Brit Marie Hovland
Tid for tale
Overgangsritual og kongelege balansekunstar
Ved årsslutt taler dei tre skandinaviske monarkane til nasjonen. Tradisjonane har oppstått det siste dryge hundreåret, men til ulik tid og i ulike kontekstar. Den danske nyttårstalen har røter i hoffmiljøet på 1800-talet, den norske oppstod frå eksil under okkupasjonen, medan svenskekongen fyrst kom til i 1973. Talane følgjer faste mønster og presenterer ingen nyheiter, men er likevel svært populære program. Artikkelen skildrar etableringa av tradisjonane, analyserer innhaldet og drøftar rolla den nasjonale talsmannen speler. Taletradisjonane vert sett som del av ein ritualiseringsprosess: Det er historia om ei kongsrolle som skiftar arena frå realmakt til symbolmakt, og samlande ritual er ein hovudpilar under denne makttrona
Om artikeln
Ingår i: Rhetorica Scandinavica 32, 2004.
Artikel s 4-19.
Om skribenten
❦ Brit Marie Hovland, historikar og pedagog, er forskar ved Avdeling for Forskning og Utvikling, Diakonhjemmet Høgskole, Oslo. Ho har blant anna vore del av det komparative forskingsprosjektet ”Nasjonale ritual og symbol i Norden” finansiert av Nordisk Ministerråd. Dette prosjektet blir i desse dagar oppsummert med boka ”Slik blir nordmenn norske” som Hovland er medforfattar av.
Fulltext:
Eg hugsar det godt frå då eg var lita: Det var nyttårsaftan, og vi barna var oppstemde. Vi skulle gå julebukk og ete mengder med godteri! Vi skulle få stjerneskot og sjå verdas finaste og største rakettar lyse opp den vesle bygda. Midt i denne feststemde og yre nyttårsstemninga kom det årvisst: “Hysj! Kongen taler!” Vi måtte setje oss ned og vere stille. Dei vaksne skulle høyre kongen tale.
Som lita kunne eg styre meg for kongetalen. Men eg var stille, for eg forstod at dette var noko spesielt. Dei vaksne sa det var viktig, og det var berre denne eine dagen – på nyttårsaftan – kongen talte til oss slik. Etter kvart høyrde kongetalen liksom med.
Då kong Carl Gustav av Sverige, dronning Margrethe av Danmark og kong Harald av Noreg kom til mikrofonen mot slutten av 1999, tok dei tre monarkane på nasjonale vegne farvel med det monarkiske millenniet og samla nasjonane i møte med kva det neste skulle bringe for folk og fedreland.1 I tider med aukande samfunnsmessig fragmentering er framtida meir usikker enn nokon gang – ikkje minst for kongehusa. Men kanskje har nettopp samfunnssplittinga gjeve monarkiet ei ny rolle i det moderne?
Sjølv om kongelege krøniker går tilbake til hierarkiske samfunn som nordmenn i dag likar å distansere sitt egalitære verdsbilete frå, viser den kollektive samhandlinga som skjer kvar nyttårsaftan at Ola Nordmann har slått seg til ro med at Noreg er eit konstitusjonelt monarki: Når norske klokker nærmar seg 20.00 nyttårskvelden, er det tid for tale. Monarken står då fram som ein nasjonal talsmann, han har ordet i si makt, og folket lyttar. Når TV-kanalane einast om å zoome inn slottet, kjem den moderne folkekongen til mikrofonen innramma av Kongesangen og Ja, vi elsker. Vi skal sjå nærare på korleis talen har vorte eit slikt overgangsritual på terskelen til årsskiftet. Den norske talen er eit fenomen som kan kjennast att i dei få europeiske kongedømma som har overlevd det monarkiske mannefallet på 1900-talet. Dei to andre skandinaviske taletradisjonane fyller slik sett ut eit bilete som viser noko av den ritualiseringsprosessen som det moderne folkekongedømmet kviler på. For historia til og innhaldet i talane er òg historia om ei kongsrolle som skiftar arena frå realmakt til symbolmakt.
Tid for tale
Kongekrønikene er ein raud tråd i nasjonalhistoria fram mot moderne tid, der han forsvinn i ein meir kompleks samfunnsvev. Trua på eit gudegjeve hierarki med Kongen som verdsleg toppunkt veikna. I demokratisk ideologi vart hierarki derimot uttrykk for maktundertrykking og folkeleg forfordeling: Det vart eit demokratisk mål å få statsaffærene ut av dei kongelege gemakkane og inn i det offentlege livet – res publica. Det representative demokratiet har republikanske drag. Under eineveldet var Kongen staten og Gud sin representant, medan den moderne monarken er avhengig av folket. Men implisitt i den demokratiseringsprosessen som representerte ei realpolitisk detronisering, ser det òg ut til å ha vore ei løysing for monarkiet: Samfunnspolitiseringa kravde si eiga upolitiske motsetning. Samfunnet var i eit hamskifte, og det oppstod eit presserande behov for nye arenaer og forteljingar som kunne samle. Monarken kunne med eldgamal legitimitet symbolisere rotfeste og kontinuitet i ei omveltande nybrotstid.
Det nasjonsbyggjande gjennombrotet på 1800-talet har òg vorte kalla “Talenes tid”.3 Det var medan verda endå var ei, og livet endå var heilt, før det vart skild så sjølvsagt mellom arbeidsliv og privatliv i omtalen av folk sitt eige og eine liv. Før nye sosiale ordenar spalta samfunnet i dei strengt skilde livssfærene som særpregar moderniteten. Den monarkiske ritualiseringsprosessen starta då “Talenes tid” ebba ut. Det heng saman med demokratiseringsprosessen som “detroniserte” kongens makt. Den britiske historikaren David Cannadine seier: “as the real power of the monarchy waned, the way was open for it to become the centre of grand ceremonial once more”.4 Folkekongen si makt kviler, i motsetning til sine eineveldige forgjengarar, på ein demokratisk folkevilje, og rituala er ein av hovudpilarane under den folkelege og symboltunge makttrona.
Cannadine meiner at noverande europeiske kongehus kan forståast ut frå korleis dei nasjonale elitane reagerte då oligarkiet (fåmannsveldet) møtte den demokratiske utfordringa. Der monarkiet stod svakt, tilpassa det seg ein ny kontekst og la grunnen for eit vidare virke. Der eliten framleis stod sterkt, som i Tyskland, Østerrike og Russland, søkte dei å demme opp mot folkeleggjeringa, noko som på sikt undergrov posisjonen. Det kan forståast som ein “omvendt darwinisme”, der den svakaste av arten overlever på grunn av tilpassingsvilje, ikkje styrke. Og her startar ritualiseringsprosessen som dei moderne kongetaletradisjonane er ein del av.
Alle dei tre skandinaviske monarkane held tale når året lid mot slutt, men likevel har taletradisjonane oppstått til høgst ulike tider og i ulike kontekstar. Det pregar òg innhalds- og formsida av ritualet. Den danske talen har røter tilbake til 1800-talet.5 Den norske oppstod i mellomkrigstida.6 Men fyrst i 1970-åra var det tid for monarkisk tale i Sverige.7 Slik sett fell rituala inn i moderniserings- og demokratiseringsprosessen. I Danmark har talane ei over hundreårig historie som går tilbake til 1880-åra. Desse talane vart heldne for ein avgrensa elitekrins knytt til hoffet. Fyrst utover 1900-talet fekk dei danske talane eit meir folkeleg og nasjonalt preg.
