplariske forteljingar for barn.15
Det skjønnlitterære stoffet skil seg sjølv­sagt frå dei historiske eksempla ved å vera oppdikta. Dei historiske eksempla har i følgje Aristoteles sterkast overtydingskraft: “Det er altså nok lettere at skaffe eksempler i form av fabler, men eksempler fra virkelig­heden er nyttigere i en overvejelse. Frem­tiden ligner jo for det meste fortiden.”16
Det eksemplariske blei ikkje vanleg å bruka som overordna disposisjonsprinsipp i lærebøker i historie etter Malling, men det finst forgjengarar for denne måten å dis­ponera dei historiske enkeltforteljingane på, noko Malling peiker på i fortalen til boka si:
Vel ere der nogle, som før mig have samlet saadanne Handlinger. Valerius Maximus har giort et Udkast dertil. De franske have seet i deres Ecole militaire mange og store Krigsdyder, og ville uden Tvivl i deres Théatre du monde, som nu arbeides paa, see lige saa mange af de fredelige.17
Det eksemplariske er eit medverkande prin­sipp også i historiebøker som ikkje har det eksemplariske som overordna disposisjons­grep. I sitatet frå Kall over heiter det at dei merkverdige hendingane er slike “i hvilke der fremstilles for os Exempler paa en usædvanlig Duelighed og Viisdom, paa overordentlige Dyder eller Laster”.18 Han skriv også: “Just derved, at Historien giør os saa meget bekiendte med Mennesket og med os selv, bliver den den bedste Klogskabs Lærere.”19 Ein kan, i følgje Kall, læra utan sjølv å måtta erfara. Av den grunn må historia visa både gode og dårlege eksempel.
I Tormod Eides Retorisk leksikon er eksem­pel definert som “Omtale av en historisk, litterær eller mytologisk handling som taleren benytter som ‘bevismiddel’ eller som eksempel til etterfølgelse”.20 Eksempelet har altså to funksjonar, det kan brukast som bevis­middel eller som modell. Som bevis­middel kan eksempla, med Øivind Ander­sens formulering, “brukes kata logon eller para logon, dvs. til å underbygge enten et van­lig eller et uvanlig standpunkt”.21 Når det gjeld eksempelet brukt som modell, kan me skilja mellom om eksempelet tener anten til etterfølging eller til avskrekking.
Begge desse funksjonane har relevans for Malling si Store og gode Handlinger. Eksempel­samlinga hans er såleis ein ‘kata-log’ over ønskjelege borgarlege dygder. Det greske ordet ‘katalogos’ var opprinneleg brukt i det militære om lister over stridsdyktige menn.22 Walter J. Ong skriv om katalog-omgrepet i høve til det munnlege i boka Orality and Literacy:
An oral culture has no vehicle so neutral as a list. In the latter half of the second book, the Iliad presents the famous cata­logue of the ships – over four hundred lines – which compiles the names of Grecian leaders and the regions they ruled, but in a total context of human action; the names of persons and places occur as involved in doings.23
Dette katalog-omgrepet passar på eksempel­samlinga sin måte å stilla opp lister over dydsmønster og handlingane deira, og såleis visa eit forråd av handlemåtar. Abraham Kall skriv at historia er “ligesom et Magazin af nyttige Raad og Belutninger, hvilke man daglig trænger til.”24
Orda katalog, magasin og forråd, på latin copia, peikar mot historiefagets inventio, eller ontologi, om ein vil. I kravet om det merkverdige og det eksemplariske ligg kriterium som styrer utvalet av kva for nokre historiske hendingar som skal utgjera historia. I Malling si lærebok, som i dei andre lærebøkene frå denne tida, er eksem­pel­utvalet styrt av formålet, dei katalogiserte eksempla er eksempel til etterfølging for dei som skal bli gode borgarar. Dette fokuset på formål og funksjon ved det historiske eksem­pelet viser tydeleg den retoriske over­bygninga historiefaget har i denne perioden.
Den vekta som blir lagt på det eksem­plariske, reflekterer etter mitt syn også den munnlege dominansen i undervisnings­systemet omkring 1770. Ein viktig variabel for utvalet av enkelthistorier som skal kon­stituera historia, er knytt til spørsmålet om kva som lar seg hugsa. Når ein lærer i ein munnleg kultur, dreier det seg om å kunna hugsa, altså det som i retorisk teori vedkjem memoria.