Kong Frederik VIII av Danmark var både meir pratesalig og demokratisk innstilt enn forgjengaren. Han fekk nyttårstalane sine prenta i riksdekkjande aviser, den fyrste i 1904. Likevel var det fyrst i Christian X si lange regentstid, frå 1912 til 1947, at den danske talen fekk ei form og eit uttrykk som vi kan kjenne att i dag. Christian X gjekk frå å verte refsa for demokratisk overtramp etter Påskekrisa i 1920 til å verte eit samlande nasjonalsymbol med omfattande popularitet etter okkupasjonen. Påskekrisa oppstod etter at kongen forsøkte å omgå valresultatet og sjølv utpeike regjering. Det vart det siste realpolitiske utspelet frå den danske monarken. I mellomkrigstida skal han derimot ha innsett makta det låg i å tale til og for folket – ikkje gje ordrar.8 I mellomkrigstida vart offentleggjering av nyttårstalen i avisene ein fast tradisjon, og nyttårsdag 1931 vart talen i tillegg sendt på radio.
Den norske nyttårstaletradisjonen er naturleg nok kortare enn den danske, men den fyrste direkte overførte nyttårstalen var norsk og vart halden av kronprins Olav nyttårsaftan 1934. På same vis som i Danmark skulle det gå fleire år før forsøket vart teke opp att. Okkupasjonen danna ramma for etableringa av radiotaletradisjonen i dei to landa.
Ytre press, indre samling
Første verdskrig var aviskrigen, andre verdskrig vart den fyrste store radiokrigen. I mellomkrigstida hadde radiofonien vunne terreng i Noreg. Kringkastinga dekte over halvparten av dei norske hushaldningane i 1939, og nabolanda låg ikkje etter. Dette nye mediet låg altså klart til bruk som informasjon- og propagandakanal.
Morgonen 9. april 1940 vart Noreg og Danmark okkupert. Den danske kongen og resten av statsstyret måtte bøyge seg for dei tyske krava og vart verande i Danmark, medan kong Haakon med familie var i eksil i fem år. Allereie ved krigsutbrotet viste nasjonalsosialistane at dei visste å bruke propagandapotensialet i kringkastinga, men om okkupantane vann det fyrste medieslaget, kom dei to monarkane snart tilbake.
Den samlande radiotaletradisjonen vart etablert under okkupasjonen. Ved dei tre fyrste årsskifta talte kong Christian X til nasjonen over radio, men vart sidan hindra av okkupasjonsmakta.9 Tradisjonsbrotet, sjølv etter berre tre år, må ha hatt sterk nasjonal symbolverdi. Jule- og nyttårshelga 1940–41 kom kong Haakon av Noreg første gang sjølv til mikrofonen. Talen vart sendt frå London, og i løpet av okkupasjonen heldt kongen og kongefamilien årvisse talar til det norske folk.10 Kongetalane frå London og Boston vart samlingspunkt og symbol for norsk motstandsånd.
Nyttårstalen er berre ein av fleire årlege talar, men han har ein særleg symbolverdi knytt til tidsaspektet. Årsskiftet er ein overgang som maner til ettertanke og til visjon for framtida, og i ein nasjonal krigssituasjon vert det nasjonale tidsperspektivet viktig: Kven er vi, kva kjemper vi mot, og kva vil vi? Kongane stod fram på terskelen mellom fortid og framtid og teikna eit nasjonalt bilete av ei god og fri fortid, ei undertrykt samtid og håpet om ei fri framtid. I Noreg var “Dette er London!” og radiooverførte talar bokstavleg talt samlingspunkt. I Danmark var “Kongen til hest”, hans daglege ridetur i gatene i København, symbolet på at kongen stod saman med sitt folk. Begge vart oppfatta som nasjonalt samlande symbol. Monarkane definerte det nasjonale, og stod sjølve som symbol på fellesskapen. Okkupasjonen kan sjåast som ei krise som framprovoserte ei redefinering av det nasjonale. Ytre press gav indre samling, og monarken hadde eldgamal legitimitet som samlingspunkt.
Nasjonal gjenreising
i mediesamfunnet
Taletradisjonane er moderne fenomen som passer inn i biletet nasjonalismeforskaren Benedict Anderson teiknar av nasjonar som “førestilte fellesskap”.11 Media opna for heilt nye sosiale band ved å gje ei ny erkjenning av eit nasjonalt likeins og samstundes: Formidling, kommunikasjon og kontakt var premissar for nasjonaliseringsprosessen. Og på nyttårskvelden kunne nordmennene sette seg til rette og lytte i forvissing om at akkurat “no” lyttar folk i heile landet til kongen. Nasjonen lyttar. Vi lyttar.
Talerituala er ei årviss stadfesting av slike band mellom monark og folk. I talen framsto ikkje kongen som fjern maktperson med ordrar og direktiv. Han talte til kvar og ein av landsmennene i deira eigne stover. Såleis meiner David Cannadine at den britiske juletalen representerte den viktigaste utviklinga for det britiske kongehuset på 1900-talet:
But the most important development during this period [1914-1953] was the advent of the B.B.C. […] the Christmas broadcasts, instituted in 1932 and immediately adopted as ’traditional’, enhanced the image of the monarch as the father-figure of his people, speaking to his subjects in the comfort and privacy of their homes.12
Monarken framstod som ein nær og omsorgsfull nasjonal far, heller enn som ein fjern statsleiar. Det rituelle kongedømmet kopla monarken frå staten og til nasjonen. Media var støttespelar og nødvendig premissgjevar.
Dette emosjonelle bandet mellom konge og folk var enklare å etablere i ein situasjon som krigskonteksten. Krigstalane fekk dessutan ein symbolverdi som taletradisjonen tok med seg vidare. Slik kunne kongen stå fram som samlande symbol som artikulerte fellesskapen sine mål. Dei fyrste åra etter krigen stod gjenreisinga for døra, og monarkane talte om oppofrande samarbeid, slik kong Haakon sitt eksempel frå 1945 syner:
Når vi nu om noen timer går inn i det nye år, skal vi minnes våre døde og vi skal huske at de gav sitt liv for et fritt og bedre Norge. Vi skal arbeide videre i deres ånd for å skape et land hvor alle nordmenn kan få det godt, og vi skal ta fatt med friskt mot og med blikket rettet forover mot de oppgaver som venter oss.13
Dei fyrste etterkrigsåra var talane i begge landa prega av denne typen gjenreisingsretorikk. Monarkane hadde, i kontrast til den tyske okkupasjonsmakta, vorte kongelege symbol på nasjonal fred og fridom, og dei mante nasjonen til felles innsats på terskelen til framtida.
Media var ikkje berre kanal, men òg ein medviten medspelar. I mange tiår hadde det norske Programbladet for nyttårshelga kongen eller kongefamilien på framsida. Etter kvart som det kom fleire kanalar utover 1950-åra, vart prioriteringa tydeleg ved at talen hadde monopol i sendetida. Løysinga var anten parallellsending gjennom fleire kanalar, eller sendepause. Ein må heilt fram til 1980-talet før talane konkurrerte om lyttarane/sjåarane med andre program. Mønstret går att i både Noreg og Danmark. Formsida, med kongesong og nasjonalsong var dessutan med på å skape eit opphøga inntrykk av at dette var nasjonalt viktig.
Taletradisjonane i Danmark og Noreg har felles utvikling som etermedieritual frå dei fyrste spede radiooverføringane i 1930-åra, via radioetableringa med okkupasjonen som tablå og mediemonopol den fyrste etterkrigstida, til kommersiell konkurranse dei siste tiåra. Programma har felles opphav i ei krisetid der monarken fekk ei eiga nasjonal symbolrolle, og media har gått i spissen for å framheve og oppretthalde ritualet som nasjonal mediehending.
Frå dansk hoffskål
til nasjonalt ritual
Den danske kongelege nyttårstaletradisjonen har ei klar stegvis utvikling frå elitær kontekst til ei moderne folkekongerolle. Førebodet finn vi mellom fisken og steika på det danske nyttårstaffelet i 1880-åra. Då reiste kong Christian IX seg og skålte for selskapet og fedrelandet. Den patriotiske skåltalen var for eliten i paleet. Det var heller ikkje folkeleg merksemd verken kongen eller selskapet trakta etter. Dei heldt seg i dei indre gemakkar av samfunnet og hadde nok med det. Dronning Margrethe har etter 1972 hatt motsett fokus. Ho taler til folket frå arbeidsrommet sitt og når gjennom danske medier ut til heile landet. Talen er frigjort frå hoffeliten sin nyttårsfest og har vorte ein folketale og eit nasjonalt ritual.
Utviklinga har gått stegvis med avisprenting frå hundreårsskiftet og prøvesendingar i mellomkrigstida. Talane frå okkupasjonen representerte ei viktig romleg nyorientering. I okkupasjonsåra talte kong Christian frå arbeidsrommet på Amalienborg. Hofftaffelet var avlyst, men kongen heldt nyttårstale til folket. Og for å nå flest og djupast, brukte han radio som kommunikasjonskanal. Dette var ikkje vidareformidling av ein selskapstale for fiffen, men ein folketale med nasjonalt samlande intensjon. I tre år tonte altså kongetalen ut til nasjonen, før okkupasjonsmakta sette forbud. Likevel tok ikkje kongen opp att samlingstalen etter krigen. I staden kombinerte han dei to tradisjonane med å radiooverføre talen frå selskapet. Den elitære skåltalen fekk tilført nasjonalt samlande symbolverdi. Først mot slutten av 1950-åra tok kong Frederik steget frå nyttårstaffelet og inn i arbeidsrommet med talen. Det romlege aspektet er viktig i denne utviklinga. Talen vart flytt frå selskapet til arbeidsrommet. Nyttårstalen vart ein del av monarken sine arbeidsoppgåver som nasjonalsymbol. Talen var frigjort frå den elitære konteksten og vart fullt og heilt retta mot det danske folket. Og danskane har vore lydhøre. Midt på 1990-talet svarte heile 91% av danskane at dei brukar å lytte til dronning Margrethe sine nyttårstalar.14 Ho samlar danskane ved terskelen til det nye året og framtida.
Nordmenn i “de
tusen hjem” – og ute
Den norske nyttårstalen var, i motsetning til den danske, ein folketale frå starten. Før andre verdskrigen var adressering til landsmenn i utlandet sjølve tittelen på talen. Sidan kom okkupasjonen, då talane vart ein kanal mellom ein kongefamilie i eksil og eit okkupert norsk folk. Utskiljing og avstand var i begge tilfella i fokus. Eksillandsmennene vart det stadfestande uttrykket for “oss heime” og det heimlege. Tydelegast var dette under 2. verdskrig, då den tyske okkupasjonsmakta stod som grensemarkør for det norske: Den framande makta var med på å tydeleggjere det særeigne norske.
I 1940 sa kong Haakon såleis at håpet var at nordmennene atter skulle styre utan innblanding av “systemer og prinsipper som ikke passer for det norske lynne eller med norske tradisjoner”. Okkupasjonsmakta vart omtalt som eit unasjonalt overstyre i etnisk og statsborgarleg forstand. Kongen stilte seg på den definert rette sida og stod som symbol på framtidsvisjonen han sjølv ytra håp om: “Atter står nordmenn på egen grunn under eget flagg.”15
I ettertid omtalte kong Haakon okkupasjonstida som ei norsk slavetid: “Så senket mørket seg over Noreg, og det norske folk ble underkastet fem lange år med besettelse, slaveri og nød.”16 Men talane viser at mørketida òg kasta oppklarande lys over det norske:
[…] det norske folk [sto] fast som Norges egne fjell og ga derved verden et lysende eksempel på et folks kjærlighet til sitt fedreland og på hvordan denne fedrelandskjærlighet ble omsatt til motstand mot den inntrengende voldsmakt. […Kongen takket alle som…] aldri for et øyeblikk sviktet sin harde plikt, og som ved sin strålende innsats for alltid har risset sine navn i Mor Norges saga.17
Ytre press gav indre samling. Norsk nasjonalitet vart redefinert og presisert med den framande makta som grensemarkør. Motstandsrørsla vart plassert i heltegalleriet i det nasjonalhistoriske paradigmet. Norrøn mellomalder, 1814 og 1905 stod som andre nasjonale milepålar. Fokuset på nasjonalhistoria skil norske nyttårstalar ut i sitt skandinaviske omland.
Dei fyrste etterkrigstalane var prega av nasjonalhistorisk retorikk: Den norske nasjonen hadde stått den nye prøven (okkupasjonen). No måtte ein stå samla om arbeidet for ei betre framtid. Sjølv om denne kraftretorikken snart vart nedtona, har historia halde fram som sentralt taletema. Men fokuset kom heller til å vere på samhald og samarbeid, både nasjonalt og internasjonalt, enn på det skiljet okkupasjonen hadde openberra innan nasjonen. Dei siste tiåra av kong Olav si taletid fremja han såleis historia meir som ein læremeister enn som nasjonalt kriterium. I staden for den “sjølvsagde” historiseringa tok jubileumsretorikken over. I staden for å sjå nordmennene som eit folk med historiske røter i Noreg, opna dette for å sjå historia som rettleiar for den samtidige nasjonen. Nasjonalhistoria fekk preg av å vere ei statshistorie med normativt innhald for nasjonen.
I kong Harald si taletid i 1990-åra ser ein ei endring. Han har igjen lagt større vekt på historie som kjerne i norsk nasjonal identitet. Samtidig har han helde fram forgjengaren si nedtoning av “det norske” som ein etniskkulturell fellesskap. Men der kong Olav gjorde dette implisitt, har kong Harald gjort det meir eksplisitt. På same måte som dronning Margrethe, har han poengtert at toleranse òg fordrar sjølverkjenning og respekt for eigen kultur: “Uten en norsk identitet har vi lite å tilføre et voksende verdenssamfunn” sa han såleis i talen i 1991.
Endringa speglar ei fleirkulturell utfordring. Kong Olav sitt jubileumsfokus kan sjåast som ein overgangsfase mot den fleirkulturelle nasjonserkjenninga. I lengre liner kan ein sjå innvandringstematikken som omvendt parallell til eksillandsmennene, som den norske nyttårstalen starta med: Då var det utskiljinga frå det heimlege som katalyserte talen og nasjonstolkinga. I sin andre tale, 1. januar 1940 – under verdskrigen, men før Noreg var okkupert – sa kronprins Olav såleis: “Aldri før har jeg forstått så klart hva moderlandet betyr for våre landsmenn ute, og hvordan landet kan vokse også utenfor sine grenser.” I seinare tid har fokuset heller vore på integrasjon i ein fleirkulturell fellesskap her heime.
Under okkupasjonen var kongefamilien i eksil. Eksiltilveret gav større talefridom enn kva den danske monarken hadde i det okkuperte heimlandet. Der kong Christian balanserte på lina mellom motstand og innordning, talte kong Haakon og kronprins Olav av Noreg friare. Avstanden opna talerommet, samtidig som det å illegalt lytte til eksilkongen si helsing til nasjonen, må ha fått symbolverdi. Eksiltilveret vart i seg sjølv symbol på ein unormal norsk tilstand. Difor kan heimkomsten i 1945 tolkast som ei symbolsk milepåle på line med reisinga av “Noregs gamle kongestol” i 1814 og det norske kronsymbolet på norsk sjølvstende i 1905. I 1945 stod kongen og det norske folket atter på eigen grunn under norsk flagg.
Kva så med Sverige?
Den danske og norske taletradisjonen har utvikla seg i takt med medieutviklinga på 1900-talet. Slik er det ikkje med dei kongelege innslaga i jule- og nyttårsfeiringa i Sverige. Der er dei kongelege rituala både annleis og av langt nyare dato. Svenskekongen held radiotale til folket på juledagen, og kongefamilien er fokus for ei TV-sending nyttårsdagen. Men begge tradisjonane vart først etablerte etter at kong Carl Gustav tok over i 1973.