Ei av dei to retorikkbøkene frå antikken som omtalar minneteknikkar er den anony­me Rhetorica ad Herennium.25 I følgje denne “Retorikk til Herennius” (frå 1. hundreåret f.Kr.) hugsar ein i bilde, ein ser for seg det ein minnast. Men bilda varierer i styrke og det som skapar dei sterke bilda er nettopp det merkverdige: “hvis man ser eller hører noget der er specielt uanstændigt, uhæderligt, usædvanligt, storslået, utroligt eller latterligt, plejer man at huske det i lang tid.”26
Eksempel er enkle å hugsa. Det gjeld også dei historiske eksempla. Definisjonen av hi­storie som enkelthendingar der handlande personar er tydelege og det moralske inn­haldet er sterkt gir eit heilt anna utgangs­punkt for å hugsa enn ei historieframstilling som legg vekt på større handlingslinjer, eller logiske samanhengar mellom hendingane.
Eit anna trekk ved eksempelet som gjer dei lette å oppbevara i minnet involverer lagin­ga av dikotomiar. Når ein gir eksempel som argumenterer for eller mot noko så set ein samstundes opp system for godt og vondt, rett og galt. Når det gjeld historie så fører det til at historia blir tydelegare, og dermed enklare å hugsa. Walter Ong har sett opp ei liste over karakteristiske trekk ved talespråklege tanke- og ytringsformer. Det munnlege er agonistisk farga, skriv han: “By keeping knowledge embedded in the human lifeworld, orality situates knowledge within a context of struggle”.27 Danninga av diko­tomiar viser slike ‘kampsamanhengar’.
Ong understrekar også at det munnlege uttrykket er nært den menneskelege livs­verda. Den munnlege kulturen vil assimilera den framande, objektive verda inn i menne­ska sitt kvardagsliv.28 Det eksemplariske as­pektet fungerer på denne måten; den for­tidige hendinga blir aktualisert. Eksempelet sin pragmatiske funksjon gjer at hendinga ikkje berre har tyding i og for seg, som ei hending i fortida. Hendinga det blir fortalt om får meining her og no, ho blir knytt til den aktuelle situasjonen og til det fram­tidige. Eksempelet si tilknyting til fortida blir på denne måten svekka. Dette er eit karakteristisk trekk ved Ove Malling si bok: det historiske eksempelet er med og dannar den blivande borgaren, og gir råd om korleis ein bør opptre i framtida.

Det topografiske prinsippet
Som ei innleiing til presentasjonen av det topografiske disposisjonsprinsippet vil eg fortelja om ein onkel eg har: Onkel Bernt. Han og eg deler ei stor interesse for lokal­historia på den plassen der me begge har vakse opp. For å bevara mest mogleg av kunn­skapane onkelen min har om lokal­historia, bestemte eg meg for å gjera lyd­band­opptak av det han fortalte om gamle dagar, for han oppbevarer kunnskapane i minnet sitt. Då eg kom til han med band­opptakaren, hadde han tenkt ut korleis han skulle organisera materialet sitt, og han starta på denne måten: “Grensene for mitt barndoms rike var… slik og slik”. Og så fortsette han med å fortelja alt han visste om kvart hus og kvar gard innanfor desse gren­sene: den gamle gjestgivarstaden, dei små husa på småbruka, kyrkjegarden, vegane og så vidare. Det han gjorde var å organisera informasjonen og forteljingane topografisk.