Likevel har det i heile etterkrigstida vore fast tradisjon med ein juletale, men kongen har altså ikkje vore talar før dei siste åra.18 Den svenske juletalen hadde derimot stadig skiftande talarar. Det var ikkje det blå blodet, men ein viss kjendisstatus eller kulturposisjon som var avgjerande for å verte svensk juletalar i etterkrigstida. Gjennomgangen av Programbladet gjev oss ei liste over talarar som viser at det var “landshøvdingane” i det moderne folkhemmet som talte, og der var monarken berre ein av mange. Det høver med biletet Bo Stråth har teikna av det svenske folkhemmet, der identiteten på 1900-talet vart omdefinert og statleggjort i ein sosialdemokratisk “folkhemsideologi” med tryggheit og likskap som berande verdiar.19 Nasjonsbygginga på 1800-talet var ført av ein konservativ elite som hadde styrke til å stå mot demokratiseringsbølgja til over hundreårsskiftet. Då demninga fyrst braut, vart det gamle hierarkiet forkasta til fordel for ein utprega egalitær og nærast òg “post-nasjonal” mentalitet. Monarkiet var ein av dei institusjonane som ikkje bar med seg folkeleg legitimitet ut i folkhemmet på 1900-talet.
Frå 1973 vart kong Carl Gustav fast talar. Det må forståast ut frå forfatningsutviklinga. I 1974 vart 1809-forfatninga avløyst. Debatten hadde gått høgt i fleire tiår, og spørsmålet om monarki eller republikk hadde òg vore oppe. Kongehuset vart ikkje avskaffa, men vengeklipt. Det var, om ikkje ei nasjonal, så ei monarkisk krisetid i Sverige, og i denne situasjonen etablerte altså kong Carl Gustav, som fersk regent, eit folkeleg orientert ritual som plasserte monarken i eit symbolsk sentrum slik Cannadine har skildra utviklinga i det britiske kongehuset. Forfatningsdebatten ser dermed ut til å ha ført den svenske kongen til den same erkjenninga som kong Christian av Danmark skal ha fått av Påskekrisa i 1920. Realpolitisk detronisering opna på 1970-talet for ein ny nasjonalsymbolsk arena for svenskekongen.
Taletradisjonane oppstod då monarken var realpolitisk detronisert. I Sverige utsette det konstitusjonelle vakuumet omstillinga, noko som òg kan vere ei forklaring på den tilbaketrekte rolla kongehuset har hatt i det moderne folkhemmet på 1900-talet. Den danske talen viser ei stegvis utvikling frå eldre statstradisjonar til dagens virke, og både i Danmark og Noreg har monarken ei meir “opphøga” stilling enn i Sverige.
“Svenskar i fjärran länder, Svenskar på de sju haven” – slik innleidde kong Carl Gustav den svenske kongelege juletaletradisjonen i 1973.20 Han påpeikte at familien og tradisjonsfellesskap skapte band mellom ute- og heimesvenskar, og at slike band er særleg viktige i familiehøgtidene. Med det introduserte han òg to av hovedtemaene i svenske talar: familien som sosial grunncelle, og Sveriges rolle i ei internasjonal omverd.
Juletalane speglar tydeleg folkhemmets særlege fokus på kjernefamilien, og sjølv framstår kongen som ein nasjonalt opphøga familiefar. Kongen snakka også om det internasjonale perspektivet ved folkhemsideologien; Sverige som forpliktande føregangsland i verdssamfunnet: “Vi får inte glömma att leva ‘i tiden’, att anpassa oss efter de nya förutsättningar och krav som oundvikligen ställs på oss, som enskilda svenska medborgare och som medlemmar i världssamfunnet.”21 Utanlandssvenskane vart brua mellom den heimlege daglege dont og det ansvaret Sverige har for verda: “Vi här hemma behöver er. […] ni [binder] samman Sverige med främmande länder og folk.”22
Eksil og
langdistansenasjonalisme
Fokuset på eksilet og eksilopplevinga er felles for alle dei tre talerituala. Då kronprinsregent Haakon nyttårsaftan 2003 unnlét å sende ei kongeleg nyttårshelsing til nordmenn ute, braut han ein tradisjon som var like lang som talen sjølv. Eksilet og eksilopplevinga er på sett og vis sjølve eksistensgrunnlaget for kongetaletradisjonen. I talane har dei konglege i tiår etter tiår framheva korleis dei ute er med å setje Noreg på verdskartet, og korleis avstand medfører eit nytt blikk på det heimlege og det særeigne. Utanfrå ser ein det heile så mykje klarare.
Av dei tre monarkane er det kanskje den danske som har streva mest med sitt nasjonale favntak. Danske monarkar har alltid famna grønlendingar og færøyingar ut frå heilstatstradisjonen. Samtidig har dei òg påpeikt at det er språket og kulturen som er nasjonalt kjennemerke, og at dansktalande syd for grensa mot Tyskland difor er danskar gode som nokon. Dansktalande tyskarar har i alle år fått helsingar frå den danske monarken.
Eksilet er òg interessant i den forstand at det vert brukt som spegel på det heimlege. “Dei ute” framkallar definisjonen av “oss heime”, og grensa mellom vår-verd og om-verd vert dermed synleg. Det ber òg med seg ein slags nostalgisk eller post-modernistisk draum eksemplifisert av svenskekongen i 1973:
Ni svenskar i utlandet känner nog också att ni behöver Sverige som en fast punkt i tillvaron. I det rörliga internationella livet krävs trots allt en förankring någonstans. Det är naturligt att hembygden skänkar den särskilda känsla av trygghet som en främmande miljö kanske inte alltid kan ge.23
Eksilet og framandgjeringa openberrar det heimlege ein kanskje allereie opplever å ha mista. Ute i det framande blir behovet for rotfeste, og i meir djupare meining, identitet tydeleg. Eksilet speglar difor det heimlege; berre i det framande vert heimstaden ein heim i verkeleg meining.24 Eksilopplevinga føreset ein heim og ein avstand. Berre med denne avstanden er det nødvendig å definere heimen. Slik medfører eksilopplevinga ein langdistansenasjonalisme, eit behov for å sjå, vite og erkjenne kvar ein kom frå – eit favntak som berre kan takast på avstand. Dei kongelege talane var i starten adresserte til desse tidlege landsmennene i eksil. Slik sett er taletradisjonane ei erkjenning av det moderne og mobile samfunnet, ei erkjenning av splitting og det eksistensielle eksilet.
Å samle det splitta
Som nasjonalsymbol må folkekongen samle, ikkje splitte. Difor er det rimeleg å tru at overgangsritualet artikulerer det moderne folkekongedømmet sitt maktgrunnlag: den nasjonale konsensus. Talane har vorte omtalte heller som nonsens enn konsens. Men kva er det som er sjølvsagt? I vår pluralistiske samtid har vi stadig færre samlande fora att. Monarken sin nisje i den moderne nasjonalstaten er nettopp å samle det splitta.
Studien av dei skandinaviske kongetalane har vist at dei tre monarkane til ei kvar tid forheld seg til nasjonale identitetar med ulike samlings- og konfliktfelt: Dei har ulike talerom.25 Norske talar er særprega av historiefokuset, der samtidige utfordringar vert sett inn i ei historisk ramme med nasjonale kriser og grensemarkørar for norsk fridom. Danske talar er særprega av den doble inkluderinga både av danskætta tyskarar, ut frå ein kulturell nasjonstanke, og grønlendarar og færøyingar, ut frå historisk statstradisjon. I svenske talar ser familie- og velferdsverdiar og tankar om modernitet og teknologi ut til å ha erstatta det nasjonale.
Men talerommet til dei tre monarkane har nærma seg kvarandre dei siste tiåra. Eksempelvis har historia og etnisk-kulturelt opphav fått ei mindre framtredande rolle i dei norske talane, samtidig som danske monarkar har presisert verdien av ein felles dansk kulturell identitet. Til og med svenskekongen har no fleire referansar til historie og tradisjonell kultur, noko som var totalt fråverande i 1970-åra. Der historisitet og kulturfellesskap stod sentralt, har det komme meir i bakgrunnen, og der det stod mindre sentralt, har det fått større plass. Tilnærminga må forståast i forhold til nasjonalstatens store utfordringar i perioden: EF/EU- og innvandringsspørsmålet. Å sjå nærare på monarkane sine tematiseringar og folkelege reaksjonar på ulike taletopos, kan altså vere ein måte å komme nærare inn på det nasjonale “grenselandet” i dei tre nasjonane.26 Kva kan den konsensuelle monarken uttale seg om, og kvar må han tige?
Fokuset på innvandrings- og EU-saka har òg verdi i generell nasjonalismediskusjon. Det har vore eit munnhell at nasjonale identitetar med etniske kjerner òg er etnisk segregerande. Er det slik, burde norske monarkar, etter historiefokuset å dømme, ha snevrare talerom om innvandringssaka enn sine nordiske naboar. Omvendt er det nærliggande å tru at nasjonalitetar med sterkare statsborgarleg preg då har ibuande motsetningar mot overnasjonalitet. Svenskekongen burde i så fall vere forsiktig i forhold til EU-saka. Fokuset på monarken sitt handlingsrom i desse sakene vil altså kunne seie noko om kvar grensene for den nasjonale konsensus går, noko som igjen vil gje djupare innsikt i dei tre nasjonale meiningsuniversa. Vi skal altså sjå etter forsonings- og konfliktrom i dei nasjonale meiningsuniversa.27
Det nasjonale grenselandet; nasjonalitet eller overnasjonalitet?
Kong Carl Gustav og dronning Margrethe har begge talt varmt om EEC/EF/EU – også før dei var medlemmar. I tid fall medlemskapen i dei to nasjonane òg saman med ei ny framheving av nasjonal identitet og kulturarv i talane. Overnasjonale bindingar ser altså ut til å ha medført eit sterkare fokus på kulturbakgrunn og historie. Norske monarkar har aldri gått inn i saka, og her ser vi heller ikkje noko auka fokus på norsk etnisitet – heller tvert om.
Der danske og svenske monarkar har talt ope og argumentativt for medlemskap, har kong Olav og kong Harald implisitt og eksplisitt distansert seg frå temaet. Saka er berre omtalt i samband med folkeavstemmingane i 1972 og 1994. Ved desse vegvala har monarken teke opp saka som ei formaning om nasjonalt samhald. I 1972 sa kong Olav det slik:
Vi er så få her i landet, vi har ikke råd til å la forskjell i oppfatning og følelser lage skille i folket, men må arbeide sammen til felles gavn […] Utviklingen vil vise de betingelser vi kan oppnå i Det Europeiske Fellesskap og la oss alltid huske på at vi skal løfte til felles beste og løfte i flokk.28
Nyttårskvelden 1993, 4 timar før Noreg gjekk inn i EØS og med ei ny folkeavstemming om EU i vente, talte kong Harald med det same forsonande motivet:
Vårt land skal bygges videre ut gjennom de demokratiske beslutninger folket treffer, enten det bliver som medlem i den europeiske unionen eller som medspillere i Europa på annen måte. Vi skal leve sammen som gode nordmenn og europeere både før og etter en folkeavstemming.29
Ein kvar nordmann kan tenke seg rabalderet om den norske kongen stod fram som ja- eller nei-mann. Saka har då òg vore eit rojalt ikkje-tema; monarken tek ikkje stilling i saka, men prøver å samle motsetningane saka skaper.
Medieresponsen på talane i dei tre landa viser at alle dei tre monarkiske taleromma har blitt godtekne av folket. Overnasjonalitet kan altså sjå ut til å liggje innan konsensusgrensene i Danmark og Sverige, men utanfor dei norske. Sidan den konsensuelle monarken må halde seg innan konsensusfeltet, er EU-saka ei kongeleg ikkje-sak i Noreg. Det rimer lite med ideen om kjerner og grensemarkørar i etnisk-orienterte versus meir statsborgarleg orienterte nasjonale identitetar, men er forståeleg innan det norske historiske paradigmet der unionar har ein eigen klang og dei historiske milepålane er bautaer over nasjonal frigjering frå unionar og overstyre.
Den nasjonale sjølvdefineringa:
“vi” og “dei andre”
I den kongelege innvandringsdebatten er det dronning Margrethe som har markert standpunkt – og fått korreks. I “flyktningetalen” i 1984 stilte ho dansk framandfiendskap til veggs:
Med vidt forskellig baggrund kommer flygtninge hertil, kvæstede somme tider både på sind og krop. Vi tager imod dem og er nok også lidt stolte over, at de har valgt netop vort lille paradis, men når vi ser dem stå famlende over for vort livsmønster og vort sprog, så kniber det alt for hurtigt med gæstfriheden, og skuffelsen melder sig på begge sider. […] Så kommer vi med vores “danske humor” og små dum-smarte bemærkninger, så møder vi dem med kølighed, og så er der ikke langt til chikane og grovere metoder – det kan vi ikke være bekendt.30
Skildringa av kulturkrasj mellom kvesta flyktningar og sjølvgode danskar munna ut i ei kongeleg formaning i bydeform. Argumentasjonen speglar at både-òg-perspektivet i dansk nasjonalitet skapte problem: Flyktningane flykta til det trygge Danmark, men stod famlande overfor dansk livsmønster og språk. Dei vart tiltrekte av staten, men utstøytte av nasjonen.
Dronninga sitt engasjement i innvandringssaka hadde òg tidlegare vorte kritisert som uttrykk for ei forbigått paternalistisk [!] tid då øvrigheita kunne formane borgarane.31 Men etter “flyktningetalen” fekk ho både folkeleg og politisk refs. Innlegget “Politiker beder om husly hos dronningen. Brug Fredensborg til flyktninge” viste poenget:
Dronning Margrethe opfordres i et åbent brev fra en politiker i Helsingør til at indlogere flygtninge på Fredensborg slot. Når dronningen i sin nytårstale opfordrer til gæstfrihed, bør hun ikke se passivt til, mens unge danskere sættes på gaden til fordel for flygtninge, heder det i brevet. […] “Så var det ikke bedre, om flyktningehjælpen lånte Fredensborg til flygtningene end, at der nu skal smides mennesker på gaden, som kun har 10,5 kvt. meter? Du har jo stadig god plads på Amalienborg ved siden af.”32
Tonen skal ha gått att i fleire medieoppslag.33 Dronninga si omtolking av flyktningesaka til ei moralsk sak, vart ikkje godteken: Ho burde ikkje uttale seg om saker ho ikkje hadde noko med (politisk) eller kunne forstå implikasjonane av (sosialt). Ho fekk korreks av folk og folkevalde for å ha gått utanfor talerommet sitt. Sjølv om ho òg fekk støtte, vart talerommet hennar innsnevra. Søren Krarup forklarte det slik med “Dronning Agathe”: “Dronning Margrethe er jo ikke en politisk person. Hun er en national person – det samlende symbol for landet. Det er ikke hendes oppgave at fremføre meninger.” Ei lesarundersøking gav rådet: “Bland dig udenom dronning”.34 Dette kan tyde på at innvandringstemaet gjekk frå eit konsensuelt forsoningsrom inn i eit nasjonalpolitisk konfliktrom på 1980-talet i Danmark.
Norske kongar har vore mindre markante. Integreringsmotivet kom fyrst då arbeidsmarknaden stramma seg til, lov om innvandringsstopp vart vedteken og pågangen av asylsøkarar vaks i 1970-åra. I 1982 tok kong Olav konsekvensen, og presenterte seg òg som innvandrarane sin konge:
Kjære landsmenn,
La meg først få si at med disse gode, gamle ord mener jeg alle mine landsmenn, også de som er blitt norske statsborgere og dermed våre landsmenn efter å ha valgt Norge som sitt nye hjemland.35
Den kongelege omfamninga av innvandrarane fall i tid saman med ei nedtoning av det nasjonalhistoriske paradigmet i talane. Medan kong Olav talte generelt om toleranse og integrasjon, har kong Harald òg peikt på utfordringar det fleirkulturelle samfunnet stiller nasjonen overfor. Den kongelege støtta til antirasistisk arbeid i Noreg har fått ros og applaus frå Akersgata, som sjølv legg vinn på å vere talerøyr for og til folket.