I følgje Abraham Kall er topografi saman med kronologi “Historiens uadskillelige Ledsagerinder”. Etter å ha diskutert korleis historie skal definerast, skriv Kall:
Man maae nemlig foredrage Begiven­hederne saaledes, at de let forstaaes, huskes og efter Behag kan anvendes. Derved ere især to Hjelpemidler uund­værlige. Det første, at man bestemmer, til hvilken Tid Begivenhederne har tildraget sig. Den Videnskab, som beregner Tiderne efter deres indbyrdes Følge og Forbindel­se, kaldes Chronologien, eller Tids­regningen. For det andet maa man fornemmelig lære at kiende det Sted, paa hvilket de mærkværdige Ting ere fore­faldne. Atter en særdeles Videnskab, Geo­gra­phien eller Jordbeskrivelsen, som for­skaffer os en nøiagtig Kundskab om Verden (Historiens Skueplads), i gamle og nyere Tider. Den er, ligesom Tidsreg­ningen, ofte ufulstendig og mørk; men dog behageligere end samme. Begge ere
de Historiens uadskillelige Ledsager­inder.29
På slutten av 1700-talet er det ein lang tradisjon i dansk-norsk vitskapleg prosa å skriva historisk-topografiske studiar. Desse studiane er først og fremst skildringar av ulike prestegjeld i tvillingriket.30 Til saman skulle dei gi ei brei oversikt over historisk-topografiske forhold i heile nasjonen. Dei nasjonale historiebøkene som kjem etterpå, i hundreåret mellom 1770 og 1870 er ikkje strukturert som topografiske oversyn på same måten. Men det topografiske og det geografiske aspektet er sterkt til stades i skrivinga, og det blir diskutert som eit dis­posisjonsprinsipp i innleiingane til bøkene.
Fredrik Barfods Mindre lærebog i Danmarks Historie frå 1861 er eit eksempel på korleis desse nasjonale historiebøkene framleis legg stor vekt på dei geografiske og dei topo­grafiske tilhøva i Danmark. Den første set­ninga i Barfods lærebok minner svært mykje om den onkelen min brukte. Barfod innleier første kapittel om “Danmark og dets Græn­der” slik: “Danmark, vore Fædres Land, be­staaer af en større Halvø som hedder Jylland, og en Mængde større og mindre Øer, af hvilke Sjælland, Fyn, Laaland og Bornholm ere de største.”31 På same måten introduserer K. E. Mangelsdorff si verdshistorie med ein detaljert oversikt over verdas geografi: “Jord­kloden bestaaer af fem Hovuddele: Europa, Asia, Africa, America og Sydindien eller Australien.”32
Historikarar frå hundreåret mellom 1776 og 1877 legg generelt stor vekt på det topo­grafiske eller det geografiske aspektet ved historieframstilling. Enkeltforteljingar kan ordnast topografisk, eller ein kan ha stor støtte av det topografiske aspektet i ei krono­logisk framstilling. Dette reflekterer igjen den orale konteksten historiefaget er innanfor på denne tida. Det er nemleg mykje enklare å hugsa historiske hendingar om ein plasserer dei i ein geografisk eller topo­grafisk struktur.
Det topografiske aspektet i historie­fram­stilling er nært i slekt med dei viktigaste minneteknikkane slik dei blir presenterte i eksempelvis Rhetorica ad Herennium. Her får den romerske talaren det rådet at for å hugsa momenta i talen sin så skal han i tankane plassera biletlege representasjonar av argumenta på plassar, altså på topoi eller loci som det heiter i den greske høvesvis den latinske terminologien, i eit rom eller land­skap han kjenner godt. Medan talen blei framført kunne han då i tankane vandra frå stad til stad i rommet eller landskapet, og slik hugsa alle momenta i den ønskte rekkefølgja.33 Dette er akkurat det onkelen min gjorde og det er dette historikarane Kall og Mangelsdorff rår historiestudentane til å gjera.
Når det gjeld historiefaget er det likevel ikkje nødvendig å plassera momenta i fram­stillinga på oppkonstruerte stader. Dei hi­sto­riske hendingane har denne plasse­ringa bygd inn i seg, dei skjer på det 1700-tals­historikarane kallar “Historiens Skue­plads”.
I nokre tilfelle er den topografiske ord­ninga kanskje den einaste måten å hugsa historia på. Onkelen min kunne ikkje ha strukturert informasjonen han hadde samla gjennom eit langt liv så effektivt på nokon annan måte som ved å bruka topografien. Ein kronologisk struktur ville ikkje ha fungert. For det første ville han i mange tilfelle ikkje vita akkurat kva tid enkelte ting skjedde på. Det næraste han kunne koma ei datering ville for eksempel vera at dette hendte då mor hans var eit barn, og at dette hendte under andre verdskrigen.