Nasjonale konsensus-
og konfliktfelt
Som samfunnsuttrykk er det kongelege talerommet særprega av å ha ein samlande intensjon som i seg sjølv legitimerer kongen som nasjonal talsmann. Når folket lyttar og media vidareformidlar, er det difor rimeleg å tru at talane og mediedekninga speglar nasjonale konsensus- og konfliktfelt.
Kvar nasjon har og skaper slik sett si “livshistorie”, og som i eit menneske si livshistorie er det mogeleg å legge vekt på heilt ulike fasar og emne alt etter fokus og utgangspunkt. Kongetalane speglar korleis dei nasjonale livshistoriene har utvikla seg opp gjennom 1900-talet, og korleis ulik kontekst og nye utfordringar òg kan medføre omskriving av forhistoria. Likevel er det nokre grunnleggande verdiar og erfaringar som skil dei tre nasjonale livshistoriene som vi har sett på her. Det er meir formative trekk i dei ulike nasjonale identitetane. Den danske er nesten sjablongmessig særprega av splittinga mellom Slesvig (folket) og Grønland (staten). Den norske er særprega av historiefokuset, og den svenske av det anasjonale modernitetsfokuset. Det kan forståast i lys av prosessar Svein Ivar Angell skriv om som: norsk “dynamikk nedanfrå”, dansk “autoritet og folkelighed” og svensk “transformasjon ovanfrå”.36 Dynamikken nedanfrå har medført at norske nasjonale symbol har stor folkeleg oppslutning – kongen så vel som 17. mai. Svenska flaggans dag eksemplifiserer det andre ytterpunktet. Der har det nasjonale liten folkeleg verdi, fordi nasjonsbyggingsprosessen vart driven ovanfrå utan å nå folkedjupet.
Det at dei tre skandinaviske monarkane viser seg å ha tre ulike talerom, må forståast ut frå konstituerande nasjonselement. Sjølv om talerituala er moderne 1900-tals fenomen, må det kongelege talerommet altså sjåast i lys av den lengre nasjonalstatlege utviklinga. I vår samanheng er det interessant at dei konsensus- og konfliktfelta som vi har kartlagt, ikkje høver med hypotesen om at den etniskkulturelt orienterte nasjonale identiteten (som eksempelvis den norske) er prega av, har ein sterkare ibuande segregerande tendens. I staden går grensa for deira handlingsrom på overnasjonalitet. I Danmark har innvandringstematikken vist seg som eit konfliktfelt den konsensuelle monarken ikkje kan gå inn i. Der har ikkje EU-saka same konfliktpotensiale. Svenskekongen har ikkje fått kritikk på nokon av felta.
Danske monarkar si trippelinkludering av danskar utanfor Danmark (kulturelt), av heilstaten (territorielt – stat) og innvandrarar, kan sjåast som resultat av at erfaringar frå ymse fasar i den danske historia skulle med. Ikkje minst gjeld det sameininga av heilstatstradisjonen og nasjonaldemokratiske straumdrag på 1800-talet. Kritikken mot “flyktningedronninga” kan tolkast som teikn på at konflikta mellom dei to tradisjonane framleis kan sonderast i “det danske”, og at denne uavklarte kjernen i dansk nasjonal identitet vert synleggjort når innvandringstematikk vert nasjonalt stridsfelt i Danmark.
Norske talar var karakterisert av ei nasjonalhistorie som med gullaldrar, nedgangstider, nasjonale dåder og heltedygder plasserte den samtidige nasjonen inn i eit nasjonalt paradigme. Dette kan koplast til danninga av ein norsk nasjonal identitet på 1800-talet, då kulturell og politisk “unionsmotstand” vart to sider av same opposisjonelle venstresak. Kongen har talt og vore ein av forteljarane av den nasjonale livssoga som krinsar om fridomsbautaene frå 1814, 1905 og 1945. Det vert sagt at denne soga har prega og endå pregar mange nordmenn si oppfatning av ordet “union”. Mykje tyder òg på at kløfta frå den unionelle frigjeringskampen enno kan sonderast i det norske folket når EU-saka kjem på bana.
Danske og norske monarkar har eit stort og folkeleg legitimert talerom, men taleromma er ulike og dei har kvar sine grenser. Svenskekongen ser derimot ut til å ha mindre eller lite talerom. Den svenske juletalen er karakterisert av biletet av kungahemmet som eit opphøga nasjonalt folkhem og utanlandssvenskane som internasjonale ambassadørar for ein svensk mønsterstat. Mellom det familiære og det statlege nivået er det eit vakuum. Distansering mot patriotisk nasjonalisme er ein kjerne i den moderne folkhemsideologien. Det må forståast i lys av den svenske eliten si maktforskansing under den formative nasjonsbyggingsfasen på 1800-talet. Dei nasjonale symbola var etablerte som symbol på ein utgått og bakstreversk maktelite då demokratiseringa slo gjennom på 1900-talet. Det nye Sverige flagga nye, demokratiske og framtidsretta symbol. Patriotisk nasjonalisme vart eksempel på ein fase det moderne Sverige hadde komme forbi. Det er difor forståeleg at ein konsensuell svensk monark ikkje målber eit tradisjonelt nasjonssyn. Det nasjonale vakuumet i juletalane er kroneksempel på brotet i den svenske nasjonsbyggingsprosessen. Det er òg forklaringa på kvifor ikkje kongen står fram som eit tungt nasjonalsymbol som i nabolanda. Den folkelege oppslutninga er i seg sjølv talande: I Diaforsk si surveyundersøking svarte 91% av danskane, 68% av nordmennene og 26% av svenskane at dei brukte å høyre dronninga eller kongen tale.37 Ratingtala ligg lågare, men stadfestar den komparative tendensen38: I Sverige har taleritualet, til liks med monarken som nasjonalsymbol, lågare folkeleg oppslutning enn i nabolanda.
Det er ein tendens at det offentlege Sverige søker å gjenerobre dei nasjonale symbola i kamp mot antirasistiske grupperingar som på 1900-talet fritt har fått annektert både symbola og symbolinnhaldet. Den svenske kongetalen er eit eksempel. Dei siste tiåras statleg initierte forsøk på å skape ein samlande og folkeleg Svenska flaggans dag etter norsk 17. mai-mønster, er eit anna.39 Ein slik statleg initiert ritualiseringsprosess er nettopp ei erkjenning av korleis effektive og samlande symbol kan fungere som samfunnsmessig lim. Det kan samle det splitta og skape fellesarenaer i eit fragmentert samfunn.
Folkekongemysteriet
Dei moderne jule- og nyttårstalerituala eksemplifiserer eit fenomen som Pierre Bourdieu har kalla “the mystery of the minister” eller ministermystikken. Det viser til at grupper vert stadfesta og mobiliserte når nokon taler på deira vegne, og at talsmannen samtidig får makt i kraft av å vere gruppesymbol.40 Mystikken viser til at talsmannen taler om, til og på vegne av ei og same gruppe. Han er innanfor og utanfor, men fyrst og fremst for. Talsmannen får, innan felles godtekne grenser, makt til å definere gruppetilhøyrsla. Han har defineringsmakt.
A.M. Hocart går vidare i ei slik forståingsramme når han brukar “den doble kroppen” som bilete på monarken.41 Dualiteten mellom person og posisjon gjenspeglar seg i det kongelege virket. Ein og same person sameiner motsetninga i å handtere makt og å ha tillit, det å vere både utanfor og innanfor nasjonen. Monarken er både–òg og verken–eller. Difor kan han stå som talsmann for ei heterogent samansett folkegruppe som ein nasjon. Men han må handtere og oppfylle “ein-står-for-alle” for at det ikkje skal verte “alle-mot-ein”. I demokratiske statar betyr ei slik utstøting avskaffing av monarkiet. Posisjonen er uavhengig av personen, men personen er posisjonen. Monarken er nasjonal talsmann i kraft av støtta frå nasjonen, og her er kongedømmet avhengig av dei moderne rituala som nettopp stadfestar slike personlege band mellom konge og folk.
Når monarken står som nasjonal talsmann, får han nasjonal autoritet. Autoriteten låner han av gruppa han representerer så lenge dei lèt han stå som nasjonal talsmann. Og så lenge han er talsmann, har han nasjonal defineringsmakt innan dei felles godtekne grensene. Folkekongemysteriet botnar i at monarken har tilpassa seg dette nasjonale meiningsuniverset og at folket godtek det. Her er den konstitusjonelle monarken sitt maktgrunnlag. Difor kan kong Carl Gustav av Sverige, kong Harald av Noreg og dronning Margrethe av Danmark tale om, til og på vegne av nasjonane når året lid mot slutt. Dei oppsummerer fortida og gjev nasjonale visjonar for framtida. Overgangsrituala stadfestar og vigslar nasjonen som fellesskap og monarken som symbol på fellesskapen.
Det moderne kongelege taleritualet kan sjåast som ei kongeleg spegling av modernismen: Det moderne samfunnet framstår som verdilaust, forfalle og fragmentert. Modernisten lengtar etter heilskap og meining. I taleritualet artikulerer monarkane samlande idear i samfunn som ikkje lenger vert oppfatta som integrerte eller homogene. Det vert tydeleg av langdistansenasjonalismen, der eksilet er katalysator for defineringa av fellesskapen: Fellesskapen får verdi når han ikkje lenger er sjølvsagt. Det du har, tenkjer du ikkje alltid over. Det du misser, saknar du. Men når kongen tematiserer dette og søker å halde saman det splitta, vert splittinga i seg sjølv samlande. Nye splittande tendensar vert tekne opp og søkt heila i dei kongelege talane. For monarkiet er faren at splittingane vert for store til at dei kan byggjast nasjonal bru over. Folkekongen kan aldri verte den einaste samlingsfaktoren; han kan aldri halde talen som alt heilar.
Folkekongen balanserer på ein knivkvass egg mellom det folkelege og det kongelege. Det norske folket har fleire bilete på netthinna som nettopp gjev bod om det tette bandet mellom konge og folk. Biletet av konge og kronprins tett attmed bjørkeleggen i ly for tyske granatar i 1940, biletet av kong Haakon VII ved BBC-mikrofonen under krigen, og frå seinare år: Folkekongen Olav V som løyste sin truleg einaste og tidenes mest omtalte trikkebillett under oljestreiken i 1973. Ein heilt vanleg konge som tek seg tid til å studere ein heilt vanleg katt sin tur over gardsplassen. Ein konge som vitjar orkanoffer i boblejakke og slagstøvlar. Dette er den omtenksomme monarken – den nære nasjonale farsfiguren. Den same farsfiguren som talar til oss på terskelen mellom fortid og framtid. Men ein nitid balansegang mellom det folkelege og det opphøgde er naudsynt for at vi i det heile legg merke til desse symbolske handlingane og bileta. I folkekongedømmet er linedansen mellom det folkelege og det opphøgde ein blansekunst utan kongeleg tryggingsnett.
Noter
1 Dette er tilpasset kapittel fra Brottveit, Ånund, Brit Marie Hovland og Olaf Aagedal: “Slik blir nordmenn norske”, Pax forlag, 2004.
2 Hovland (2001a) og (2001b).Artikkelen byggjer på desse to forskingsrapportane, sjå dei for fyldigare kjeldetilvising, litteratur og teksteksempel.
3 Nielsen (1995), s. 73ff.
4 Cannadine (1996), s.121.
5 Bendtsen (1992), Frost (1997), talekopiar henta frå Politiken, Berlingske Tidende, Kabinetsekretariatets arkiv på Amalienborg, København.
6 Talekopiar henta frå NRK Radio sitt arkiv, Aftenposten, Kabinettsekretariatet ved Det Kgl. Slott, Oslo.
7 Talekopiar henta frå Kungl. Hovstaterna ved Kungl. Slottet, Stockholm.
8 Frost (1997).
9 Politiken (1940-1945)
10 NRK Radio sitt arkiv, Oslo
11 Anderson (1991).
12 Cannadine (1996), s. 142
13 Norsk tale 1945 – NT45. Aftenposten 2. januar 1946
14 Botvar & Lunestad (2001).
15 NT44. NRK-London. Utskrift fra NRK Radio sitt arkiv.
16 NT46. Aftenposten 2. januar 1947.
17 NT45. NRK-London. Utskrift fra NRK Radio sitt arkiv
18 Programbladet (1945-2000)
19 Stråth (1994).
20 Kungl. Hovstaterna ved Kungl. Slottet, Stockholm
21 ST82. Kopi frå Kungl. Hovstaterna ved Kungl. Slottet, Stockholm
22 ST73. Kopi frå Kungl. Hovstaterna ved Kungl. Slottet, Stockholm
23 ST73. Kopi frå Kungl. Hovstaterna ved Kungl. Slottet, Stockholm
24 Hovland (2000), s. 48, etter Julia Kristeva i Hjorthol (1996).
25 Hovland (2000a)/(2000b).
26 Jensen (1989).
27 Eg gjekk systematisk gjennom to riksdekkjande (ei meir radikal og ei meir konservativ) aviser ei dryg veke etter taletidspunktet for å fange opp reaksjonar på monarken si tematisering av innvandring og EU. Berlingske Tidende, Politiken, Aftenposten, Dagbladet, Dagens Nyheter, Svenska Dagbladet.
28 NT72. Kopi fra Kabinettsekretariatet ved Det Kgl. Slott, Oslo
29 NT94. Kopi fra Kabinettsekretariatet ved Det Kgl. Slott, Oslo
30 DT84. Kopi frå Kabinetsekretariatets arkiv på Amalienborg, København
31 Berlingske Tidende 04.01.1983.
32 Politiken 04.01.1985.
33 Bendtsen (1992), s. 6.
34 Ekstra Bladet 20.10.1988.
29 NT82. Kopi fra Kabinettsekretariatet ved Det Kgl. Slott, Oslo
36 Angell (1998).
37 Botvar og Lunestad (2001).
38 DR TV Medieforskning, NRK-Forskningsavdelinga, Sveriges Television AB SVT Planering.
39 Blehr (2001).
40 Bourdieu, her etter Nielsen (1995), s. 73. Nielsen går òg vidare i tankegangen.
41 Her etter Sørhaug (1996).
Litteratur
Kjelder
Danske talar frå 2. verdskrig er kopi frå Politiken
Danske talar frå 1945-1971 er kopi frå Berlingske Tidende
Danske talar frå 1972-1999 er kopi frå Kabinetsekretariatets arkiv på Amalienborg, København
Norske talar før og under 2. verdskrig er utskrift frå NRK Radio sitt arkiv, Oslo
Norske talar frå 1945-1956 er kopi frå talereferatet i Aftenposten
Norske talar frå 1957-1999 er kopi frå Kabinettssekretariatet ved Det Kgl. Slott, Oslo,
Norske talar frå 2000-2003 er elektronisk utskrift frå www.kongehuset.no
Svenske talar frå 1973-1999 er kopi frå Kungl. Hovstaterna ved Kungl. Slottet, Stockholm
Opplysningar om sendeskjema, medieprioritering m.m
Hallo! Hallo! 1925 – 1940 og Programbladet 1945 – 1999 (Norske programblad, men òg med oversikt over dei andre sendeskjema.)
Taledekning- og respons, m.m:
Diverse årgangar 1945-1999 av
– Berlingske Tidende (dansk)
– Politiken
– Aftenposten (norsk)
– Dagbladet
– Dagens Nyheter (svensk)
– Svenska Dagbladet
Ratingtal:
Ratingtal frå DR TV Medieforsking, Danmark
Ratingstal frå NRK-Forskingsavdelinga, Noreg
Ratingtal frå Sveriges Television AB, SVT Planering, Stockholm
Øvrig litteratur
Anderson, Benedict (1991): Imagined Communities. Reflections on the Origin and Spread of Nationalism. Verso, London.