I dei fleste tilfelle ville det ikkje vera nokon grunn for å kjenna til rekkefølgja på hendingane. To av dei hendingane han for­tel kan illustrera dette. Den eine er ei historie om ein familie som budde på ein fattig, liten husmannsplass. Kona i huset blei spedalsk og blei sendt til lepra­sjuke­huset i Bergen, der ho måtte leva isolert resten av sitt liv. Forteljinga til onkelen min dreier seg om at mannen hennar seinare prøvde å gøyma bort den vesle sonen sin som også hadde blitt smitta og var spedalsk. Ei anna forteljing dreier seg om den gongen den kjente norske predikanten Hans Nilsen Hauge kom og budde på gjestgivarstaden. Ein kan tenkja seg at desse to historiene kan ha skjedd på om lag same tida. Men ingen kan ha nytte av å kjenna rekkefølgja på dei. Dei to historiene har ingen samanheng med kvarandre.
Det eksisterer alltid ein historisk skue­plass for kvar hending i historia, og av den grunn har det topografiske prinsippet ei sterk stilling innan historiefaget. I historie­framstillingar som den onkelen min laga, er den topografiske måten å strukturera det hi­­storiske materialet på den beste. I andre til­felle kan det topografiske aspektet gi solid støtte til det kronologiske. Det gjeld for eksem­pel i den typen historiske hen­dingar som har å gjera med reiser. Når ein reiser i eit landskap fell topografi og krono­logi full­stendig saman. Slik vil histo­rier om krigar og utforsking, om erobringar og flukt auto­matisk oppnå ein nøyaktig kro­no­logi. Dette er tilfelle i svært mykje historieskriving frå antikken til moderne tider. Eit ekstremt ut­trykk for dette er hi­sto­rikaren Henrik Scheel som då han i 1780-åra skulle skriva Kong Fredrik den 4’s krigshistorie, følte behov for først å skriva ei 656 siders topografisk skild­ring.34

Det kronologiske prinsippet
Den historiske tidslina er på sett og vis ein nødvendig føresetnad for å tenkja historie i det heile, og me ser på tidslina som fastlagt. Men for historikarane på slutten av 1700-talet var spørsmålet om kronologi eit stort diskusjonstema. Som me har sett skriv Kall at både geografien og kronologien ofte er “ufulstendig og mørk”, og Kall legg til at av dei to er kronologien det vanskelegaste.35
Historikarane på slutten av 1700-talet peikar på ulike problem når det gjeld bruken av kronologi som disposisjonsprinsipp i historieframstilling, først og fremst på problemet med tidsrekninga. Hovud­verk­tøy­et når ein kalkulerer tid er tallinja. I sju av dei åtte verdshistoriene i det materialet eg har undersøkt er startpunktet for tids­rekninga, og dermed tallinja, skapinga av Adam og Eva. Den åttande, De mærkeligste Personers Levnetsbeskrivelse og de vigtigste Tildragelser igjennem alle Tidsaldre, tilligemed et Udtog (1804) av overlærer E. Munthe startar med Moses. Dei første kapitla i historie­bøkene er derfor som oftast ein parafrase av historiene frå det gamle testamentet.
Ein merkar ein viss motvilje mot å måtta ha med dette stoffet i fleire av bøkene. Kall skriv i forordet at den jødiske historia berre er kort behandla “da man dog vist nok ey vil om samme lade sig nøye med det, som en kort Universal-Historie derom kan berette”.36 Mangelsdorff grunngir det same med at “Ungdommen i vore Skoler lærer den bibel­ske Historie i en særskilt Bog, og det altså ville være urimelig at opfylde en lærebog i Historien med noget, som alligevel skal læres i et andet Skrift.”37 U. C. Mule kom­menterer ikkje dette dilemmaet direkte i si historiebok frå 1815, men han gjenfortel nok­så summarisk: “Gud skabte Himlen og Jor­den af Intet. Han bød og Verden blev. Gud satte våre første Forældre, Adam og Eva, i Paradiis, en nydelig Have, der uden Dyrk­ning frembragte Alt til deres For­nøden­heder. Her blev de kun kort Tid.”38
På Kall og Mangelsdorffs tid er ikkje historikarane einige om korleis ein bereknar tida ut frå dette startpunktet for tids­rekninga. Verdshistoriene varierer mellom å rekna tida som i dag, før og etter Kristus, til å rekna årstalet etter skapinga fram til tidsrekninga tar til på ny etter Kristus. Kall nyttar dette siste systemet, og første del av historia har kapitteltittelen: “Historien før Christi Fødsel. Første Tidsrum. Fra Skabel­sen til Syndefloden. Det er: Fra Verdens Skabelse til Aar 1656.”39 Munthe nyttar den same tidsrekinga, innleiingssetninga i boka hans er: “Mose, Jødernes Lovgiver, fød i Ægyp­ten af jødiske Forældre, to tusind og fire hundrede Aar efter Verdens Skabelse.”40