Angell, Svein Ivar (1998): Dei nasjonalstatlege nøkkelsymbola i Skandinavia – sett på bakgrunn av den nasjonalstatlege utviklinga, forskingsrapport frå prosjektet ”Nasjonale symbol og ritual i Norden”. Diaforsk, Oslo.
Bendtsen, Lis Jytte (1992): Dronningens nytårstale 1990. En sproglig og retorisk undersøgelse af dronning Margrethes nytårstale 1990. Uprenta universitetsoppgåve, København.
Blehr, Barbro (2001): ”’Vi borde ha en nationaldag’ – Svenske forslag og forhåpninger”, i Brit Marie Hovland og Olaf Aagedal (red.): Nasjonaldagsfeiring i fleirkulturelle demokrati. Nord 2001:4. Nordisk Ministerråd, København.
Bloch, Maurice (1986): From Blessing to Violence. History and ideology in the circumcision ritual of the Merina of Madagascar. Cambridge University Press, Cambridge.
Botvar, Pål Ketil og Jorun Lunestad (2001): Survey om nasjonale symboler i Skandinavia: en dokumentasjonsrapport. Diakonhjemmets Høgskolesenter, Oslo.
Bourdieu, Pierre (1991): Language and symbolic power. Polity Press, Cambridge.
Cannadine, David (1996): ”The Context, Performance and Meaning of Ritual: The Britich Monarchy and the ’Invention of Tradition’, c. 1820-1977”, i: Eric Hobsbawm & Terence Ranger (red.): The Invention of Tradition. Cambridge University Press, Cambridge.
Dahl, Hans Fredrik (1978): ”Dette er London”: NRK i krig 1940-1945. Cappelen, Oslo.
Elvander, Nils (1961). ”Från liberal skandinavism till konservativ nationalism i Sverige”, i: Skandia 27, side 366-386.
Feldbæk, Ole (red.) (1992): Dansk identitetshistorie 4. Danmark og Europa 1940-1990. C.A. Reitzels Forlag, København.
Frost, Hanne (1997): ”Gud bevare Danmark!”, i Samvirke nr. 1/1997.
Garbers, Lis og Sten Høgel (1996): Retorik: levende tale eller tom snak? Nyt nordisk forlag, København.
Gjerdåker, Svein, Tor Skålnes og Terje Tvedt (red.) (1994): Nasjonalstaten under press? C.W. Cappelens Forlag a.s, Oslo.
Greve, Tim (1980): Haakon VII: menneske og monark. Gyldendal, Oslo.
Hjorthol, Geir (1996): Forfattaren i eksil. Kjartan Fløgstad og biografien. Forskningsrapport nr. 18. Høgskulen i Volda, Volda.
Hobsbawm, Eric (1996): “Introduction: Inventing Traditions” og “Mass-Producing Traditions: Europe, 1870-1914”, i: Eric Hobsbawm & Terence Ranger (red.) The Invention of Tradition. Cambridge University Press, Cambridge.
Hovland, Brit Marie (2000a): Kongelege jule- og nyttårstalar som nasjonale ritual: tre skandianviske eksempel. Nord 2000:2. Nordisk Ministerråd, København.
– (2000b): Kongeleg symbolmakt: skandinaviske jule- og nyttårstalar som nasjonale ritual. Makt- og demokratiutredningen 1998-2002, rapport nr. 10/2000. Makt- og demokratiutredningen 1998-2002, Oslo.
Hutchinson, John (1994): Modern nationalism. Fontana Press, London.
Jensen, Johan Fjord (1989). ”Dronning Margrethes nytårstaler. Konsensus i ritualer og politik”, i Hans Fink (red.) Arenaer – om politik og iscenesættelse. KULTURSTUDIER nr. 5. Århus Universitetsforlag, Århus.
Jensen, Thorkild Borup (1992): ”Besættelsestidens digte og sange som udtryk for national oplevelse og bevidsthed”, i Ole Feldbæk (red.) Dansk Identitetshistorie 4. Danmark og Europa 1940-1990. C.A. Reutzels Forlag, København.
Jenssen, Anders Todal (1993): ”Flyktninger og innvandrere”, i Bjørn Alstad (red.) Norske meninger: 1946-1993. Bind 2: Norge og nordmenn. Sigma: Oslo.
Langslet, Lars Roar (1996): Kongen taler: utvalg, innledning og intervju med kong Harald. Cappelen, Oslo.
Löfgren, Orvar (1991): ”Att nationalisera moderniteten”, i Anders Linde-Laursen & Jan Olof Nilsson (red.) Nationella identiteter i Norden – ett fullbordat projekt? Nord 1991: 26. Nordiska rådet, Eskiltuna.
– (1993): ”Nationella Arenor”, i Billy Ehn/Jonas Frykman/Orvar Löfgren (red.) Försvenskningen av Sverige. Det nationellas förvandlingar. Bokförlaget Natur och Kultur, Stockholm.
Nielsen, May-Brith Ohman (1995): ”Besynge og beskrive. Å spore vestlendingen i tale og tabeller,” i Reidun Høydal (red.) Nasjon – region – profesjon. Vestlandslæraren 1840-1940. KULTs skriftserie nr. 45. Noregs forskningsråd, Oslo.
Ortner, Sherry B. (1973): ”On Key Symbols”, i American Anthropologist nr. 75/1973, side 1338-46.
Peterson, Bo (1988): Mannaminne: människor, medier, miljöer: en svensk mediehistorie. Nordstedts, Stockholm.
Piø, Iørn (1990): Bogen om julen. Historien om julen og dens traditioner. Sesam, København.
Pryser, Tore (1997): ”Frå kongemakt til folkemakt”, i Nordens historie 1397-1997. 10 essays. Nord 11/1997. DR Multimedie, København.
Sommerfeldt, W.P. (1947): Hans Majestet kong Haakon VII taler 1905-1946: et utvalg og en bibliografi. Nasjonalhjelpen til frihetskampens ofre, Oslo.
Smith, A. D. (1991): National Identity. Penguin, Harmondsworth.
– (1995): The Etnic Origins of Nations. Blackwell, Oxford.
Stråth, Bo (1994): ”The Swedish Path to National Identity in the Nineteenth Century”, i Øystein Sørensen (red.) Nordich Paths to National Identity in the Nineteenth Century. KULTs skriftserie nr. 22. Noregs forskingsråd, Oslo.
Sørensen, Øystein (1998): ”Hegemonikamp om det norske. Elitenes nasjonsbyggingsprosjekter 1770-1945”, i Øystein Sørensen (red.) Jakten på det norske. Perspektiver på utviklingen av en norsk nasjonal identitet på 1800-tallet. Ad Notam Gyldendal, Oslo.
Sørhaug, Tian (1996). Om ledelse. Makt og tillit i moderne organisering. Universitetsforlaget, Oslo.
Turner, Victor (1995). The ritual process, structure and anti-structure. Aldine de Gruyter, New York.
Van Gennep, Arnold (1960) (engelsk utgåve). The Rites of Passage. The University of Chicago Press, Chicago.
Wendt, Frantz (1978). Danmarks historie 1939-78. Politiken forlag, København.
Østergård, Uffe (1992): Europas Ansigter. Nationale stater og politiske kulturer i en ny, gammel verden. Rosinante, København.
– (1994): ”Nation-Building Danish Style”, i Øystein Sørensen (red.) Nordic Paths to National Identity in the Nineteenth Century. KULTs skriftserie nr. 22. Noregs forskingsråd, Oslo.
Aagedal, Olaf (1997): ”Sorga over folket si prinsesse”, i Etter Diana. Prinsessen som rørte ved sin samtid. Genesis forlag, Oslo.