Tidsrekninga i Danmarkshistoriene følg­jer dette systemet, sjølv om det lokale start­punktet er meir uklart. Gustav Ludvig Baden har følgjande vakre innleiingssetning i boka si: “Vor allerældste danske Historie, som den hele nordiske, har dette tilfælleds med alle andre Staters Oldhistorie, at den er mørk, uvis og fuld af Fabler.”41
Mangelsdorff peiker på problemet ved at historieframstillinga får ei veldig breidde når ein brukar kronologi som hovudprin­sipp:
(…) pragmatisk kaldes Historien, naar den anfører lærerige Oplysninger om de for­talde Begivenheders Aarsager og Følger, og giver Vink til at drage nytte af det For­talde; synchronistisk kaldes den, naar den fortæller alle samtidige Tildragelser, uden at tage i Betragtning om et Folks Historie afbrydes eller ei; ethnographisk kaldes den naar den fortæller hvert Folkeslags Historie for sig selv; chronologisk naar Alting fortælles efter Tidsfølgen; syntetisk kaldes den naar den i een Række fortæller de Begivenheder, som have tildraget sig hos eet Folk efter hinanden.42
Historia skrir fram i mange ulike land samstundes, utan at hendingane i desse lan­da nødvendigvis har noko med kvarandre å gjera. Dette problemet er vanskeleg å hand­tera i ein oral kontekst, men lar seg løysa gjennom kapittelinndelinga i ei skriftleg fram­stilling av historiefaget.
Dei historikarane som framleis var opp­tekne av korleis historiefaget fungerte innan­for ein oral kontekst, opfatta tidslina som eit usikkert disposisjonsprinsipp. Tids­lina kan fungera godt som verktøy til å strukturera hendingar så lenge ein kan registrera dei etter kvart som dei skjer, slik ein gjer i loggar, dagbøker og annalskriving. Problema oppstår når ein skal rekonstruera rekkefølgja på hendingar. Hovudproblemet for den oralt orienterte historielæraren er at tidslina er for abstrakt til å kunna fungera som minnestøtte. Det ein bruker som hjelpe­middel i munnlege kulturar er ikkje datoar og årstal, men rekke­følgja på andre minneverdige hendingar. Skal ein skriva historia kan genealogiar, kongerekkjer og krigar òg gi ei grov tidsline som ein kan plassera hendingar i forhold til.
Lærebøkene i historie i den perioden eg undersøkjer, har alle, med unntak av Ove Malling si eksempelsamling, kronologi som overordna disposisjonsprinsipp. Men dette er ein relativ kronologi. I dei nasjonale histo­rie­bøkene er det først og fremst kongerekkja som gir kronologien. Eit døme på det er Badens fedrelandshistorie frå 1797. Inn­haldet i denne boka er tredelt: “Danmarks allerældste Historie”, “De danske Konger før Kristendommen” og “De kristne Konger til nu værende Tider”.43 I del 2 er 19 konge­namn undertitlar, i del 3 er det 40 kongenamn.44
Me kjenner dette grepet frå Det gamle testamentet og frå bibelsogene slik dei blei brukte i norsk grunnskule fram til på 1970-talet. Dei enkelte hendingane i bibelsoga står i ei innforstått, men ukommentert kro­no­logisk rekkefølgje. Hovudsiktemålet er ikkje å fortelja ei overordna historie, fokuset blir uforstyrra festa på dei bibelsk personane og handlingane deira. Enkeltforteljingane i denne relative kronologien er framleis enkle å hugsa. Det Quintilian i 1. hundreaaret e.Kr skriv om å hugsa momenta i ein tale kan overførast til til­høvet mellom den enkelte historiske epi­soden i den kronologiske struk­turen: “If a longish speech has to be held in the me­mory, it will be best to learn it section by ­section”, og han legg til: “if possible, the sections should coincide with the ends of topics”.45

Frå støttespelar til
hovudrolla – og vidare
Den relative kronologien i form av opp­list­ing av namn er altså den vanlegaste for­ma for kronologi gjennom nesten heile 1800-talet i materialet mitt. I denne krono­logiske organiseringa står framleis det munn­lege aspektet sterkt, den enkelte historiske episoden er skilt ut og kan lærast utanåt og hugsast på same måten som munn­leg overleverte forteljingar innan folke­diktinga.
Frå omkring 1890 går kronologi over frå å vera ein måte å organisera enkelt­hending­ar på til sjølv å bli fokuset i historie­framstillingane. Det skjer ved at historie­framstillinga blir ei forteljing om ut­vikling og forandring. Den historiske utvik­linga skjer frå den eine historiske perioden til den andre, og forandringane definerer peri­odane. Gjennom periodeseringa skapar ein motsetningar og forklaringar som er­stat­tar det handlande mennesket som hovud­aktør i historia.
Frå slutten av 1800-talet og fram til om lag 1970 er det historia om kulturar og nasjonar si utvikling som er i fokus, og dei enkelte historiske episodane har fått ein under­ordna posisjon i forhold til fortel­jinga. Den lange, episke forma som historia såleis får, er både eit produkt av skrift­kulturen og avhengig av han. Denne historia er skriven for å bli lesen, ikkje for å bli fortalt av læraren og gjenfortalt av eleven.
Kort oppsummert kan ein seia at histo­rie­faget såleis forandrar seg frå å handla om den enkeltståande, episodiske hendinga som er tilpassa den munnlege under­vis­ninga, til å dreia seg om den store forteljinga om nasjonar og kulturar si utvikling. På denne måten blir historia ei forteljing om tida for sin eigen del, og ikkje om hendingar i tida knytt til ein meiningsfull situasjon her og no, eller til ein bestemt stad her og no. Denne utviklinga reflekterer at historiefaget i hundreåret 1776-1877 er i ei brytningstid, der oppfatningane knytt til ein munnleg-retorisk kultur sakte må lata plassen for nye vit­skap­lege ideal, og – ikkje minst – til­pas­sast ein skriftkultur.
Dei tre disposisjonsprinsippa som er diskusjonstema i fororda til historiebøkene frå slutten av 1700-talet, det eksemplariske, det topografiske og det kronologiske i form av ein relativ kronologi, var såleis hundre år seinare ikkje lenger aktuelle som måtar å organisera historiefaget på. Men den lange, kronologisk ordna forteljinga som avløyste den relative kronologien er ikkje lenger det rådande disposisjonsprinsippet i vår tids lærebøker. Kronologien er no blitt tona ned og erstatta av temaorganiserte framstil­lingar av historiske epokar, periodane blir presenterte som tidsrom med lister over det som er typisk for perioden.
Dei tre disposisjonsprinsippa held like-vel fram med å vera verksame aspekt i all historieframstilling. Det eksemplariske ­aspekt­­et er alltid til stades i spørsmål om kva historia skal handla om og kva formålet med å læra historie er. Det topografiske aspekt­et er ein integrert del av historie­formidlinga frå antikken til vår tids fjern­synsreportasjar, og kronologi er på same måten eit fenomenologisk trekk som ligg til grunn for all vår tenking om tid.

Noter

1    Kriteria for utvalet av dei elleve lærebøkene i historie har vore at dei skal representera dei ­fleste tiåra i hundreårsperioden, at dei er skriv-ne både for almue- og latinskulen og at både nasjonal- og verdshistorier er representerte. Ei oversikt over bøkene finst i litteraturlista. Under­søkinga er ein del av arbeidet mitt med ei ph.d.-avhandling med arbeidstittelen Kunn­skapens orden. Ein studie av disposisjonsprinsipp i didaktiske tekstar.
2    Kall (1776), tittelbladet.
3    Sitat frå Kall (1776), “Til Læseren” (upaginert). Boka er ikkje ei direkte oversetjing av originalen, Kall greier ut om forskjellane i forordet (upaginert).
4    Krarup (1970), s. 189.
5    Mangelsdorff (1808), tittelbladet.
6    Baden (1797), tittelbladet.
7    Lauring (1970), s. 64.
8    Malling (1777), s. 20. Malling fekk i oppdrag å skriva boka av vennen Ove Høegh-Guldberg i samband med innføringa av skulereformen for latinskulen frå 1775, kalla Forordning angaaende Skoele-Væsenets Forbedring ved de publiqve latinske Skoeler, eller Den Guldbergske Skoleforordning. ­Malling var 30 år då han skreiv eksempel­samlinga si, han fekk seinare ein livslang karriere i dansk embetsverk.
9    Ove Malling si bok blei òg seinare prøvd omskriven til ei kronologisk ordna historiebok av historikaren Fredrik Barfod (Fortællinger af Fædrene­landets Historie, 1853), rett nok utan hell.
10    Kall (1776), s. 2.
11    Kall (1776), s. 2.
12    Kall (1776), s. 1-2.
13    Problemstillinga har vore utgangspunkt både for diskusjonar om kva som kjenneteiknar historiefaget i forhold til andre fag, og om korleis historie skal tolkast og framstillast. Sjå m.a. Kjeldstadli 2000, s. 105.
14    Malling (1777), s. 21.
15    Dei første encyklopediske lesebøkene i almue­skulen har også avdelingar med denne typen oppbyggeleg lesestoff, sjå til dømes Morten ­Hallager, 1807.
16    Aristoteles Retorikken, 2.20.8, omsett av Thure Hastrup i Aristoteles (1991), s. 165.
17    Malling (1777), s. 20.
18    Kall (1776), s. 2.
19    Kall (1776), s. 11.
20    Eide (1990), s. 55.
21    Andersen (1995), s. 152.
22    “Optælling, især Fortegnelse, Liste over vaabendygtige el. til visse Øjemed valgbare Borgere”, Berg (1885), s. 378–79.
23    Ong (1991), s. 42–43.
24    Kall (1776), s. 16.
25    Rhetorica ad Herennium blei i middelalderen og renessansen feilagtig tilskriven Cicero. Sjå også Quintillian, Institutio oratoria 11.2, omsett i Quintilian (2001), s. 59-85.
26    Op.cit., 3.7.35, omsett av Søren Hindsholm i Rhetorica ad Herennium (1998), s. 111.
27    Ong (1991), s. 44.
28    Ong (1991), s. 42.
29    Kall (1776), s. 5. Sjå også Mangelsdorff (1808), s. 5: “Hjelpevidenskaberne til Historiens fuldkomne Studering ere følgende: Chronologien eller Tidsregningen; Geographien eller Jordbeskrivelsen.”
30    Prestegjeld er eit kyrkjeadministrativt område. Eit prestegjeld omfattar fleire kyrkjesokn.
31    Barfod (1861), s. 5.
32    Mangelsdorff (1808), s. 1.
33    Rhetorica ad Herennium, 3.7.28-32, omsett i R. ad H. (1998), s. 106-111. Sjå også Institutio oratoria, 11.2.21, her omsett av D. A. Russell i Quintilian (2001), s. 69: “So one needs (1) Sites, which may be invented or taken from reality, (2) ­Images or Symbols, which we must of course invent. By Images I mean the aids we use to mark what we have to learn by heart.”
34    Resultatet blei Scheel (1785).
35    Kall (1776), s. 5.
36    Kall (1776), s. vi.
37    Mangelsdorff (1808), s. i.
38 Mule (1815), s. 1.
39    Kall (1776), s. 17.
40    Munthe (1804), s. 1.
41    Baden (1797), s. 1.
42    Mangelsdorff (1808), s. 5.
43    Baden (1797), innhaldslista.
44    Jf. òg Ong (1991), s.43, om måten å lista opp fenomen på i munnlege kulturar.
45    Institutio oratoria 11.2.27, her omsett av D. A. Russell i Quintilian (2001), s. 73.

Litteratur

Andersen, Øivind (1995): I retorikkens hage, Oslo: Universitetsforlaget.
Aristoteles (1991): Retorik, oversat med introduktion af Thure Hastrup, København: Museum Tusculanums forlag.
Baden, Gustav Ludvig (1797): Det danske Riges Historie. En Haandbog ved Gustav Ludvig Baden, Doktor Juris, Vicelandsdommer i Lolland og Falster, Borgermester og Byfoged i Nakskov, samt Herredsfoged i Lollands Sønderherred, København: J. H. Schubothes Forlag.
Barfod, Fredrik (1861): Mindre Lærebog i Danmarks Historie, København: Gyldendalske Boghandling.
Berg, C. (1885): Græsk-Dansk Ordbog til Skolebrug (2. forkortede Udgave), København: Gyldendalske Boghandel.
Eide, Tormod (1990): Retorisk leksikon, Oslo: Universitetsforlaget.
Hallager, Morten (1807): Forsøg til en Læse-Øvelse-Bog hvoraf Børn kunde lære at kjende alle slags danske og latinske Bogstaver; samt tillige at læse rigtig og forståelig, indeholdende forskjellige Materier til deres For­stands Oplysning og Hjerters Forbedring (8. forøgede og forbedrede Oplag), København: Th. E. Mangels Forlag.
Handest, M. C. (1877): Fædrelandets Historie til Skolebrug (2. Udgave), Aarhus: Jacob Zeuners Forlag.
Kall, Abraham (1776): Den almindelige Verdens Historie kortelig forfattet og til Brug for Skolerne i Danmark og Norge udgivet ved Abraham Kall, Professor i det greske Sprog og Bibliothecarius ved Kiøbenhavns Universitet, København: Morten Hallager.
Kjeldstadlie, Knut (2000): Fortida er ikke hva den ­engang var. En innføring i historiefaget, Oslo: Uni­versitetsforlaget.
Krarup, Per (1970): “Den højere skoles bøger”, i Vagn Skovgaard-Petersen (red.): Skolebøger i 200 år, København: Gyldendal, s. 175-231.
Lauring, Palle (1970): “Folkeskolens bøger 1770-1900”, i Vagn Skovgaard-Petersen (red.): Skolebøger i 200 år, København: Gyldendal, s. 23-92.
Malling, Ove (1777): Store og gode Handlinger af ­Danske, Norske og Holstenere, genoptrykt 1992, København: Gyldendal.
Mangelsdorff, K. E. (1808): Den almindelige Verdens­historie til Brug for Skolerne i Dannemark og Norge. Frit udarbeidet efter K. E. Mangelsdorff, Professor i Historie, Veltalenhed og Digtekonst ved det Kongel. Universitet i Kønigsberg. Første Afdeling. Den gamle Historie, København: Soldins Forlag.
Monrad, Chr. F. (1875): Hovedpunkter af Verdenshistorien. Et hjelpemiddel til at fastholde det af læreren fortalte (3. forøgede Oplag), København: Gyldendalske Boghandel.
Mule, U. C. (1815): Skildring af Hovedbegivenhederne i ældre Historie. En Læsebog for Ungdommen. (2. Oplag, omarbeidet og forøget), Odense: S. Hempel.
Munthe, E. (1804): De mærkeligste Personers Levnets­beskrivelser og de vigtigste Tildragelser igjennem alle Tidsaldre, tilligemed et Udtog. En Lærebog i Historien for de første Begyndere, København: Thorings og Coldings Forlag.
Ong, Walter (1991 [1982]): Orality and Literacy. The Technologizing of the Word, London and New York: Methuen.
Quintilian, Marcus Fabius (2001): The Orator’s Education. Books 11-12. Edited and translated by Donald A. Russell, Loeb Classical Library, bd. 494, Cambridge, Massachusetts, og London: Harvard University Press.
Rhetorica ad Herennium (1998): Retorik til Herennius, oversat af Søren Hindsholm, København: Gyldendal.
Scheel, Heinrich Otto (1785): Almindelig Udkast af Krigens Skueplads, eller geographiske, topographiske og historiske Beskrivelse over Kongerigerne: Danmark, Norge og Sverrig samt deres Tydske Provindser, som Indledning til Kong Fredrik IVs Krigs-Historie, fordansket ved Thomas Thaarup. København: August Friderik Stein.
Schröckh, J. M. (1801): J. M. Schröckhs almindelige Verdenshistorie for Ungdommen og andre Historiens Undere. Fjerde Deels tredie Afsnit. Slutningen af den nyere Historie, oversat af Brun Juul, København: Soldins Forlag.
Volger, V. F. (1834): Udsigt over de vigtigste Begiven­heder i Historien til Brug for de første Begyndere. Oversat af P. W. Becker, København: Gyldendalske Boghandling.

Ein tidlegare versjon av denne teksten blei presentert som foredrag ved Nordisk Netværk for Retorikkens Historie sin konferanse i Helsinki, august 2002.

Author profile

Lämna ett svar